0
Hopp til hovedinnhold

Universitetet tilset studentar som skrivehjelparar

Biblioteket ved UiA startar skriveverkstad der studentar skal gi råd til nye studentar om å lese og skrive akademiske tekstar.

Styret ved UiA har for i år sett av 1,1 million kroner for at studentar skal få hjelp med akademisk lesing og skriving. Biblioteket har fått ansvaret for å etablere og drifte tiltaket, her ved universitetsbibliotekar og medlem av prosjektgruppa Dina Møll Schoder og bibliotekdirektør Jesper Christian Mørch ved UiA.

– Biblioteket tilset studentane og gir dei ei innføring i akademisk lesing og skriving. Deretter skal studentane rettleie ferske studentar.

Det seier Jesper Christian Mørch. Han er bibliotekdirektør ved Universitetet i Agder (UiA) og ansvarleg for prosjektgruppa ved biblioteket som no etablerer skriveverkstader ved Campus Grimstad og Campus Kristiansand. 

Allereie i vår skal Mørch tilsetje fleire studentar i deltidsstillingar som lese- og skrivehjelparar.

Utdanningssatsing

Skriveverkstadene vert etablerte som ein del av UiA-satsinga Læring og utdanning for framtida (LUF). Styret ved UiA har for i år gitt 1,1 million kroner i tilskot til prosjektet. Biblioteket har ansvaret for å etablere og drifte tilbodet.

– Dette er ikkje ei teneste biblioteket står for aleine. Fleire vitskapleg tilsette ved UiA er med i ei referansegruppe for prosjektet. Dei har ei viktig oppgåve med å spele inn forslag til korleis skriveverkstadene skal fungere i praksis, seier Mørch.

Mørch understrekar at dei vitskaplege tilsette ved fakulteta sit med grunnkompetansen om akademisk lesing og skriving.

Vil ha fleire med

Han oppdmodar fleire professorar og andre vitskapleg tilsette til å ta kontakt for å verte ein del av referansegruppa. 

– Dei vitskapleg tilsette må vere med og leggje premissa for opplegget. Saman skal vi syte for at studentane vi tilset, har den kunnskapen og dei ferdigheitene om akademisk lesing og skriving som er nødvendig på universitetsnivå, seier Mørch.

Han understrekar at skriveopplæringa ikkje er knytt til enkeltfag, men gjeld for akademisk lesing og skriving generelt, og uavhengig av fag.

Samarbeidsprosjekt

I tillegg til bibliotekdirektøren består prosjektgruppa for skriveverkstadene av universitetsbibliotekarane Erik Adalberon, Stefan Fisher-Høyrem, Ingrid Galtung og Dina Møll Schoder.

Prosjektgruppa har ansvaret for å lære opp studentane og hentar inn nødvendige ressursar frå Pedagogisk utviklingssenter (Puls) og dei vitskapleg tilsette i referansegruppa. Puls skal mellom anna lære opp studentane i rettleiarrolla.

– Den fagspesifikke skrivekompetansen må framleis kvart fakultet handtere. Fagleg rettleiing og korrektur inngår ikkje i arbeidet til studentane ved skriveverkstadene, seier Schoder. 

Planen er no å gjennomføre eitt til to møte med referansegruppa før stillingane som skrivehjelparar vert utlyste.

– Prosjektgruppa får ansvaret for å lære opp dei tilsette studentane om kva for lese- og skriveferdigheiter dei skal leggje vekt på når dei gir råd til andre studentar, seier Schoder.

Ho minner om at arbeidsmodellen med ein skriveverkstad knytt til biblioteket, der studentar rettleiar andre studentar, er ein velprøvd modell ved andre universitet og høgskular i Noreg og internasjonalt.

Referansegruppa

Universitetslektor Sverre Tveit, pedagogikk

Førstekonsulent Håkon Reinertsen, Tilretteleggingskontoret

Nestleiar Pernille K. Rist-Christensen, Studentorganisasjonen i Agder (STA) 

Førsteamanuensis Gunhild Kvåle, nordisk og mediefag

Universitetslektor Ingeborg Eidsvåg Fredwall, nordisk og mediefag

Førsteamanuensis Frida Forsgren, visuelle og sceniske fag

Førsteamanuensis Øyvind Tønnesson, historie

Dosent Petter Mathisen, PULS

Førsteamanuensis Arngrim Hunnes, økonomi

Universitetslektor Gunnvor Almlie, ingeniørvitskap

Professor Elling Bere, folkehelse, idrett og ernæring  

Instituttleder Hilde Johannessen, Samfunnsvitskap, sosiologi og sosialt arbeid

Professor emerita Marit Aamodt Nielsen, nordisk

Førsteamanuensis Ingrid Kristine Hasund, framandspråk og omsetting

Send studiet på mail