Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

UiA blir Noregs første Skravlekopp-universitet

Skravlekopp er eit nytt tiltak for å skape fleire arenaer der studentar og tilsette kan møtast, seier STA-leiar Kristian Fredrik Meyer Ødegård.

Bilde av en grøn Skravlekopp.
Skravlekoppane ser slik ut, og er tilgjengelige ved kaffeautomatane.

Skravlekopp er eit landsomfattande prosjekt som skal gjere det enklare å komma i kontakt med kvarandre. Konseptet er tidlegare innført på kafear, i bedrifter og på kjøpesenter, og nå kjem skravlekoppane til UiA.

– Me ønskjer å skape fleire gode møteplassar på universitetet. I kantina på Campus Kristiansand og i Gata på Campus Grimstad er det laga ei grøn skravlesone, kor studentar og tilsette kan ta ein grøn Skravlekopp. Ved å bruke desse koppane signaliserer du til andre at du er open for kontakt, og gjerne slår av ein prat, seier leiar for Studentorganisasjonen i Agder (STA,) Kristian Fredrik Meyer Ødegård.

Les mer om Skravlekopp her.

Skravlemånad

Frå 10. november til 10. desember arrangerast det «Skravlemånad», som ein del av «Ta campus tilbake»-satsinga etter at UiAs campus har opna igjen etter å ha vært stengt grunna pandemien. 

Bildet viser eit bord i kantina på Campus Kristiansand. Ved sida av bordet er det ein roll-up med informasjon om Skravlekopp.

Dette bordet i kantina på Campus Kristiansand er nå ei skravlesone.

– Starten på «Skravlekopp» var at Venke Knutson, som står bak prosjektet, observerte at to personar satt for seg sjølv på ein kafé. Ho spurde begge om ikkje dei ønskte nokon å snakka med, og det ønskte dei begge. Men me nordmenn er tilbakehaldne, og kan ha ein høg terskel for å kontakte kvarandre. Det er der Skravlekoppen er fin å ha, seier Meyer Ødegård.

Anbefalt av Regjeringa

Skravlesonene i kantina på Campus Kristiansand og i Gata på Campus Grimstad vil bli verande i tida framover, også etter at «Skravlemånaden» er over.

– Dette tiltaket vart blant anna anbefalt i Regjeringas folkehelserapport i 2019, og det fortset å spreie seg landet rundt. Vi håpar at studentar og tilsette tar det i bruk. Det fine med skravlesonene er at dei innbyr til ein prat, uavhengig om ein er kaffetørst eller ikkje, seier STA-leiar Kristian Fredrik Meyer Ødegård.