Gå til hovedinnhold
0
Jump to main content

UiA-forskar nominert til Amanda-pris

Trond Arntzen er universitetslektor og underviser på filmfordypinga i studiet Litteratur, film og teater. Manuset han har skrive til filmen «De berørte» er ein del av hans kunstnariske utviklingsarbeid – og nå altså nominert til Amanda-pris.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Frå filmen «De berørte». Foto: Torjus Thesen
Frå filmen «De berørte». Foto: Torjus Thesen

Oppdatering: Det blei ingen Amandapris på "De berørte", men filmen vann nyleg Best Nordic Short Film under Nordisk Panorama. Dette betyr at filmen no er kvalifisert for vurdering til Oscar-nominasjon.

– Det er jo morosamt med merksemda. Det er det ikkje så ofte ein får som manusforfattar. Det er gjerne regissørens film når han blir distribuert, fortel Arntzen.

Filmen har allereie vunne Timeglas-prisen for beste manus under Kortfilmfestivalen i Grimstad. I juryens grunngjeving heiter det mellom anna:

«Filmen er deilig uforutsigbar og morosam med overraskande karakterar som viser perspektiv det er lett å kjenne seg igjen i. Den utleverer oss som tilskodarar med våre sjølvopptekne forsøk på å ta dei rette vala i ein pressa situasjon.»

– Det har vore eit interessant prosjekt å jobba med, seier Arntzen, som har samarbeida med regissør Rikke Gregersen og produksjonsselskapet Them Girls Film om filmen.

Trond Arntzen, universitetslektor ved UiA.

Trond Arntzen, universitetslektor ved UiA.

Basert på verkeleg hending

Filmen er basert på ei verkeleg hending frå 2018. Den 21 år gamle studenten Elin Ersson gjekk om bord i eit fly i Gøteborg. Ho hadde på førehand bestemt seg for å aksjonera for å stansa ein deportasjon av ein afghansk asylsøkjar. Ho nekta å setje seg i setet sitt, for slik å hindra flyet i å letta. Aksjonen vart strima av Ersson på Facebook.

– Aksjonen gjekk viralt, han eksploderte på internett. Frå Erssons profil er videoen delt av 54 000 andre, han er vist 5,4 millionar gonger og kommentert 130 000 gonger. I tillegg kjem visningar på andre plattformar. Avisa Independent estimerte i oktober 2018 at han da hadde om lag 13 millionar visningar totalt, fortel Arntzen.

Ersson greidde å stoppa deportasjonen, for flypersonalet har ikkje myndigheit til å bruka makt for å fjerna ho frå flyet.

Ei rekke forteljingar om ein enkelt situasjon

Heile filmen er ei reise mellom ulike menneske – korleis dei responderer og reagerer, kva dei er opptekne av og så vidare. Flykapteinen fungerer som ein slags hovudperson.

– Utfordringa låg i forteljarperspektivet, og det er kanskje her det originale i filmen ligg. Vi forsøker å etablera publikum som ei form for karakter – det perspektivet skal vere til stades, ein må ta stilling til situasjonen som publikum. Det var interessant å arbeida med reint manusteknisk, korleis få det til, seier Arntzen.

Filmen er innom ei rekkje perspektiv – frå dei som berre er opptekne av om dei blir forsinka, til barnet som undrar på korfor far ikkje kan hjelpa, til dei som diskuterer kor trygt det eigentleg er i Kabul i desse dagar.

I filmen møter vi ei rekke ulike personar med ulike perspektiv på situasjonen som utfoldar seg i flyet. Skjermbilde frå filmen. Foto: Torjus Thesen

I filmen møter vi ei rekke ulike personar med ulike perspektiv på situasjonen som utfoldar seg i flyet. Skjermbilde frå filmen. Foto: Torjus Thesen

I dialog med aksjonen

I næraste framtid er filmen å sjå på ulike filmfestivalar rundt i heile verda. Det å vinna ein pris i Grimstad gjer at han er kvalifisert til mellom anna ein Oscar-nominasjon. Det gjer også at andre festivalar plukkar han opp og set han på programmet.

– Så får vi sjå om dei forstår denne litt merkelege nordiske humoren, flokkmentaliteten, og om det kommuniserer på tvers av kulturar. Det er også spanande å tenkja seg korleis Ersson vil respondera på dette, seier Arntzen.

Arntzen er oppteken av at filmen ikkje står som ei statisk forteljing, men er del av ein pågåande samtale om dei tema som filmen tek opp. Og han er opptatt av at kortfilmformatet er godt eigna til å fortelja andre historier på andre måtar enn dei «vanlege» filmane.

– Innanfor kortfilm kan ein eksperimentera på ein annan måte, og fortelje andre forteljingar. Ikkje berre passiviserande historier, men ein kan aktivisere publikum i mykje større grad og få dei til å ta stilling der og da, avsluttar han.

Amandaprisen 2020 blir delt ut den 14. august.