Gå til hovedinnhold
0
Jump to main content

Utviklar plantebasert drivstoff

Forskarar frå UiA samarbeider med Universitetet i Jaffna om å utvikle eit meir miljøvennleg drivstoff til køyretøy på Sri Lanka. 

Illustrasjon av rickshaws
Prosjektet har mål om å få Sri Lankas tradisjonelle rickshaw-køyretøy over på eit meir miljøvennleg drivstoff (Illustrasjon: Istcok.com).

– Det er stor etterspurnad etter drivstoff på Sri Lanka. Målet vårt er å erstatte bensin med ei meir miljøvennleg løysing. 

Professor Alfred Christy og førsteamanuensis Souman Rudra utviklar eit biodrivstoff sett saman av bioetanol og castorolje med mål om å bruke i motorane til rickshaws. 

Det seier Alfred Christy ved Institutt for naturvitskapelege fag på UiA. Han og kollega Souman Rudra frå Institutt for ingeniørvitskap på UiA arbeider saman med kollegaer ved Universitetet i Jaffna om å utvikle eit produkt som kan fungere i motorane til dei typiske trehjulingane på Sri Lanka. 

– På Sri Lanka og i nærliggande land er det mange motoriserte trehjulingar, også kalla rickshaws. Av omsyn til miljø er det viktig å få motorane i desse køyretøya over på eit meir miljøvennleg drivstoff, seier Christy.

Plantebasert 

Fornybart og meir miljøvennleg drivstoff blir ofte kalla biodrivstoff, og er framstilt av eit biologisk materiale. Produktet forskarane utviklar er ei plantebasert oljeblanding sett saman av bioetanol og Castoroil. Bioetanol blir framstilt av mais eller sukkerrøyr, mens castorolje er olje frå frøet i oljeplanten og blir utvinna ved kaldpressing. Blandingen har dei gitt namnet «Casahol». 

– Det vi ser er at desse to produkta saman gir ei smøreolje med unike eigenskapar, seier Christy. 

Nyleg gjennomførte forskarkollegaer ved Universitetet i Jaffna dei første testane på ein firetakts motorsykkel-motor. 

– Biodrivstoffet brann fult ut og oljeblandinga gav den nødvendige smørjinga som motoren treng for ikkje å bli øydelagt. Dette gjer oss optimistiske for utviklinga, seier Christy. 

Studentar kjem til UiA

Både Christy og Rudra er glade for positive resultat frå første fase av prosjektet. Til hausten kjem to studentar frå Jaffna på Sri Lanka til UiA for å arbeide vidare med biodrivstoff-prosjektet. 

– Studentane er allereie involverte i prosjektet på Sri Lanka og kjem her for å utforske det vidare, seier Christy.

Studentane skal vere på UiA i tre månader. Christy og Rudra planlegg at dei skal forske og teste ut oljeblandinga på ulike motorar her i Noreg. Både snøfresarar og grasklipparar i Noreg har liknande motorar som trehjulingane på Sri Lanka. 

Her forskarane og studentane i prosjektet samla i verkstedet på Sri Lanka. Frå venstre:  ingeniør S.H.I.Hameed, proffesor A. Christy, D.S.D.Kumara (student), H.P.H.P. Lakmal (student), ingeniør U. Anuraj, Dr.(Mrs).T. Thanihaichelvan og professor A. Atputharajah.

Her forskarane og studentane i prosjektet samla i verkstedet på Sri Lanka. Frå venstre: ingeniør S.H.I.Hameed, proffesor A. Christy, D.S.D.Kumara (student), H.P.H.P. Lakmal (student), ingeniør U. Anuraj, Dr.(Mrs).T. Thanihaichelvan og professor A. Atputharajah.

Samarbeidspartnarar 

Kompetansen og metoden kan studentane bringe med seg tilbake og vidare teste på Sri Lankas rickshaws. Målet med prosjektet er også å kommersialisere løysinga dei kjem fram til. Her er det ifølgje Christy store moglegheiter for kommersielle partnarar. 
– Vi er alltid på utkikk etter samarbeidspartnarar, både fagleg og kommersielt. Etter gode resultat tidleg i prosjektet, har vi også noko å vise til, seier Christy. 

 

Under kan du sjå eit klipp frå dei første testane av biodrivstoffet i ein motor på Universitetet i Jaffna på Sri Lanka: