Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

UiA-forskarar leverer undervisningsopplegg til Holocaust-senteret

Forskarar ved UiA har brukt vel eit år på å utvikle og prøve ut eit nytt undervisningsopplegg om demokrati og framandfrykt, bestilt av Holocaust-senteret.  

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Forskarane Aslaug Kristiansen (frå venstre), Kristin Endresen, Helen Eikeland og Åse Haraldstad reiser 26. november til Holocaust-senteret i Oslo og presenterer nye undervisningsopplegg om demokrati og medborgarskap.

– Studentane skal ikkje berre få meir teoretisk kunnskap om demokrati, men også praktisk erfaring med korleis ein kan undervise om demokrati og framandfrykt i ein skule prega av mangfald, seier Aslaug Kristiansen.

Ho er professor ved Institutt for pedagogikk på Universitetet i Agder (UiA) og leiar av forskargruppa Demokratisk mobilisering (Demo), som ho sjølv var med og starta i 2015.

Det siste året har gruppa mellom anna arbeidd med å utvikle undervisningsopplegg om demokrati for Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (Holocaust-senteret).

Undervisningsopplegget vert ein del av prosjektet Dembra, som er finansiert av Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet. Dembra arbeider for å styrkje den demokratiske kompetansen til norske elevar ved å levere gratis kurs og rettleiing til skulane rundt om i landet.

– Demokrati er ikkje berre å gå til val og stemme, men handlar òg om dialog og sameksistens på tvers av ulike klasser, religion og livssyn, seier Kristiansen.

No er sluttrapporten levert og 26. november dreg forskarane til Oslo for å leggje fram undervisningsopplegg for Holocaust-senteret og statsråd Jan Tore Sanner.

– Undervisningsopplegget vårt skal bidra til å styrke den demokratiske kunnskapen til studentar i lærarutdanningane. Demokrati vert ikkje etablert og oppnådd ein gong for alle, men er noe kvar ny generasjon må lære og realisere på ny, seier Kristiansen.

Demokratisk opprusting

Målet med undervisningsopplegga er å ruste lærarstudentane til å utvikle demokratiske og fredsskapande verdiar i den framtidige undervisning si. Dei skal lære seg pedagogiske arbeidsmåtar som set dei i stand til både å undervise og praktisere demokrati.

UiA-pedagogane Kristin Endresen, Åse Haraldstad og Helen Eikeland har saman med Kristiansen utvikla undervisningsopplegga.

– Vi har vore interessert i rolla demokratiet har i lærarutdanninga og i klasserommet. Som pedagogar har vi ønskt å sjå på den praktiske utøvinga av demokrati i skulen. Våre undervisningsopplegg har handla mindre om demokrati som politisk styreform og meir om korleis ein i skulen kan byggje opp ei robust haldning til demokrati og medborgarskap, seier Kristiansen.

Og ho er vel vitande om at demokrati og medborgarskap vert eitt av fire kjerneelement som skal gjennomsyre alle fag i grunnskulen når den nye læreplanen, Fagfornyinga 2020, vert innført neste haust.

Fellesskapen i klasserommet

Lærarstudentar på andre- og tredjeåret i lærarutdanninga og bachelorstudentar i pedagogikk på UiA er blant dei som har prøvd undervisningsopplegga. Til samen har rundt 200 studentar delteke i undervisninga.

Pedagogane har særleg arbeidd med metodar for å styrke fellesskapsdimensjoner og inkluderande relasjonsarbeid i klasserommet.

– Vår oppgåve er å gi studentane innsikter og undervisningsmetodar dei kan ta med seg vidare når dei vert lærarar, seier Kristiansen.

Læraren og dialogen

Pedagogane ved UiA knyter undervisningsopplegga i demokratiutvikling til to overordna modellar. Den eine dreiar seg om å utvikle lærarintegriteteten, den andre om å vektleggje undring og dialog i ein undersøkjande fellesskap.

– Læraren er avgjerande for eit læringsmiljø som motiverer og bidrar til at elevene lærer og utviklar seg. Læraren er rollemodell og skal både undervise i demokrati og praktisere det i møte med eit mangfald av elevar i skulen, og da må læraren vere trygg på å handtere dette mangfaldet, seier førsteamanuensis Helen Eikeland.

Byggje på studenterfaringa

– Ungdommen er oppteken av demokrati, og det er bra i ei tid der det vert sagt at demokratiet er truga og ungdommen ikkje bryr seg, seier førsteamanuensis Kristin Endresen.

Ho er oppteken av at lærarstudentane utviklar seg til å verte trygge lærarar som tør å ta i bruk dei mangslungne erfaringane til alle elevar i ein multikulturell skule.

– Kritisk tenking er ein nøkkel for å utvikle reelt demokratisk sinnelag. Lærarstudentane må lære seg å sjå fleire sider av ei sak. Det er ein grunnleggjande eigenskap dei skal lære vidare til sine elevar når dei vert lærarar, seier Endresen.

Å utvikle sin kritiske sans samtidig som ein er vár overfor det andre meiner er ein demokratisk dyd ein må trene på.

Filosofisk tilnærming

Universitetslektor Åse Haraldstad viser til den utforskande og filosofiske samtalen som ein treningsmetode både for kritisk tenking og demokratisk haldning.

– Dialog er ikkje å vinne ein debatt, men å lytte på andre og formulere eigne standpunkt, seier Haraldstad.

Ei av oppgåvene ho gir studentane er at dei skal  gjenta standpunkta til andre.

– Det høyrest kanskje lett ut, men det er ei ganske vanskeleg oppgåve å gjengi motparten rettferdig og utan å tolke inn eigne meiningar i det. Dette vert det dagleg synda mot i den offentlege debatten, seier Haraldstad.