0
Hopp til hovedinnhold

Ulik tilnærming til nettbasert undervisning i Skandinavia

I Noreg er tilnærminga styresmaktene har til digital undervisning, tydelegare enn i Sverige og Danmark.

Illustrasjonsfoto av student med PC
ULIKT I SKANDINAVIA: Tilnærminga til digital undervisning er ulik i Noreg, Sverige og Danmark. (Ill. foto: Colorbox)

Det viser eit eige temanummer av Nordic Journal of Digital Literacy, Nordens største forskingstidsskrift om IKT-pedagogikk, som er gjesteredigert av forskarar frå Universitetet i Agder.

Temanummeret er eit resultat av ein større workshop om digital transformasjon innan høgare utdanning i Norden (korleis digitalisering endrar høgare utdanning), som vart arrangert gjennom Cedit – Senter for digital transformasjon ved UiA, i fjor, og blir lansert gjennom eit eige webinar 25. januar i år, der fokus er på digital læring i Norden før og etter Covid 19.

Delta på webinaret her!

Styresmaktene viktig i Noreg

Cathrine Edelhard Tømte, foto

Professor Cathrine Edelhard Tømte.

– I Noreg speler styresmaktene ei tydelegare sentral rolle i digitaliseringa innanfor høgare utdanning. Dette gjer at vi til dømes ikkje kan snakke om ein eigen skandinavisk modell for tilnærming til digital undervisning, seier professor Cathrine Edelhard Tømte (bilete) ved UiAs Institutt for informasjonssystemer. Saman med førsteamanuensis Vito Laterza ved Institutt for global utvikling og samfunnsplanlegging og professor Romulo M. Pinheiro ved Institutt for statsvitenskap og ledelsesfag, er ho gjesteredaktør av temanummeret. 

Engelsk i Sverige og Danmark

Professoren fortel at den norske tilnærminga er prega av store, nasjonale satsingar, og ofte retta mot store grupper – til dømes mot etter- og vidareutdanning av lærarar. I slike storskalasatsingar er det mogleg å legge stor vekt på eit nasjonalt perspektiv, som til dømes inkluderer at digitale undervisningsopplegg blir lagt til rette for norske forhold og blir gjennomført på norsk.

Slik er det i same grad ikkje i Sverige og i Danmark. Der er universiteta og dei høgre utdanningsinstitusjonane meir overlate til seg sjølv i arbeidet med å utvikle digitale utdannings- og undervisningstilbod.

– Dette gjer at dei oftare støttar seg til internasjonale amerikanske og britiske utdanningsplattformer som Coursera og Futurelearn. Og sjølv om store delar av eit tilbod blir utvikla i Sverige eller Danmark, og av svenske eller danske universitet, er målgruppene til plattformene internasjonale. Eit av følgja er då at undervisningsspråket nesten utan unnatak er engelsk, seier Cathrine Edelhard Tømte.

Aukande interesse for store, opne nettkurs 

UiA-professoren fortel òg at Covid 19 har ført til ei merkbar aukande interesse for nettkurs og digital undervisning. Ikkje så rart, kanskje, i og med at studentane i verda har måtte støtte seg svært mykje på nettbasert undervisning det siste året. På UiA til dømes, skjer all undervisning nettbasert no og minst fram til 25. januar.

– Ja, det kan sjå slik ut. Nettbaserte kurs, både fjernundervisningskurs og det som på engelsk kallast MOOC, er i seg sjølv ikkje nye. Det vart arbeidd mykje med ulike variantar av MOOC for ti år sidan, men interessa dabba noko av. Men sidan pandemien stengte ned mange campusar verda over i mars i fjor, har nettbasert undervisning vorte noko alle studentar og undervisarar må støtte seg til. Dermed har merksemda rundt ulike former for nettbasert undervisning og også MOOC auka igjen, seier Cathrine Edelhard Tømte.