0
Hopp til hovedinnhold

UiA i forskingssamarbeid med CERN

– Dette vil skape mykje forskingsaktivitet hos oss på fleire fagfelt, seier Michael Rygaard Hansen. 

Bilde av CERN
UiA er første universitet i Skandinavia som har inngått forskingssamarbeid med CERN og deira CMS-eksperiment som eit assosiert medlem (foto: CERN/Sophia Elizabeth Bennett).

Rygaard Hansen er dekan på Fakultet for teknologi og realfag ved Universitetet i Agder (UiA). 

Foto Michael Rygaard Hansen, dekan på Fakultet på teknologi og realfag.

Michael Rygaard Hansen er dekan på Fakultet på teknologi og realfag.

– Samarbeidet med CERN gir oss eit unikt nettverk for kunnskapsutveksling med forskarar innan fleire fagfelt. Det vil også skaffe studentane våre spennande og relevante bachelor- og masterprosjekt i samarbeid med anerkjente internasjonale forskarar, seier Rygaard Hansen.

CERN er ein europeisk organisasjon som samarbeider med land, universitet og organisasjonar verda over om forsking på elementærpartikkelfysikk, kjernefysikk og kjernekjemi. Eksperimenta i CERN går føre seg 100 meter under bakken i ein 27 kilometer lang tunnel.

UiA er no medlem av CERN CMS, og avtalen er inngått mellom Fakultet for teknologi og realfag og CERNs CMS-eksperiment. CMS-eksperimentet er eit av tre eksperiment i den 27 kilometer lange tunnelen. CMS-eksperimentet dreier seg mellom anna dreiar om å detektere partiklar for verdas største og kraftigaste akselerator, Large Hadron Collider (LHC). 

I første omgang inneber samarbeidet forskings- og utviklingsprosjekt i fagområda kunstig intelligens, mobilkommunikasjon, mekatronikk og fornybar energi. 

FAKTA CERN OG CMS-EKSPERIMENTET

CERN er ein europeisk organisasjon som samarbeider med land, universitet og organisasjonar verda over om forsking på elementærpartikkelfysikk, kjernefysikk og kjernekjemi. Forskinga er av reint vitskapleg og fundamental karakter. 

UiA har inngått samarbeide med CERN i Compact Muon Solenoid-eksperimentet (CMS). 

CMS-eksperimentet er 100 meter under bakken i ein 27 kilometer lang tunnel. Eksperimentet er eit av tre forskingseksperiment som oppdagar partiklar frå verdas største og kraftigaste akselerator med namn Large Hadron Collider (LHC). I tunnelen hamrar dei protonar saman i ekstreme omgjevnadar. 

LHC har allereie kravt samarbeid mellom 10 000 forskarar og ingeniørar. Higgs partikkel er mest kjende forskingsresultat og gav i 2013 nobelpris.

CERN held til i Geneve, Sveits med 2600 tilsette. 

I tillegg er det årleg rundt 6500 forskarar frå omkring 500 universitet i 80 land som oppheld seg ved CERN i kortare eller lengre perioder for å delta i spesielle forskingsprosjekt.

Det er 23 medlemsland av CERN. 

Det er ulike medlemsnivå for samarbeid. UiA er første universitet i Skandinavia som har inngått samarbeid som eit assosiert medlem på nivå 1 i CMS-eksperimentet. 

3D illustrasjon av CERN

Eksperimenta i CERN går føre seg 100 meter under bakken i ein 27 kilometer lang tunnel (foto: CERN).

Kunstig intelligens

Ifølgje Rygaard Hansen er CERN stadig ute etter nye forsking- og utviklingssamarbeid med andre universitet og forskingsmiljø. CERN har hatt kontakt med UiA i fleire år, men det er først no at avtalen er formell og konkretisert. Dei har blitt spesielt merksame på UiA etter samarbeid med toppforskingssenteret Senter for forsking på kunstig intelligens (CAIR).

foto Christian Omlin er professor i kunstig intelligens ved Institutt for IKT ved UiA.

Christian Omlin er professor i kunstig intelligens ved Institutt for IKT ved UiA.

CERN generer store mengder med data som dei treng hjelp til å handtere. Dette kan professor Christian Omlin og hans kollegaer i CAIR. 

– Vi har kompetanse på maskinlæring. Det vil sei å bruke statistiske metodar med datamaskinar til å sjå mønstre i store mengder med data, seier Omlin. 

CERN har mange eksperiment og bruker sensorar til å fange opp data om eksperimenta. Sensorane feilar av og til, og dette vil CERN hindre. I prosjektet får CAIR tilgang til data og bruker maskinlæring til å finne mønstre der sensorane feilar. Ved å kjenne til funksjonsfeil vil kvaliteten på data auke. 

Omlin er glad for eit spennande prosjekt og peikar på UiAs superdatamaskiner som kan handtere store mengder data på ein rasjonell og effektiv måte. 

– Vi har både forskarkapasitet og infrastruktur til å hjelpe CERN med dette, seier Omlin.

Styrker SFI-søknad

Samarbeidet styrker også CAIR som no søker Noregs forskingsråd om å bli Senter for framifrå forsking (SFI). Eit SFI-prosjekt inneber finansiell støtte over fleire år og krev mellom anna at ein har mange relevante nasjonale og internasjonale forskingspartnarar med på laget.

– Med CERN som samarbeidspartnar på ein slik søknad stiller vi sterkare. Eit langsiktig samarbeid er viktig - både for CERN, oss og den søknaden, seier Omlin. 

Med CERN på laget utvidar CAIR eit allereie omfangsrikt nettverk for kunnskapsutveksling med forskarar innan kunstig intelligens frå heile verda.

Studentprosjekt

I samarbeid med Universitetet i Bath deltar UiA også i eit prosjekt for å bygge eit nytt kjølesystemdesign for CMS-detektor. Førsteamanuensis Souman Rudra er ansvarleg for dette projektet. Et bachelorprosjekt frå fornybar energi er også involvert i dette. 

UiA og studentane vil lage eit fullt instrumentert referansemåling satt opp for å etterligne CO2-kjølesystemet som vil bli brukt til CMS-detektoren i løpet av dei neste 3-4 åra. Dei håper denne forskningq også vil vere mogleg for norsk gass- og oljeindustri å bruke då dei også ønsker å skifte mot fangst og utnyttelse av CO2 for å redusere CO2-utslipp.

– Dette er berre starten av det vi kan få til saman med CERN, seier Omlin.