0
Hopp til hovedinnhold

UiA og MIL i printedugnad for å hjelpe Sørlandet sykehus

3D-printaren i mekatronikklabben og Mechatronics Innovation Lab (MIL) ved UiA printar store mengder smittevernmasker til bruk av helsepersonell på Sørlandet sykehus. No etterlyser dei fleire som kan bidra. 

Bilde av smittevernmaske til helsepersonell
Mekatronikklabben på UiA og Mechatronics Innovation Lab (MIL) søker fleire til å 3D-printe smittevernmasker for helsepersonell på Sørlandet sykehus.

– Det er stort behov for fleire smittevernmasker. Vi har teknologien og oppskrifta, men vi har ikkje kapasitet til å dekke heile behovet i marknaden. Vi etterlyser derfor fleire i mekatronikk-miljøet som kan bidra med sine 3D-printarar, seier Bernt Inge Øhrn, dagleg leiar av Mechatronics Innovation Lab AS (MIL).

Bilde av Bernt Inge Øhrn som er dagleg leiar på MIL.

Bernt Inge Øhrn er dagleg leiar på MIL. 

Det var i førre veke at Sørlandet sykehus (SSHF) tok kontakt med MIL om behovet for smittevernmasker som kan hindre dråpesmitte av Covid-19. Etter nokre prøvar på ulike utformingar blei ønska design og funksjon bekrefta av SSHF denne veka. Desse er no i produksjon i labben på MIL og i mekatronikk-labben på UiA der studentane vanlegvis held til.

MIL ligg også på UiA Campus Grimstad og er eit nasjonalt senter for innovasjon, pilotering og teknologi-kvalifisering innan mekatronikk og andre nærliggande fagområde. Labben er særleg retta mot offshoreindustrien. I begge labbane har dei mykje forskjellig utstyr, mellom anna 3D-printarar som kan printe smittevernmasker. 

– Vi er glade for at vi har denne teknologien og kan bidra til å hjelpe i denne pandemien, seier Øhrn.

Bilde av smittevernmasker 3D-printa på UiA.

Smittevernmasker 3D-printa på UiA.

Sprengt kapasitet

Maskene hindrar dråpesmitte og dette er det stor etterspurnad etter no. Sørlandet sykehus og Grimstad kommune har allereie lagt inn på bestilling på 1000 stykk kvar. 

– Det kjem til å komme fleire bestillingar, seier Øhrn. 

Maskinane deira er av dei mest avanserte i heile Noreg, men dei rekk berre å produsere omkring 30 stykk om dagen. Dei håper derfor at fleire ser moglegheita og bidrar med teknologien dei har. 

Øhrn peiker på at ein ikkje treng ein avansert printar for printe desse smittevernmaskene.  

– Ein av fordelane med desse maskene er at dei er enkle å printe og krev enkle maskinar. Det er volum som er den største utfordringa no, seier han. 

Dei som ønsker å bidra å printe kan ta kontakt med MIL-leiaren for meir informasjon. 

SSHF er føre var

Øyvind Holme ved SSHF leiar planlegginga av utstyr og legemiddel til sykehuset under koronautbruddet. Han er takksam for at 1000 masker no er i bestilling hos ein lokal leverandør.

Bilde av Øyvind Holme from SSHF

Øyvind Holme ved Sørlandet sykehus leiar planlegginga av utstyr og legemiddel til sykehuset under koronautbruddet.

– Vi er sikra fortløpande levering av maskene, og det gir ein tryggheit i denne situasjonen. Det er truande mangel på slikt utstyr, og vi veit ikkje kor mykje vi vil trenge framover. No er vi føre var, seier han.

Smittevernavdelinga ved SSHF har godkjent maskene, som går under haka. Det blir laga bruksrettleiing, og snart skal helsepersonell prøve dei ut.

Etter at denne saken gjekk ut har Undervisningsverkstedet på UiA også blitt med i printdugnaden. Dei har fått oppskrifta frå MIL og satt igong deira to printarar.