Studentar blir oppmoda til å engasjere seg i studietida. Det kan gi nye venner og større nettverk.
Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Det meiner Anne Espeland Berg. Ho er studentassistent hos UiA Karriere. Saman med Maren Oustad Torve som er studentassistent ved UiA Karriere og Christina Larsen, studentassistent ved UiA Nyskaping, sit ho i prosjektgruppa for Engasjer deg-dagen som blei arrangert på UiA 24. januar.
– Engasjer deg-dagen er eit resultat av godt samarbeid mellom foreiningane og oss. Vi håpar at mange studentar ser mangfaldet i studentforeiningar og aktivitetar og at dei finn noko dei kan engasjere seg i, seier Espeland Berg.
Vrimlehallene på begge campus var fylt med foreiningar og studentaktiviteter som konkurrerte om merksemda til studentane. Det blei også halde inspirasjonsforedrag med erfarne studentar, UiA Karriere og aktuelle næringslivsaktørar.
Dagen blei arrangert av UiA Karriere og UiA Nyskaping i samarbeid med studentforeiningar, Senter for Likestilling og Studentorganisasjonen i Agder (STA). Arrangementet er ein del av «Mangfoldsveka» som også blei arrangert denne veka.
Målet med dagen var å vise mangfaldet av aktivitetane på UiA og inspirere til å engasjere seg, enten det er i ein linje- eller studentforeining, i studentpolitikken, i gründerprosjekt eller ved at ein sjølv får hjelp med å starte ein foreining.
Dei siste åra har engasjementet blant studentane blitt lågare, ifølgje studentforeiningar, STA og Studentskipnaden i Agder.
– UiA har mange studentar som kjem frå Agder, og dei ser ikkje i like stor grad behovet for å bygge nettverk slik som studentar frå andre delar av landet. Med dette arrangementet håpar vi å vise at det er mange fordelar med å engasjere seg, seier Espeland Berg.
Fleire var inviterte for å inspirere studentane og fortelje om fordelane med å engasjere seg. Blant dei var Zelia Moss, ho er UiA-student og vann i fjor sommarjobben som konsernsjef i Adecco.
Moss fortalde at same kva ein engasjerer seg i så gir det erfaringar og meir å reflektere over.
– I studentverv får ein sjansen til å lære noko nytt som ein kan bruke i nye situasjonar, seier Moss.
Silje Holteberg er karriererettleiar på UiA. Ho fortel at fleire studentar kjem til ho som rettleiar og spør kva stillingar ein kan få med si utdanning. Det er mange som set likskapsteikn mellom utdanninga si og arbeidsmogelegheiter.
– Kompetanse er mykje meir enn berre fagkunnskapar. Det handlar om alt ein tar meg seg på vegen av ulike ferdigheiter og evne til å løyse oppgåver. I tillegg speler personlegdom, haldning, drivkraft og motivasjon inn, seier Holteberg.
Ho peiker på at eit frivillig engasjement også bidrar til å utvikle personlege eigenskapar.
– Du skaffar deg nettverk, får referansar og arbeidserfaring, seier Holteberg.
Frå eit arbeidsgjevars perspektiv fortalde Per Oddvar Osland frå Agder Energi om korleis dei tenker når dei skal rekruttere nye tilsette.
– I næringslivet har ein ofte behov for ein person med breitt grunnlag – ikkje berre ein med spiss fagkompetanse. Vi treng folk som kan jobbe tverrfagleg og som evnar å sette seg inn i ulike situasjonar, seier Osland.