Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Trente med høg intensitet under kreftbehandling

Pasientar kan halde ved like kondisjon og styrke når dei trener under kreftbehandling. Det kjem fram i ei ny avhandling ved Universitetet i Agder. 

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Illustrasjon av mann som jogger
Det er trygt å trene for kreftpasientar. Dei som trenar med høg intensitet får meir igjen enn dei som trener med låg. Det kjem fram i Ann Christin Helgesen Bjørkes doktoravhandling (Foto: Colourbox).

– Vi veit frå før at det ikkje er farleg å trene når du får behandling for kreft. Denne studien viser dessutan at du får litt meir igjen for å trene med høg intensitet, seier Ann Christin Helgesen Bjørke

Ann Christin Helgesen Bjørke har disputert til doktorgraden. Avhandling handlar om styrke- og kondisjonstrening av kreftpasientar som er under behandling.

Ann Christin Helgesen Bjørke har disputert til doktorgraden. Avhandling handlar om styrke- og kondisjonstrening av kreftpasientar som er under behandling.

Ho disputerte nyleg for doktorgraden ved Universitetet i Agder (UiA). Avhandlinga hennar er ein del av forskingsprosjektet Phys Can og dreier seg om styrke- og kondisjonstrening av kreftpasientar.

Phys Can-prosjektet har vore eit samarbeidsprosjekt. Blant anna mellom UiA, Noregs idrettshøgskule og Universitetet i Uppsala, Lund og Linköping i Sverige. Prosjektet vart gjennomført i perioden 2015-20.

577 kreftpasientar i trening

Avhandlinga til Bjørke er mellom anna basert på testar og oppfølging av to treningsgrupper. Til saman var 577 kreftpasientar med på undersøkinga. 

Pasientane gjennomførte kondisjonstestar og fekk målt maksimalt oksygenopptak (VO2max). Målingane vart gjort før og etter ein treningsperiode på seks månader. 

Undervegs vart dei følgt opp og trent av erfarne instruktørar på treningssentre i Lindköping, Lund og Uppsala i Sverige. 

I tillegg trente dei heime. Dei skreiv treningsdagbok og leverte inn pulsklokka til kontrollar hos instruktørane. 

Den eine gruppa trente kondisjon og styrke med låg til moderat intensitet. Den andre gruppa trente med høg intensitet (randomisert kontrollert studie). Resultata viser best resultat for den gruppa som trente med høg intensitet. 

Trente for fullt under kreftbehandling

Av dei 577 pasientane fekk 80 prosent strålebehandling. 65 prosent fekk cellegiftbehandling. 70 prosent fekk hormonbehandling. Dei fleste av pasientane hadde brystkreft.  

– Det som har overraska meg mest, er at så mange kreftpasientar klarte å gjennomføre trening med høg intensitet i den perioden dei fekk kreftbehandling, seier forskaren.

Gruppa som trente med høg intensitet, starta treningsperioden med fem intervalldrag. Dei sprang opp mot 85-90 prosent av maksimal puls i to minutt. Deretter kvilte dei i to minutt. 

Dei auka talet på intervalldraga etter kvart. Mot slutten av den seks månader lange treningsperioden var dei fleste oppe i ti intervalldrag i kvar økt. Samtidig trente dei styrketrening på treningssenteret to gonger i veka gjennom heile perioden.  

Lite fatigue og bra kondisjon

Funna viser at dei som trente hardast hadde lågare grad av kreftrelatert trøyttleik (fatigue). Forskjellen mellom gruppene var derimot ikkje stor. 

Alle deltakarane auka styrken sin i treningsperioden. Dei som trente med høg intensitet auka mest. Begge treningsgruppene fekk litt dårlegare kondisjon i treningsperioden. 

– Kreftbehandling er såpass krevjande for kroppen at kondisjonen kan gå ned sjølv om du trener. Kondisjonen vart best halden ved like hos dei som trente med høg intensitet, seier Bjørke. 

Ho understrekar at dei som var med i undersøkinga, var i relativt god fysisk form før dei vart sjuke. 

– Ei pasientgruppe med lågare fysisk form i utgangspunktet, ville kanskje ha vist større forskjellar mellom dei to gruppene. Men det vert berre spekulasjonar, seier Bjørke. 

Tren det du orkar

Forskaren kan ikkje ut frå denne avhandlinga gi eit klart treningsråd til alle kreftpasientar. På generell basis kan ho seie at studien stadfestar at det verkar trygt å trene når du får kreftbehandling. 

– Tren så mykje du klarer er det generelle rådet. Alle reagerer ulikt på kreft og behandling. Folk har ulike erfaringar med trening frå før, seier ho. 

For dei fleste kreftpasientar er ikkje trening skadeleg. Ho meiner likevel at pasienten bør snakke med legen sin om treninga. 

– Det kan vere underliggande årsaker til at ein må trene meir forsiktig, seier Bjørke. 

Studien hennar viser dessutan at treningsmengda kan bety noko når du vil halde ved like kondisjonen: Tida du legg ned i treninga kombinert med intensiteten er viktig for formutviklinga. 

– Du får nok meir igjen for treninga dess meir tid du bruker og dess høgare intensitet du har på treninga. Men det trengst meir forsking for å kunne seie om intensitet i seg sjølv er den viktigaste faktoren for å halde ved like kondisjonen, seier Bjørke.