Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

UiA-teknologi inn i kampen mot korona-viruset

Kunstig intelligens utvikla på Universitetet i Agder blir no brukt til å gå gjennom 29.000 vitskaplege artiklar om Covid-19. Målet er å lage ein kunnskapsplattform for helsepersonell.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Illustrrasjon av helsepersonell
Nytt verktøy utvikla med teknologi og forsking frå Anzyz Technologies og Senter for kunstig intelligens ved UiA skal hjelpe helsepersonell å avgjere om pasientar er smitta av Covid-19.

– Vi er glade for at teknologien vår kan bidra til å hindre utbreiinga av koronaviruset. Teknologien vår kan konsumere store mengder data og lage oversikt over mykje informasjon raskt, seier Ole-Christoffer Granmo, professor i kunstig intelligens ved Institutt for IKT ved Universitetet i Agder (UiA). 

Ole-Christoffer Granmo er professor i kunstig intelligens, leiar av CAIR på UiA og gründer av Anzyz Technologies.

Ole-Christoffer Granmo er professor i kunstig intelligens, leiar av CAIR på UiA og gründer av Anzyz Technologies.

Granmo er leiar av Centre for Artificial Intelligence (CAIR) og gründer og eigar av selskapet Anzyz Technologies i Grimstad. Anzyz Technologies eig teknologien som nå blir tatt i bruk og har fått oppdraget med å utvikle tenesta.

Teknologien i Anzyz Technologies kan lære ein datamaskin å forstå ulike språk og hurtig lese gjennom 29 000 fagartiklar om korona. 

– I løpet av få dagar vil maskinen vår ha oversikt og innsikt i eit fagleg tema – i denne samanheng om korona-viruset, seier Granmo.

Målet er å gi helsepersonell ein kunnskapsbase der dei kan finne oversikt over symptom og kartlegge risikoen for at ulike pasientgrupper er smitta. Det er stort behov for hjelp til å avgjere om nokon er smitta av korona eller ikkje. 

Granmo forklarar at det er utfordrande for helsepersonell å få oversikt på alle symptom og risikoar ved Covid-19. Det blir forska på dette heile tida og til no ligg det føre 29.000 artiklar om viruset.

Tidlegare erfaringar kjem til nytte

Anzyz Technologies har tidlegare hatt forskingssamarbeid med Sørlandets sjukehus (SSHF) der dei saman utvikla eit klinisk diagnostiseringssystem for legane. Teknologien blei då brukt til å finne ut om ein pasient hadde allergi mot legemiddel i samband med operasjonar. 

– No bruker vi den same teknologien i til å lese gjennom artiklane om Covid-19. I prosjektet med SSHF lærte kunstig intelligens-teknologien og maskinen vår seg den medisinske termologien. Dette hugsar teknologien framleis, noko som gjer arbeidet raskare denne gongen, seier Granmo. 

Første prototype ferdig

I samarbeid med sjukehus i Noreg og Microsoft er no den første protoypen er ferdig. 

– No gjeld det berre å gjere den best mogleg på mest effektiv måte. Responsen og samarbeidet med sjukehusa har heldigvis vore veldig god, seier han.