Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

UiA representert i regjeringas Mannsutval

Leiar for Senter for likestilling ved Universitetet i Agder, Åsta Lovise H. Einstabland, skal delta i regjeringas Mannsutval. Ho håpar arbeidet til utvalet vil gjera at me snakkar meir om utfordringane gutar og menn har.

Foto av Einstabland.
I Mannsutvalet: Leiar for Senter for likestilling, Åsta Lovise H. Einstabland.

Mannsutvalet er utnemnt av Regjeringa, og skal greia ut likestillingsutfordringane gutar og menn har i Noreg. Utvalet har 17 medlemmer som skal jobba saman fram til våren 2024 med å laga ei heilskapleg oversikt og foreslå tiltak.

Utvalet blir leia av Claus Moxnes Jervell, som til dagleg er fagleg sekretær i Fellesforbundet og som også har bakgrunn frå Likestillings- og diskrimineringsombodet. Blant medlemmene er også Åsta Lovise H. Einstabland, leiar for Senter for likestilling ved Universitetet i Agder.

Vil setja dagsorden

– Det er ei spennande moglegheit å få delta. Det er over 30 år sidan førre mannsutval, og det har hatt mykje å seia for korleis me ser på farsrolla i dag, seier ho.

Einstabland seier at det har skjedd endringar i mannsrolla sidan det førre utvalet.

– Me må vera opne for å finna ut kva som ligg i mannsrolla i dag. Det å få moglegheita til å djupdykke i tematikken knytt til likestillingsutfordringane til gutar og menn i eit livsløpsperspektiv blir veldig spennande, seier ho.

Utvalet er breitt samansett med representantar som har ulike bakgrunnar, erfaringar, kunnskap og kompetanse. Det meiner Einstabland er ein styrke.

– Eg håpar at likestillingsutfordringar og det som eventuelt bidreg til utanforskap bland gutar og menn blir sett på dagsordenen ikkje berre i utvalet, men også i andre samanhengar. Kanskje utfordringane til gutar og menn kan bli ein snakkis, seier ho.

Må takast på større alvor

Mannsutvalet skal levera ei offentleg utgreiing med oversikt over kva likestillingsutfordringar menn møter gjennom livet, og forslag til løysingar.

Dette inkluderer område som familie, utdanning, arbeidsliv, fritid, helse, vald og seksuell trakassering, integrering og alderdom. Utvalet skal også foreslå konkrete tiltak som vil bidra til eit likestilt samfunn.

– Me ønskjer at alle, uavhengig av kjønn, skal ha moglegheita til å leva frie og sjølvstendige liv. Då må me ta dei særskilde likestillingsutfordringane menn har på større alvor, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen i ei pressemelding.

Ho nemner som døme at fleire gutar slit på skulen, at fedrar oftare må kjempa for å bli anerkjend som fullverdige omsorgspersonar for barna sine. Ministeren er óg inne på at gutar og unge menn ibland får ansvaret for å passa på søstrene sine og verna om æra til familien. Ho peiker óg på at sjølvmordstala er høgare hos menn enn hos kvinner.

– Me må finna ut meir om kvifor det er slik og kva me kan gjera med det, seier ministeren.