0
Hopp til hovedinnhold

– Utveksling gir opplevingar for livet

Det seier studentar som tek eit semester eller to i utlandet. Stadig fleire UiA-studentar ønsker å studere i utlandet. 

Hanne Kristensen og Jenny Guo Strømsnes, foto
UiA-studentane Hanne Kristensen og Jenny Guo Strømsnes møtte kvarandre i England i vår. Dei oppfordrar alle til å dra på utveksling (foto: Sissel Eikeland).
Tidlegare utvekslingsstudentar på stand, foto

Tidlegare utvekslingsstudentar står på stand og representerer landet og universiteta dei utveksla til (foto: Sissel Eikeland).

– Utveksling gir minner for livet. Det er ei unik oppleving som du vil hugse og leve på i lang tid, seier Hanne Kristensen, 3.års-student på utviklingstudiar. 

Onsdag 28. august sto Kristensen og studievenninna Jenny Guo Strømsnes saman med andre tidlegare utvekslingsstudentar på stand i vrimlehallen på Campus Kristiansand. Der representerte dei landet og universitetet dei reiste til.

Kristensen og Strømsnes utveksla til University of Exeter i England dette vårsemesteret. Det var også der dei blei kjende. No svarar dei på spørsmål ifrå studentar som er interesserte i utveksling.

– På utvekslinglærer ein mellom anna fag og språk, men ein lærer óg seg sjølv å kjenne på ein annan måte enn ein gjer her heime. Det er menneska og opplevingane saman med andre som vi sitt mest igjen med. Vi møtte andre studentar ifrå heile verda, seier Strømsnes. 

Mange land å utveksle til

Internasjonal avdeling på stand, foto

Internasjonalt kontor på stand for å svare på spørsmål om utveksling. Frå venstre; Janne Strøm-Fladstad, Aase Galteland, Elisabeth Grant og Tonje Nielsen Rørly (foto: Sissel Eikeland).

Det første studentane må tenke på er kva land dei ønsker å reise til. UiA har partnarar over heile verda som UiA-studentar kan utveksle til. 

– Å reise på utveksling i løpet av studietida er lett, og alle kan klare det. UiA har mange tilbod og dei hjelper godt til for at du skal komme dit du ønsker, seier Strømsnes.

På standen møtte fleire hundre nysgjerrige studentar fram for å få informasjon om utveksling. Ei av desse var lærarstudenten Anne Mari Knarud. 

– Eg vil på utveksling for å lære språk, kultur og utvikle meg sjølv. Eg ønsker å dra til et engelskspråkleg land for å kunne bruke dette i ettertid som engelsklærar, seier Knarud. 

Jamn auking for utveksling frå UiA

Janne Strøm-Fladstad

UiA har tilbod for utveksling til dei fleste studiar, seier Janne Strøm-Fladstad, rettleiar på internasjonalt kontor på UiA.

Janne Strøm-Fladstad, rettleiar på internasjonalt kontor på UiA, fortel at det stadig er fleire studentar som ønsker å reise på utveksling. 

– UiA har mange tilbod for utveksling og vi er der for å hjelpe gjennom heile prosessen. Berre i haust sender vi ut kring 320 studentar. Til våren reiser opp mot 100 studentar til ut,seier Strøm-Fladstad. 

Dei fleste studiar på UiA har eit tilbod om utveksling som er over tre månadar. Der er nokon unntak på grunn av nasjonale reglar. 

Søknadsfristar

Studentar som ønsker å dra på utveksling må vere ute i god tid. Søknadsfrist for utreise på våren er 15. september. For utreise i haustsemesteret og utveksling i eit heilt studieår, er søknadsfristen 15. februar. 

Ta kontakt med internasjonalt kontor for spørsmål om enkelte studiar eller les meir her.

Send studiet på mail