0
Hopp til hovedinnhold

UiA-emne vann pris for inkluderande læremiljø

E-læringsemnet Digital Kompetanse får anerkjenning for godt universelt utforma undervisning. Målet er å nå alle deltakarane med éi og same løysing.

Grafikk-bilde av eit e-læringsprogram
E-læringsemnet for tilsette i Statsped er utvikla etter prinsippa om universell utforming der ambisjonane er at UiA kan treffe alle deltakarane med éi løysing.

– Prisen signaliserer at vi er på rett vei med det vi driv med her på UiA. I framtida blir universell utforming heilt sentralt i både utforming og tilrettelegging av undervisning, seier Rune Andersen, førstelektor ved Institutt for informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) på UiA og prosjektleiar for e-læringsemnet saman med Kari Elin Bratteland frå Fakultet for teknologi og realfag.

Samskaping på tvers

Nøkkelen til suksessen med emnet har vore samarbeid på tvers av fakulteta og fagbakgrunn. 

Førstelektor Rune Andersen ved Institutt for informasjons- og kommunikasjonsteknologi på UiA er prosjektleiar for e-læringsemnet.

Førstelektor Rune Andersen ved Institutt for informasjons- og kommunikasjonsteknologi på UiA er prosjektleiar for e-læringsemnet.

– Kari Elin Bratteland har ansvar for det administrative arbeidet, og handterer alt det praktiske. Andersen og Institutt for IKT har ansvar for det faglege innhaldet. Mediesenteret har spilt inn videoane og hjelper med det tekniske for å få videoane til å fungere og vere brukarvennlege. Eg bidrar med min kompetanse innan spesialpedagogikk og universell utforming slik at innhaldet blir så tilgjengeleg som mogleg, seier Marianne Engen Matre, doktorgradsstipendiat ved Fakultet for humaniora og pedagogikk.

Studentane i emnet skal auke kompetansen av digitale verktøy til bruk i arbeid og i undervising. 

Andersen har utvikla emnet saman med Engen Matre og Mauricio Omar Cifuentes og Maren Schelbred Thormodsæter ifrå Mediesenteret på UiA. 

Prisen blei delt ut av eit EU-prosjekt om universell utforming av IKT og læring: "Towards Inclusive eLearning: Improving Accessibility of eLearning in Higher Education from Universal Design for Learning perspective" (TINEL). Prosjektet er eit samarbeid mellom Universell, HAMK, Lund universitet, Universitet i Jyväsjylä, Universitet i York, NTNU og Association of Finnish eLearning Centre. 

Nyleg var Andersen i Finland på Häme University of Applied Sciences (HAMK) på vegne av prosjektgruppa for å ta i mot TINELs pris for «best inclusive and flexible e-learning practices». 

Doktorgradsstipendiat Marianne Engen Matre ved Fakultet for humaniora og pedagogikk, har hatt ansvar for universell utforming i emnet.

Doktorgradsstipendiat Marianne Engen Matre ved Fakultet for humaniora og pedagogikk, har hatt ansvar for universell utforming i emnet.

– Prisen blei delt ut til oss for «best praksis». Dei ønska å synleggjere gode døme på universell utforming i undervising og inspirere fleire tilsette i universitetssektoren til å arbeide med utdanning som tek vare på mangfaldet av studentane, seier Andersen. 

Vidareutdanning for tilsette frå Statped

Emnet blei laga etter at UiA i 2017 vann anbod om å levere vidareutdanning for Statped sine 750 tilsette. I emnet får studentane grunnleggande opplæring i Office-programma, foto, video, nettvett og sikker lagring.

Tilsette i Statped representerer ei velkvalifisert gruppe med spesialistar mellom anna innan spesialpedagogikk. 

– For oss på UiA er det både utviklande og motiverande å samarbeide med Statped om vidareutdanning innan digital kompetanse, seier Andersen. 

Det har blitt utvikla eit eige e-læringsprogram med utgangspunkt i prinsippa for universell utforming for deltakarane frå Statped. Emnet er tilpassa ei samansett gruppe, som inkluderer personar med ulike funksjonsnedsettingar.

– Studentane er ei samansett gruppe med ulike funksjonsnedsettingar, til dømes redusert syn og høyrsel. Vi må derfor legge til rette for at alle blir inkludert, seier Andersen.

Emnet starta i 2018 og held fortsatt fram i læreplattforma Canvas. 

Tilrettelegging av undervising

– Universell utforming handlar om å utforme verktøy slik at vi tek omsyn til variasjonen i funksjonsevne hos deltakarane. Når vi lagar noko som er universelt utforma, når vi alle deltakarane gjennom éi og same løysing, seier Engen Matre. 

Engen Matre har vore ansvarleg for universell utforming i emnet. For ho var det viktig at alle grupper av tilsette frå Statped fekk tilbod om eit kvalitetsmessig og tilrettelagt emnet. 

– Vi er glade for at emnet har fungert så bra, og vi er takksamme for verdsettinga av arbeidet. Emnet skal vere tilrettelagt for alle, sjølv om ein har syn- eller høyrselshemmingar, seier Engen Matre. 

I emnet har alle videoane undertekstar. I særleg visuelle videoar utan anna skildring av innhaldet er det også lagt til beskrivande lyd. 

– Slik kan deltakarane både sjå og høyre det ein skal lære av videoen. Om ein ikkje kan sjå kva som skjer i videoen kan ein lytte til forklaringane av kva som hende, seier Engen Matre. 

Ettertrakta kompetanse

Prosjektgruppa ved UiA har skapt eit opplegg som andre universitet og høgskular ønsker å vite meir om. 

– Vi har sett universell utforming på agendaen, og har no eit fagmiljø som blir lytta til. No blir vi invitert på Universell sin nasjonale konferanse for å fortelle andre institusjonar om erfaringane våre, seier Engen Matre. 

Send studiet på mail