Gå til hovedinnhold
0
Jump to main content

UiA lanserer Colletts kafé

UiAs Fakultetet for humaniora og pedagogikk etablerer ein ny arena for formidling av fag og forsking. Colletts kafé vert første gong arrangert på Teateret i  Kristiansand tysdag 19. oktober klokka 20.00.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Dag Øystein Nome, foto

Førsteamanuensis Dag Øystein Nome er første kafégjest på Colletts kafé.

Av: Gunnar Langeland

Planen er å arrangere tre-fire samlingar på kveldstid i Teateret i Kvadraturen kvart semester. Der skal forskarane formidle kunnskap til eit bredt publikum i ein uformell atmosfære.

Agnes-Margrethe Bjorvand, foto

Universitetslektor Agnes-Margrethe Bjorvand er kafévert på den første samlinga med Colletts kafé.

Samlingane er gratis. Den første samlinga er allereie tysdag 19. oktober på Teateret i Kongens gate. Kafëvertar er førstelektor Erik Mustad og universitetslektor Agnes-Margrethe Bjorvand.

Barnehageforskar Dag Øystein Nome er første kafégjest. Han er oppteken av vilkår for barndom og leik. Han er også oppteken av barn i tidleg barndom og deira naturlege og spontane måtar å vere saman på.

Det er ein del forskarar i barnehagemiljøet som er bekymra for at barnehagen vert for lik skulen. Blant dei er Dag Øystein Nome. Han og andre meiner barnehagen fort kan blir for oppteken av resultat, måling, kompetanse og læringsutbytte. Slike problemstillingar vert tema på den første samlinga.

Erik Mustad, foto

Førstelektor Erik Mustad er kafévert på den første samlinga med Colletts kafé.

Tematikken er relevant for alle som har barn, dei som jobbar barnehagen og alle som er interesserte i barn og oppvekst, og i utdanning og danning.

Følg med på Facebook for kommande kafekveldar.