Gå til hovedinnhold
0
Jump to main content

– Tør vi tenkje tanken at nokon barn heller vil døy?

Korleis møter me barn og unge med sjølvmordstankar? Dette er tema for Verdsdagen for sjølvmordsforebygging 10. september ved UiA.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Bilde av einsam mann på benk.
10. september markerast Verdsdagen for sjølvmordsforebygging.

– At barn og unge ynskjer å ta livet sitt er noko me ikkje likar å snakka om. Det er vanskeleg, og nettopp derfor arrangerer vi denne dagen, seier universitetslektor Ane Ugland Albæk.
Ho jobbar på institutt for psykososial helse på UiA, og har skreve doktorgradsoppgåve om korleis fagfolk opplever å avdekke vald og overgrep mot barn.

Barna trenger hjelp

– Når barn av ulike grunnar tenkjer at livet ikkje er verd å leve utfordrar det oss vaksne. Vi har eit samfunn som er bygd rundt det å leve eit godt liv. Då er det vanskeleg å forholda seg til at nokon, spesielt barn, ikkje ønskjer å leva. Alle barn fortener å vere trygge og glade og me har eit ansvar for å fange opp og hjelpe ulykkelege barn. Når barn tek livet sitt, sviktar me som samfunn, seier Albæk.

Bilete av Ane Ugland Albæk.

Universitetslektor Ane Ugland Albæk har skreve doktorgradsoppgåve om korleis fagfolk opplever å avdekke vald og overgrep mot barn.

Stortingsrepresentant Kari Henriksen frå helse- og omsorgskomiteen opnar arrangementet i Sigrid Undsets hus frå 08.30-16.00.
Sjå heile programmet for dagen her.

Arrangementet er godkjent som oppdateringskurs og som del av spesialisering for legar, sjukepleiarar og psykologar, og rettar seg til fagfolk og studentar som arbeider med barn og unge. På programmet står tema som «Barn som har opplevd vald i nære relasjonar – kva treng dei frå skulen?», «Kva ønsker barn av rusmisbrukarar seg frå vaksne?» og «Kvifor er det så vanskeleg for vaksne å spørje?». Sistnemnde er det Ane Ugland Albæk som skal snakka om.

– Snakk om det vanskelege

– Kva viss du spør eit barn om det har sjølvmordstankar, og så seier det ja? Då har du eit ansvar for å hjelpe. Dette er barn du kjenner, og du kjenner kanskje foreldra og venene også. Her er det ingen klare retningslinjer på kva som er rett, og ein blir redd for å gjere feil. Difor vegrar mange seg for i det heile tatt å spørje. Dette er vanskeleg, og den einaste måten me kan forstå dette betre på er å snakka saman om det som er vanskeleg, seier ho.

Albæk har eit klart råd til dei som opplever at barn snakkar med dei om sjølvmord;
– Viss barnet snakkar med deg om sjølvmord, er det ein grunn til det. Du må sleppe alt du har i hendene, og være til stades med barnet. Barn snakkar ikkje med kven som helst om dette, dei har valt deg av ein grunn. Mange tenker at det beste er å sende barnet vidare til ein ekspert eller anna kvalifisert personale. Men barnet treng og deg som er trygg til å følgje med vidare, for det er deg de har vald å fortelje sine innarste tankar.