0
Hopp til hovedinnhold

Universitetsstyret: Studentombod blir permanent ved UiA

Sidan juni 2017 har Universitetet i Agder hatt eit studentombod for alle studentar. Universitetsstyret vedtok denne veka at ordninga med studentombod skal gjerast permanent.

Studentombod Eirik Andreassen Mo har kontor i D3 - campingvogna - eller Jacob Aalls hus, som er det offisielle namnet.

Studentombod Eirik Andreassen Mo har kontor i D3 - campingvogna - eller Jacob Aalls hus, som er det offisielle namnet.

Studentombodet har som hovudoppgåve å gje studentar råd og hjelp i saker knytta til deira studiesituasjon. Studentombodet har teieplikt i alle saker, men kan ta saker vidare om studenten det gjeld samtykkjer til vidareformidling av opplysningar.

Studentombodet sin oppgåve er også å rettleie studentane i samanheng med klager, bidra til løyse saker på lågast mogleg nivå i organisasjonen, bringe saker fram for overordna styringsorgan og bidra i universitetets kvalitetssikringsarbeid.

I innstillinga til universitetsstyret skriv universitetsdirektør Seunn Smith-Tønnessen at ho ser på ordninga med studentombod som vellukka og anbefaler at ordninga gjerast permanent. 

For å utøve rollen som studentombod er det sentralt at studentombodet er ein uavhengig stilling ved universitetet og ikkje underlagt nokon instruksjonsmyndighet.

Det er Eirik Andreassen Mo som er studentombod ved Universitetet i Agder i dag.

Studentombodet vil tilsettast i ei åremålsstilling for ein periode på 5 år, med moglegheit for forlenging i éin periode, til saman maksimalt 10 år. Organisatorisk vil studentombodet vere ein del av Personal- og organisasjonsavdelinga, kor ombodet vil få fleire kollegaer med juridisk kompetanse.   

Per i dag er det ikkje lovpålagt å ha studentombod. Kunnskapsdepartementet har likevel nå sendt på høyring forslag om lovfesting av ordninga med høyringsfrist 30.11.2018.

Kartlegging av mobbing og trakassering

Universitetsstyret vedtok at det skal gjennomførast ei kartlegging av mobbing og trakassering for tilsette, basert på spørsmål som er utarbeida av UHRMOT.

Det nasjonale universitets- og høgskolerådet har tidlegare satt ned ei arbeidsgruppe mot mobbing og trakassering i universitets- og høgskolesektoren (UHRMOT). Arbeidsgruppa blir leia av rektor ved Universitetet i Agder Frank Reichert.

I mandatet skal arbeidsgruppa utarbeide spørsmål til bruk i forbindelse med kartlegging av arbeids- og læringsmiljø i UH-sektoren. Spørsmåla frå arbeidsgruppa tar utgangspunkt i spørsmåla som ligg i den nasjonale SHOT-undersøkinga (studentane si helse- og trivselsundersøking) som gjennomførast blant studentane. Spørsmåla omhandlar mobbing, trakassering og kjennskap til institusjonanes varslingsrutinar.

UHR sitt styre har kome fram til at det er opp til institusjonane å vedta og å gjennomføre kartlegginga. Det er tatt eit initiativ til at fleire institusjonar kan samarbeide om gjennomføringa av undersøkinga, og både Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen og Kunsthøgskolen i Oslo har foreløpig sagt ja til ei samla kartlegging, mens fleire andre institusjonar har gitt positive signal.

Eit hovudmål med ein mest mogleg samla nasjonal kartlegging er å få økt kunnskap om omfanget av seksuell trakassering ved norske universiteter og høgskoler. Det er i dag gjort svært lite forsking på dette feltet nasjonalt.

- Det vil være betydelig betre å gjennomføre ei samla undersøking av mobbing og trakassering for heile landet. Det vil gi oss meir samanliknbare tall enn om ein gjennomfører mange ulike lokale undersøkingar. Eg håper mange institusjonar vil delta i den felles kartlegginga, seier UiA-rektor Frank Reichert.   

Les meir om UHRMOT sitt arbeid:

Send studiet på mail