Pleco Marine blei starta som ein del av UiAs masterprogram i entreprenørskap. Studentbedrifta jobbar for å redusere klimaavtrykket til fiskeoppdrett.
Konkurransen for berekraftige forretningsidéar skal hjelpe fram gründarar på Agder som har nye idéar. Løysinga til Pleco Marine AS handlar om å dyrke og prosessere mikroalgar til bruk i oppdrettsnæringa.
– Å vinne konkurransen er ei anerkjenning av at andre trur på det vi jobbar med. Som studentgründarar i oppstartsfasen set vi pris på all hjelp, seier Tobias Øverlid i Pleco Marine.
Prisen blir delt ut av Business Region Kristiansand. Vinnarane får mellom anna fri kontorplass i eitt år, mentorordning frå Innovasjon Noreg og rådgjeving for vidare forretningsutvikling.
Pleco Marine blei starta av studentar på Universitetet i Agder sitt masterprogram i entreprenørskap, Shift. Her jobbar studentar med ulik fagbakgrunn i lag for å gjere gode idéar til berekraftig forretning.
– Vi hadde ikkje eksistert om det ikkje var for Shift. Å sette saman ulike menneske frå ulike kompetanseområde og fagbakgrunnar gjer det mogleg å utvikle heilt nye idear, seier Øverlid.
To av studentane i Pleco har bakgrunn i økonomi. Ein av dei har studert innovasjon og leiing, ein har studert marknadsføring, medan Øverlid har ein bachelorgrad i historie.
– Shift kombinerer studia og etablering av ny bedrift på ein måte som gjer det enklare å kombinere dei. Eksamensoppgåvene handlar om ting som er med å gjere bedrifta di levedyktig. Den kombinasjonen er gull verdt, seier han.
Ifølgje juryen for konkurransen har Pleco ein forretningsidé med stort potensial. «Moglegheita for å realisere ideen kjem med industrielle partnarar, team og ein god finansiell plan», skriv juryen i grunngjevinga for prisen.
Øverlid seier at planane til Pleco no er å halde fram med utvikling og forsking. Dei ønskjer òg å starte eit pilotanlegg hos ein oppdrettar, samstundes som at dei hentar inn fleire midlar til bedriften.
– Vi har òg eit halvår igjen av studia, så vi kombinerer dette med skole og masterskriving, seier Øverlid.
Pleco Marine var også ei av dei tre Shift-bedriftane som fekk 100.000 kronar i støtte frå Innovasjon Norge i mars.