Fagmiljøet ved UiAs Institutt for rytmisk musikk er blant seks utvalde finalistar som tevlar om å bli nytt nasjonalt Senter for framifrå utdanning.
Det var 28 kandidatar som søkte om status som Senter for framifrå utdanning (SFU) i 2022. Seks av søknadene er med vidare. Blant dei seks finalistane er Institutt for rytmisk musikk ved Fakultet for kunstfag på Universitetet i Agder (UiA).
Instituttet søkjer SFU-status med prosjektet CreaTeMe, som skal fremje og vidareutvikle kreativ bruk av teknologi i musikkutdanningane. Dekan Marit Wergeland ved Fakultet for kunstfag meiner at finaleplassen er å rekne som ein siger i seg sjølv:
– Eg er svært stolt over at vår søknad er blant dei seks finalistane. Det er ei fantastisk anerkjenning av kompetansen i vårt fagmiljø, seier ho.
I løpet av september vil ekspertkomiteen som er oppnemnt av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) reise på institusjonsbesøk til finalistane. Etter besøka vil komiteen tilrå kven av søkjarane som bør få status som nye Senter for framifrå utdanning. Endeleg tildeling av senter-status skjer innan utgangen av 2022.
Leiar for den internasjonale ekspertkomiteen som vurderer søknadene, professor Rolf Hughes, uttalte til hk-dir.no i juni i år at finalistane har klart å kombinere visjonar med gode og konkrete planar. Fleire av søknadene har nyskapande, tverrfaglege tilnærmingar til viktige problemstillingar.
– Det er ei brei geografisk spreiing av finalistane, som viser at det ikkje berre er i enkelte storbyar at framifrå miljø finst, sa Hughes til HK-dir.no.
(Kjelde: diku.no)
På Fakultet for kunstfag førebur dekan Wergeland og alle involverte ved Institutt for rytmisk musikk seg no på besøk frå ekspertkomiteen. Wergeland understrekar at arbeidet som alt er lagt ned i SFU-søknaden vil ha stor verdi uansett utfall.
– Det er mykje som ligg til rette for at vårt fagmiljø kan bli eit drivkraftsenter innan kreativ bruk av teknologi i musikkutdanninga både nasjonalt og internasjonalt. Vi skal vidareutvikle miljøet og kompetansen uansett kva som skjer i tildelingsprosessen seinare i år.
Ho peikar også på at instituttet over tid har arbeidd målretta og systematisk med å utfordre eksisterande utdanningsmodellar og å legge til rette for entreprenørskap og studentaktiv læring.
– Instituttet er prega av endringsvilje og engasjement rundt å gi studentane ei framtidsretta utdanning. Dette er særleg viktig når studentane skal ut på ein arbeidsmarknad i stadig endring, der teknologien både utfordrar og gir moglegheiter, seier Wergeland.