Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

UiA-forskar sparkar i gang samspel med Start

Doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Agder vil skape betre fotballspelarar av Start-mannskapet.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Henrik Robstad løper, foto
Spelarane gjennomførde to sprintløp á 30 meter. Her er Henrik Robstad i farta.

– Skal eg springe no? spør Henrik Robstad.

Nei, ikkje riktig enno. Han skal sjekke beinhelse og muskelmasse først. Deretter må han varme opp skikkeleg, og så kan han springe.

Atle Thunshelle og Per Thomas Byrkjedal, foto

Atle Thunshelle (t.v.) er ansvarleg for den fysiske treninga av Start-spelarane og ser fram til samarbeidet med UiA-forskar Per Thomas Byrkjedal.

Torsdag 3. september vrimla det av Start-spelarar på Spicheren. Dei kom i tur og orden – Skålevik, Børufsen, Robstad, Schulze og resten av spelarane – frå klokka åtte om morgonen til åtte på kvelden for å teste fart, spenst og kraft.

– Vi ønskjer å samarbeide med fagfolk på Universitetet i Agder og få så profesjonell oppfølging av spelarane våre som mogleg, seier Atle Thunshelle, som er ansvarleg for den fysiske treninga i Start.

Ved hjelp av testane får trenaren mellom anna informasjon som gjer at han kan lage individuelle treningsopplegg for spelarane.

Sjefen for testane er doktorgradsstipendiat Per Thoms Byrkjedal ved Fakultet for helse- og idrettsvitskap ved Universitetet i Agder (UiA).

Det ambisiøse og langsiktige målet er å finne ut korleis Start kan utvikle spelarane til å verte enda betre, seier Byrkjedal.

Mikroelektronikk med GPS

Start har allereie mikroelektronisk verktøy der dei kan følgje med på løpslengde og intensitet til spelarane under kamp og trening.

Verktøyet er ein avansert skritteljar med GPS og ligg i ei lomme på ein tynn vest. Vesten liknar på ein sports-bh, og ulike variantar av slike verktøy vert i dag brukt av så å seie alle profesjonelle fotballag. GPS-en kan til dømes observere om spelarane spring langt nok, fort nok og om kva for belasting ulike spelsystem og forskjellig kamputvikling gir.

– Informasjonen vi no får kan vi mellom anna bruke til belastningsstyring av treningane, vi kan følgje med på intensiteten i kamp og utviklinga til enkeltspelarar, seier Thunshelle.

Langvarig samspel

For å følgje med på utviklinga av enkeltspelarane, vert det no inngått eit langvarig samarbeid mellom UiA og Start. Utviklinga og oppfølginga av testane vert ein del av doktorgradsarbeidet til Byrkjedal.

– Dette er starten på eit større og langvarig samarbeid med Start, seier Byrkjedal.

Seinare i haust skal han teste b-laget, studere forskjellar mellom a- og b-spelarane, gjennomføre nye testar og følgje med på om individuelt tilpassa treningsopplegg for spenst og styrke gir framgang for spelarane.

Førsteamanuensis Hilde Lohne Seiler ved UiA har gjennomført ein liknande studie av menn over 60 år.

Spenst, styrke og fart

Erlend Segberg, foto

Erlend Segberg gir alt han har i leggpress på Kayser-maskina.

Alle Start-spelarane brukte rundt ein og ein halv time på å kome seg gjennom testopplegget til Byrkjedal. Først er det analyse av kroppssamansetjing, deretter oppvarming og sprinttest, spentstest og leggpresstest.

Kroppsanalysen vert utfør på den avanserte røntgenmaskina iDXA, som mellom anna fortel om beinhelse, feittprosent, muskelmasse og muskeloppbygging.

Etter at iDXA-en har sagt sitt vert det sprintestar over 30 meter.

– Vi gjer testane innandørs på Spicheren, slik sikrar vi like forhold når vi gjer nye testar, seier Byrkjedal.

Spensttesten føregår med og utan strikk, mens muskelstyrken i leggar og lår vert prøvd i Kayser-maskina. 

– Vi er ikkje interessert i styrken aleine, men også kort fort spelaren produserer den krafta som skal til for å gjennomføre leggpress eller eit spensthopp, seier Byrkjedal.

Fart, kraft og ballkjensle

Henrik Robstad løper, foto

Henrik Robstad sprang nesten fortare enn sin eigen skugge på sprinttesten.

– Men vert du ei betre fotballspelar av denne hoppinga, spensten og fartstreninga, kor vert det av treninga med ballkjensla?

– Hehe, det er det hovudtrenar Joey Hardarson som tek seg av. Men det er klart du vert ein betre fotballspelar av å ha ein grunnleggjande god fysikk på plass, seier Thunshelle.

– Utan spenst, styrke og fart vert det vanskeleg å utvikle ballkjensla også, seier Byrkjedal.

Kjappare enn sin eigen skugge

Og no er også Henrik Robstad klar til å springe. Nei, han har visst allereie sprunge.

– Var det greitt, spør Robstad etter første sprinttest.

Visst var det greitt. Han sprang så fort at han knapt vart registrert då vi prøvde å ta bilde av han undervegs.