Gå til hovedinnhold
0
Jump to main content

UiA-student fekk pris på internasjonal konferanse

Masteroppgåva til Henrik Brådland vart kåra til den beste på INTAP-konferansen som nyleg gjekk over tre dagar på Universitet i Agder.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Bilete av Henrik Brådland som mottar ein sjekk på 10.000 kroner.
Masteroppgåva til UiA-student Henrik Brådland vart kåra til beste studentoppgåve i den internasjonale konferansen INTAP 2021 ved UiA Campus Grimstad.

Av Gunnar Langeland 

­Mens Henrik Brådland fekk prisen for beste framlegg basert på masteroppgåver, fekk førsteamanuensis Filippo Sanfilippo besteprisen for presentasjonen av sin forskingsartikkel i konkurranse med forskarar frå inn og utland.

– Dette såg eg ikkje komma. Eg er veldig overraska, seier tidlegare UiA-student Henrik Brådland

Masteroppgåva og presentasjonen hans overtalte juryen. Den vart kåra til den beste studentoppgåva under den internasjonale teknologikonferansen INTAP (International Conference on Intelligent Technologies and Applications).

INTAP er ein internasjonal konferanse om intelligent teknologi og applikasjonar. Årets utgåve er den fjerde av sitt slag, og den første som UiA arrangerer. Tidlegare har konferansen vore arrangert i Pakistan og Gjøvik.

38 studier presentert

Konferansen varte over tre dagar og hadde totalt 90 deltakarar. Fleire anerkjente forskarar var med, blant anna japanske Dr. Shugen MA og italienske Dr. Domenico Prattichizzo.

Årets utgåve vart arrangert av UiA og OsloMet i Grimstad på UiA. I løpet av konferansen vart det presentert 38 studiar om ulik bruk av såkalla intelligent teknologi. 

Bilete av Filippo Sanfilippo, leiar av konferansen.

Av totalt 249 innleverte forskingsartiklar vart 38 presenterte på INTAP 2021.

Brådland sin artikkel delte sigeren med artiklar frå to andre studentar. Ei frå Universitetet i Tsukuba, og ein frå Danmarks Tekniske Universitet.

Brådland presenterte ein forenkla versjon av masteroppgåva si for juryen. Her la han fram korleis kunstig intelligens kan bli brukt til å lære opp robotar i korleis bilbatteri er bygd opp. Målet er at prosessen med å resirkulera batteria kan bli automatisert.

– Som ein konsekvens av det grøne skiftet vil det bli fleire bilbatteri som må resirkulerast. Desse batteria er avanserte, og det er i dag ikkje lønsamt å plukke dei frå kvarandre for hand. Ein vil derfor trenge smarte robotar som kan forstå korleis eit bilbatteri er bygd opp, og korleis ein tek dei frå kvarandre, seier Brådland. 

Oppgåva hans vart skrevet ferdig våren 2021. Brådland seier støtta frå Universitetet i Agder skal ha mykje av æra for at oppgåva vart så god.

– Eg har hatt to veldig gode rettleiarar som eg møtte kvar veke. I tillegg fekk vi bruke ein stor robot, og vi disponerte vår eigen lab. Det at UiA har valt å bruke så mykje ressursar på studentane si forsking har vore avgjørande for oppgåva mi.

 

Desse fekk pris for forskingsartiklane sine:

Best Student Papers: Hina Suzuki, Hanxiong Chen, Kazutaka Furuse og Toshiyuki Amagasa for artikkelen: Dense Nearest Neighborhood Query.

- Wenjing Dai, Xiufeng Liu, Alfred Heller og Per Sieverts Nielsen for artikkelen: Smart Meter Data Anomaly Detection using Variational Recurrent Autoencoders with Attention.

- Henrik Bradland, Martin Choux og Linga Reddy Cenkeramaddi for artikkelen: Point Cloud Instance Segmentation for Automatic Electric Vehicle Battery Disassembly.

Best paper: Filippo Sanfilippo, Tomas Blažauskas, Martynas Girdžiūna, Airidas Janonis, Eligijus Kiudys and Gionata Salvietti for artikkelen: A Multi-Modal Auditory-Visual-Tactile e-Learning Framework.

Viktig konferanse

Mens Henrik Brådland kunne glede seg over at masteroppgåva fekk pris, kunne Filippo Sanfilippo seie seg nøgd både med prisen for eiga forsking og ein vellykka konferanse.  

– Eg er veldig nøgd med det vi har fått til. Konferansen gjekk veldig bra, og vi har fått gode tilbakemeldingar frå deltakarane. Vi har hatt veldig interessante forskarar med oss, anten har dei vore fysisk her i Grimstad eller via video, seier Sanfilippo. 

Bilete av Filippo Sanfilippo, leiar av konferansen.

Leiar for INTAP-konferansen, Filippo Sanfilippo, kunne smile både for ein vellykka konferanse, og for å vinne prisen for beste forskingsartikkel.

Målet med konferansen er å tilby eit internasjonalt respektert forum for vitskapleg forsking i dei databaserte metodane og teknologiane for kollektiv intelligens og deira applikasjonar. 

Filippo Sanfilippo meiner konferansen er viktig for Universitetet i Agder.

– INTAP er ein viktig arena for UiA til å etablere nye kontaktar med andre universitet. Slik kan vi på ein enkel måte få til eit samarbeid mellom studentaktiviteter og forsking som fungerer for begge partar, seier Sanfilippo.