Gå til hovedinnhold
0
Jump to main content

UiA-professor Ilmi Willbergh vert ny hovudredaktør i fagblad

Saman med Pål Aarsand har Ilmi Willbergh teke over redaktøransvaret i Nordisk tidsskrift for pedagogikk og kritikk.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Bildet viser professor Ilmi Willbergh i Vrimlehallen ved UiA, campus Kristiansand.
UiA-professor Ilmi Willbergh er ny redaktør av Nordisk tidsskrift for pedagogikk og kritikk.

Redaktørparet Ilmi Willbergh og Pål Aarsand er begge professorar i pedagogikk. Ho frå UiA og han frå Norges teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). Dei starta som hovudredaktørar i vår.

Førsteamanuensis Dag Nome ved UiA er éin av seks med-redaktørar i redaksjonskomiteen til tidsskriftet.

I sin første leiarartikkel understrekar hovudredaktørane at eit kritisk perspektiv på den pedagogiske forskinga er viktig for magasinet.

– Vi vil ha forskingsartiklar som stiller spørsmål ved det som vert tatt for gitt. Tidsskriftet skal vere ein en diskusjonsarena for gode vitskaplege forteljingar om pedagogisk praksis på mange felt, seier Willbergh.

Nordisk tidsskrift for pedagogikk og kritikk  er eit vitskapleg tidskrift som publiserer fagfellevurderte artiklar på norsk, svensk, dansk og engelsk på nettet. Tidsskriftet er gratis tilgjengeleg for alle, altså eit open access-tidsskrift.

Bladet vart etablert i 2015 og er eit ungt tidsskrift. På relativt kort tid har det vorte eit anerkjent medium for publisering av fagartiklar og bokmeldingar.

Tidsskriftet er fagfellevurdert. Det inneber at artiklane er kvalitetssikra av vitskapleg kvalifiserte lesararar og at artiklane i tidsskriftet gjeld som vitskaplege publiseringar. Unntaket er bokmeldingar, men heller ikkje dei kjem på utan at redaktørane har lese dei med argusauge.

Tverrfagleg mangfald

Willbergh minner om at pedagogikken er eit vitskapsfelt som utnyttar kunnskap frå fleire fagtradisjonar. Faget er i sitt vesen tverrfagleg og arbeider med utgangspunkt i historie og filosofi så vel som psykologi, sosiologi og samfunnsfag.  

– Eit sentralt utgangspunkt for arbeidet vårt er å akseptere det tverrfaglege mangfaldet i faget pedagogikk, seier ho.

Dette legg også dei nye redaktørane vekt på i sin første leiarartikkel. Der vert pedagogikken forklart som ein vitskapleg disiplin som studerer og produserer kunnskap om korleis menneske vert forma og utvikla i sosiale, kulturelle, historiske og materielle samanhengar.

Bidlet viser professor Ilmi Willbergh ved datamaskinen sin.

Nordisk tidsskrift for pedagogikk og kritikk vert publisert på nettet. Her les Ilmi Willbergh dei sist publiserte artiklane.

– Forskingsfeltet innanfor pedagogikken er både læreplanar og leik i barnehagen. Vi forskar på ungdommar og digitale spel så vel som utvikling av kunnskap i arbeidslivet. Pedagogikk dreiar seg om meir enn det som går føre seg i barnehage, skule, universitet og høgskule, seier Willbergh.

Ønskjer fleire essay

Dei nye redaktørane er opptekne av å publisere eit mangfald av tekstar. Dei klassisk vitskaplege artiklane dominerer feltet, men dei vil gjerne ha fleire vitskaplege essay og bokmeldingar òg.

– Begge teksttypane bidreg til  kritisk og levende diskusjon om pedagogiske problemstillingar. Om vi skal spegle mangfaldet innanfor faget, må vi óg ha tekstar som er skrivne innanfor ulike tradisjonar, seier ho. 

Ho viser til at nordiske pedagogikk-forskarar orienterer seg i fleire retningar. Nokon arbeider med samfunnsvitskap og legg vekt på kvantitative studiar; andre forskar på grunnlagsproblem og gjennomfører kvalitative studiar.

– Det er ikkje slik at den eine tradisjonen er betre enn den andre. Men dei er ulike, og målet vårt er å spegle mangfaldet og breidda i den pedagogiske forskinga, seier Willbergh.

Humanistisk-historisk start

Her kan det skytast inn at professor emeritus Lars Løvlie, som starta dette tidsskriftet, tilhøyrer den humanistisk-historiske tradisjonen med vekt på grunnlagsproblem. Ein av grunnane til at han starta bladet, var å skape meir plass til essay og artiklar i den tradisjonen.

– Same kva for tradisjon ein forskar og skriv i, skal alle artiklane ha eit kritisk perspektiv på samfunnet og eiga forsking, seier den ferske redaktøren.

Ilmi Willbergh håper redaktøransvaret óg kan gjere pedagogikkmiljøet på UiA enda meir synleg blant i utdanningssektoren og blant folk flest.