0
Hopp til hovedinnhold

UiA med på utviklinga av riksdekkjande avis

Ni institusjonar skal saman gjere Khrono til ei nasjonal avis for universitets- og høgskulesektoren.

Ni aktørar frå frå universitets- og høgskulesektorengår saman om å utvikle Khrono. Khrono-redaktør Tove Lie foran. (Bak frå venstre): Stabssjef Per Eirik Lund, Universitetet i Sørøst-Norge, prorektor ved Høgskulen på Vestlandet Liv Reidun Grimstvedt, universitetsdirektør Ole Ringdal, Universitetet i Sørøst-Norge, direktør Tore Hansen ved OsloMet, prorektor Bjarne Foss ved NTNU, fungerande kommunikasjonsdirektør ved UiA Øivind Moen Eskedal frå Universitetet i Agder, universitetsdirektør Jørgen Fossland ved UiT, universitetsdirektør Kjell Bernstrøm ved Universitetet i Bergen og avdelingsdirektør Hanna Ekeli fra Universitetet i Oslo. Foto: Ketil Blom Haugstulen.

I dag er Khrono ei nettavis som OsloMet gir ut. Avisa la frå starten av vekta på aktivitetar ved storbyuniversitetet. Redaktør Tove Lie har samtidig hatt nasjonale ambisjonar – ambisjonar som nå kan bli realiserte.

– Med dette ønskjer me å bidra til ei positiv utvikling for Khrono som ei kvalitetsavis som kan ta opp viktige saker om universitet og høgskular og synleggjere heile sektoren nasjonalt, seier fungerande kommunikasjonsdirektør ved UiA, Øivind Eskedal, som signerte avtalen på vegner av universitetet.

Ni aktørar

Eit styremøte ved Høgskolen i Oslo og Akershus (nå OsloMet) i 2017 opna for fleire eigarar i Khrono. Fredag 25. januar i år skreiv representantar for ni institusjonar under på utviklingsavtalen som skal leggje grunnlaget for framtida for Khrono: 

  • Høgskulen på Vestlandet (HVL)
  • NTNU
  • OsloMet – storbyuniversitetet (OsloMet)
  • Universitetet i Agder (UiA)
  • Universitetet i Bergen (UiB)
  • Universitet i Oslo (UiO)
  • Universitetet i Stavanger (UiS)
  • Universitetet i Søraust-Noreg (USN)
  • Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (UiT)

Skal bli mest mogleg fristilt

UiA forpliktar seg i avtalen til å bidra med eit årleg driftstilskott på 300.000 kroner. Avtalen gjeld for perioden 2019 – 2021, og avisa skal framleis vere ei eining ved OsloMet inntil vidare.

Målet er at Khrono, etter at dei tre åra har gått, skal etablere seg som ei sjølvstendig eining, mest mogleg fristilt frå institusjonane. Ei arbeidsgruppe skal utover året arbeide med å finne ein høveleg organisasjons- og finansieringsmodell for avisa. Modellen skal sikre redaksjonell uavhengigheit og meir likeverd mellom avtalepartane.

Vil satse internasjonalt

Det var ein stor dag for redaktør Tove Lie. Ho fortalde institusjonane om sine visjonar for Khrono, og sa at avisa med avtalen får meir legitimitet. Redaktøren vil halde fram med å leggje vekt på samarbeid med studentar, debatt og internasjonalt stoff. Ho ønskjer snarleg å tilsetje ein korrespondent i Brussel for å bidra til det siste.

Med seg for å stake ut kursen for avisa får ho eit styre leia av Tore Tungodden, assisterande direktør ved Universitetet i Bergen. Dei resterande styremedlemmane blir klare innan kort tid.

Synleggjering i heile landet

Frå før er UiA medeigar i forskning.no som legg vekt på formidling av forskingsresultat.

– Me ser den viktige rolla forskning.no har fått for synleggjering av forsking i Noreg, og ønskjer at Khrono skal få ei minst like viktig rolle for andre stoffområde knytte til vår sektor, seier Eskedal.

Han understrekar at UiA ikkje skal bidra med redaksjonelt innhald til avisa.

– Redaktøren og journalistane i Khrono arbeider etter Ver varsam-plakaten, og dei skal framleis produsere innhaldet i avisa, seier Eskedal. 

Send studiet på mail