Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

UiA-forskarar med i prislønna prosjekt

Ei bok frå forskingsprosjektet Worlds of Journalism vann nyleg prisen Best Book Award 2020 i tidsskriftet International Journal of Press/Politics. To UiA-forskarar bidreg i prosjektet.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

UiA-forskarane Kenneth Andresen og Abit Hoxha deltek i det prislønna prosjektet Worlds of Journalism.
UiA-forskarane Kenneth Andresen og Abit Hoxha deltek i det prislønna prosjektet Worlds of Journalism.

Prosjektet undersøker korleis journalistrolla fungerer og er i endring i ei rekke land i verda. Boka som vann pris er basert på den andre runda med rapportar i prosjektet, og tek føre seg om lag 60 land. Boka har nesten 40 medforfattarar – og to av dei er tilsette ved UiA. Dosent Kenneth Andresen og doktorgradsstipendiat Abit Hoxha har vore involverte i prosjektet i fleire år.

– Forskingsprosjektet starta i 2012, med ambisjonar om å samanlikne journalistiske kulturar, arbeidsførehald og haldningar på tvers av mange nasjonar, og å undersøkja om det finst internasjonale trendar, fortel Andresen.

– Før dette prosjektet fanst det få ikkje-vestlege perspektiv. Alle indikatorane vart målt mot ein standard av tradisjonell vestleg journalistikkforsking og vestlege verdiar. Dette prosjektet er unikt i at det ser på verdiar på ein heilt annan måte – du kan samanlikne Malaysia med Kosovo, til dømes, seier Hoxha.

Forskingsgruppa har brukt mykje tid på å utvikle ein metodologi som gjer dette mogleg. Like ord kan ha heilt ulike betydningar i ulike språk og kulturar, og for å kunne samanlikna må ein ta høgde for dette.

Denne boka vann prisen Best Book Award 2020 i tidsskriftet International Journal of Press/Politics.

Denne boka vann prisen Best Book Award 2020 i tidsskriftet International Journal of Press/Politics.

Eit demokratisk prosjekt

Worlds of Journalism er det største samanliknande journalistikk-prosjektet i verda. Og det veks. No er om lag 70 land med i prosjektet, og dette er venta å stige til 100 i tredje runde i prosjektet som startar neste år. Datasetta med resultata skal bli opna opp også for andre forskarar med ulike interesser og fagfelt.

– Eit interessant aspekt ved prosjektet er at det er demokratisk finansiert – det er ikkje finansiert frå toppen og ned, det er dei ulike landa som finansierar det. Vi to forsøkjer til dømes å finansiere oss sjølv og vårt arbeid i Kosovo. Det er eit samarbeidsprosjekt både i metode og økonomi, fortel Hoxha.

UiA er partnar i prosjektet, og er ein av organisasjonane som bidreg med finansiering, mellom anna til Hoxha og Andresens feltarbeid i Kosovo. For dei fattigare landa som deltek finst det nokon midlar sentralt i prosjektet som gjer at dei kan delta.

– Prosjektet har vekst båe ved at land har ønskja å delta, men også ved at vi har ønskja betre dekning i ein region. Til dømes i Vest-Afrika har få land blitt representert, så da har vi forsøkt å rekruttera, seier Andresen.

Totalt er omtrent 27 000 journalistar intervjua i forbindelse med andre runde av prosjektet, som altså resulterte i den prisvinnande boka. Og som sagt, i neste runde blir dei fleire. Men målet er ikkje berre høgst mogleg volum.

– Mi meining er at det ikkje er naudsynt å legge så mange fleire land til prosjektet med mindre det er uvanleg interessante land. Nord-Korea og andre stengde land til dømes, områder som stikk seg ut. Målet i det vidare er å gå djupare ned i kvart enkelt land og dei ulike tema. Vi er til dømes i gang med å undersøkja temaet sikkerheit – korleis vi ser på det og kva sikkerheit betyr for journalistar i heile verda, fortel Hoxha.

Eit døme på korleis data frå studia kan brukast for å samanlikne ulike land.

Eit døme på korleis data frå studia kan brukast for å samanlikne ulike land.

Journalistrolla i endring

Andresen og Hoxhas bidrag til boka er ei komparativ studie av arbeidsforhold på tvers av studia. Det handlar om bakgrunnen til journalistane, kor dei kjem frå, og kva slags rettar og tilsettingsførehald dei har. I prosjektet har dei ansvar for Kosovo. Dei er også involvert i forsking på ei rekkje andre land som deltek i prosjektet.

– Journalistikken er i endring, og under angrep verda over. Vi kan sjå i statistikken at arbeidsførehalda blir hardare, det er fleire åtak på journalistikken, også frå politisk hald, anklagar om «fake news», «alternative fakta» og så vidare. All denne kritikken gjer at vi vil undersøkja kva som skjer med sjølve profesjonen, fortel Andresen.

Med eit heildigitalisert samfunn aukar truslane. Personvern, trakassering og mobbing på nett, ting som ikkje var eit stort problem for 10-15 år sida, er aukande. Kanalane har opna for å arbeide globalt, men det går begge vegar. Trugslane blir også globale. Personvern på nett er ein reell trugsel for journalistar, fortel Hoxha.

– Og dette arbeidet er viktig ikkje berre for journalistar, men for politikarar og internasjonale organisasjonar, journalistforbund og så vidare. Dette er ikkje forsking som blir publisert i journalar og gløymd, det er anvendeleg, seier Hoxha.

Viktig for UiA-studentar

Andresen omtalar prislønninga er svært oppmuntrande. I dette feltet er det ein anerkjend pris, og journalen som gir han ut er ei av dei høgst rangerte i kommunikasjons- og mediestudiar. Det har fått mye merksemd, som er bra for prosjektet, fortel Andresen.

– Det er også ei anerkjenning av at eit prosjekt ein samarbeid om med gode kollegaer over tid har gitt resultat, seier han.

Og sjølv om UiA ikkje har sitt eige journalistikkstudie, er det ikkje tvil hos Andresen om at det er nyttig også for UiA-studentar.

– Kommunikasjonsstudentane ved UiA skal samarbeide med og arbeide opp mot presse og journalistar. Dei treng å vite mykje om journalistikk for å gjere dette på ein god måte, og dei treng ei forståing av korleis journalistrollen fungerer og korleis den er i endring. Da kan dette prosjektet gje unik innsikt, avsluttar Andresen.