0
Hopp til hovedinnhold

Teknologi og politikk endra Posten i Noreg

Mens innvandrarar i 1970-åra var ein del av gjengen på gølvet, utvikla det seg etter kvart fleire grupperingar på postterminalane. Samhald og fellesskap forvitra og grupper stod etter kvart mot einannan.

Foto av Østlandsterminalen i Lørenskog.
Østlandsterminalen i Lørenskog frå juni 2015 (foto: Jan Magne Stensrud).

– Historia om Posten i Noreg er ei økonomisk suksesshistorie, men samtidig ei trist historie om oppløysing av etablerte arbeidsfellesskap og kunnskap samla gjennom mange års erfaringar.

Det seier Jan Magne Stensrud. Han disputerte nyleg til doktorgraden ved Universitet i Agder (UiA). Avhandlinga dreier seg om utviklinga av arbeidsmiljøet ved tre postterminalar i Oslo i perioden 1976 til 2016.

Forskaren beskriv 1970-åra som ei tid da ungdommar frå ulike bygder i Noreg reiste til hovudstaden og fekk seg arbeid i Posten. Der kunne dei bli eit heilt arbeidsliv, og det var ikkje uvanleg at både ein, to og tre generasjonar i ein og same familie arbeidde i Posten.

– På postterminalane var det eit tett og nært samarbeid mellom alle som arbeidde med å sortere posten. Det var liten eller ingen skilnad mellom innvandrarar og bygdeungdom frå ulike kantar av landet. Postterminalen var ein stor arbeidsplass der folk var samla i store arbeidslag der posten vart sortert. Dermed var alle dei tilsette nøydt å samarbeide, same kor dei kom frå, seier Stensrud

Høg arbeidsmoral og lojale tilsette

Store arbeidslag styrt av ein streng og dominerande arbeidsleiar var vanleg i 1970-åra. Arbeidsmoralen var høg og lojaliteten til Posten likeeins. Enkelte hadde tittel som overpakkepostmeister i særklasse og hadde gjennomført Postskulen.

– Posten hadde si eiga etatutdanning for dei tilsette. Opplæringa vart gitt som delkurs samtidig som dei arbeidde. Gjennomførte du alle tre trinna, var du gjennom godt og vel to års utdanning på Postskulen. Kompetansen den gongen låg i hovudet og hendene. Folk hugsa postnummer over heile landet og la si ære i å sortere fort og riktig, seier Stensrud.

Teknologi og spesialisering

Politisk vart det i 1980-åra bestemt at Posten skulle arbeide etter retningslinene frå New Public Management og fungere meir som ei bedrift. Omstilling vart kvardagen og ny teknologi tok meir over for det manuelle arbeidet. Dermed vart etter kvart den gamle kunnskapen mindre viktig.

– Maskinene tok over sorteringa av alle brevtypar og små pakker. Store arbeidslag vart til mindre og spesialiserte grupper. Den gamle fellesskapskulturen forvitra. Etter kvart var det ikkje lenger viktig med fleire års erfaring på postterminalen. Datakunnskap vart viktigare, seier Stensrud.

Foto av Jan Magne Stensrud.

Jan Magne Stensrud disputerte nyleg med ei avhandling om utviklinga i Posten.

Ufaglært arbeidskraft

Talet på innvandrarar i Posten stig frå ei handfull i 70-åra til rundt 15 prosent av arbeidsstokken i 2016.

– Innvandrarane som kom utover 90- og 00-åra danna eigne subkulturar og nokon av dei lærte seg aldri norsk. Sjølv da Posten bestemte at alle skulle snakke norsk på arbeid, var det nokon som aldri lærte seg språket. Den dag i dag må nokon av dei ha tolk når dei snakkar med leiinga, seier Stensrud.

Innvandrarane var ikkje aleine om å danne ein delkultur på arbeidsplassen. Utover 2000-talet vart det etablert ei rekkje subkulturar på postterminalane.

– Den einskaplege fellesskapskulturen vart oppløyst. Folk gjekk frå å snakke om vi til å snakke om vi og dei. På Borgeskogen terminal utvikla det seg grupper eller subkulturar av innvandrarar, mellomleiararar, leiarar og Skiens-folk mot Tønsberg–folk, seier Stensrud.

Framandgjering og dekvalifisering

Doktorgradsavhandlinga ligg i skjeringsfeltet mellom norsk innvandringshistorie og arbeidslivsforsking. Forskaren skriv seg inn forskartradisjonen etter historikarar som mellom andre Edvard Bull d.y og Knut Kjeldstadli.

– Avhandlinga er ein arbeidslivsstudie om kulturmøte og integrering i ein arbeidsfellesskap med norske og utanlandske arbeidarar frå 1976 til 2016, seier forskaren.

Han har studert dei tilsette og arbeidskulturen ved dei tre store postterminalane på Østlandet, Oslo Brevsenter, Borgeskogen og Østlandsterminalen. Stensrud har intervjua 42 personar med ulike etnisk bakgrunn og variert erfaring frå leiar til mellomleiar og terminalarbeidarar.  

– Forskinga bidrar med ny kunnskap om det som skjer når ein arbeidsplass går frå å vere etnisk einsarta til å verte meir mangfaldig. Samtidig viser eg korleis ein arbeidsplassen vert påverka av teknologi og politiske endringar, seier Stensrud.  

Han bruker teori mellom anna frå forskaren Melvin Seeman og hans bruk av Karl Marx og teoriar om framandgjering i arbeidslivet.

– Fleire av dei eg intervjua uttrykte at dei opplevde å blir framande overfor arbeidsoppgåvene etter at ny teknologi vart viktigare enn opparbeidd erfaring hos dei tilsette. Dei opplevde samtidig å verte dekvalifiserte for eit arbeid dei hadde utført i mange år. Mange vart utkonkurrerte av yngre dataekspertar og tapte også ære og arbeidsstoltheit, seier Stensrud.  

Referanse:

Jan Magne Stensrud

Eit arbeidskulturelt skifte. En studie av tre arbeidsplasser i posten fra 1976 til 2016

Doktorgradsavhandling ved Universitetet i Agder, 2019

 

Send studiet på mail