0
Hopp til hovedinnhold

UiA får 5 millionar for å utvikle nye undervisningsmetodar

Sju fagmiljø ved Universitetet i Agder går saman med eksterne aktørar for å utvikle nye undervisningsopplegg for lærarutdanninga ved universitetet

Artikkelen er mer enn ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Foto av prosjektleiarane Line Reichelt Føreland og Ingvild Bergan
Universitetet i Agder får 4 997 000 kroner for å utvikle nye læringsmetodar i gjennom forskingsprosjektet Studentaktiv læring i lærarutdanningane (STALU). Universitetslektor Line Reichelt Føreland (t.v.) og rådgjevar Ingvild Bergan deler på leiinga av prosjektet.

Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) delte  6. oktober ut til saman 70 millionar kroner til norske universitetet og høgskular.

Pengane skal gå til å utvikle undervisningsopplegg som aktiverer studentane under sjølve læringsprosessen. 

Diku fekk inn 86 søknader. UiA-prosjektet var blant dei 14 som nådde opp og får nærmare fem millionar kroner til å utvikle nye og studentaktive måtar å undervise og vurdere studentane på.

– Målet er å lage undervisningsmetodar som aktiviserer studentane på nye måtar. Vi skal mellom anna tilpasse undervisningsmetodane til fagfornyinga, dei nye læreplanane som vart innført denne hausten, seier universitetslektor Line Reichelt Føreland ved Fakultet for humaniora og pedagogikk ved Universitetet i Agder (UiA).

Saman med rådgjevar Ingvild Bergan ved Avdeling for lærarutdanninga skal ho styre utviklingsprosjektet Studentaktiv læring i lærarutdanningane. Prosjektperioden er på tre år frå januar 2021 til utgangen av 2023.

Brei prosjektgruppe

Sju fagmiljø ved UiA har delteke i utforminga av søknaden og skal bidra med å utvikle nye undervisningsopplegg. Det gjeld forskarar frå naturfag, samfunnsfag, nordisk, KRLE, engelsk, kunst og handverk og IKT og informasjonssystem.

I tillegg er fleire skular og kommunar i Agder med på prosjektet. Ei rekkje med eksterne aktørar som Microsoft, Returkraft og Eyde-nettverket deltek også.

– Eg trur vi fekk gjennomslag for søknaden på bakgrunn av eit truverdig tverrfagleg opplegg der også mange eksterne aktørar er involverte. I tillegg er opplegget vårt godt tilpassa krava i dei nye læreplanane om undervisning basert på aktiv deltaking frå elevane, seier Føreland.

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) la også vekt på tverrfagleg samarbeid i ei pressemelding frå regjeringa.

– Fleire av prosjekta har utvikling av tverrfaglege utdanningsprogram og digitale moglegheiter som viktige element. Dette er ein viktig del av regjeringas satsing på høgare kvalitet i utdanningane, sa Asheim.

Styrkjer lærarutdanninga

Eit av måla med prosjektet er å styrkje lærarutdanninga ved UiA, og slik bidra til å styrkje utdanninga i skulen

– Endring i skulen må først skje på universiteta der vi utdannar lærarar, seier Bergan.

Djuplæring og ei utforskande tilnærming til læring vert særleg vektlagt i fagfornyinga. 

– Studentaktiv læring dreiar seg om ein meir utforskande læringsmetode. Fagfornyinga legg vekt på at den enkelte elevene skal delta aktiv i eigen læringsprosess. Da må vi på universitetet utdanne lærarar som har fått utdanning innan slike læringsmetodar, seier Bergan. 

Deltakarane skal vurdere ulike arbeidsformer og utvikle nye fysiske og digitale arenaer for læring.   

Gruppa er allereie godt i gang med det digitale spelet Minecraft i samarbeid med Samisk høgskule i Kautokeino og Microsoft Education.

Både høgskulen og Microsoft vert med vidare i det nye prosjektet.