0
Hopp til hovedinnhold

Studentbedrift gjer suksess med oppdrag frå industrien

Studentbedrifta Young Industrial Innovators starta opp på UiA i februar i år. No har dei 12 tilsette og nærmar seg ein million i omsetting.

Bilde av studenter og daglig leder utenfor CG Glass
CG Glass i Vennesla er ein av fleire bedrifter på Sørlandet som har fått auga opp for kompetansen i studentbedrifta Young Industrial Innovators (YI2). Frå venstre: Studentkonsulent Emil Skaufel frå YI2, studentkonsulent Thomas Hansen frå YI2, Oddvar Solemsli, daglig leiar i CG Glass, studentkonsulent Henning Stea frå YI2 og studentkonsulent Ola Brenn Frivik frå YI2.

– Målet er å få arbeidserfaring med det vi studerer på UiA. Samstundes møter vi eit behov for fersk kompetanse i industrien på Sørlandet. Suksessen viser at utdanninga vår er relevant for arbeidsmarknaden, seier Karl Wiik, økonomiansvarleg i Young Industrial Innovators.

Wiik og medstudent Fredrik Bringager er gründerar og partnarar av studentbedrifta Young Industrial Innovators (YI2)

Bilde av Karl Wiik er partnar og økonomiansvarleg i Young Industrial Innovators (YI2).

Karl Wiik studerar økonomi og administrasjon på UiA, og er partnar og økonomiansvarleg i Young Industrial Innovators (YI2).

– Vi er veldig glade for at det har gått så bra første året. Vi har fått mange spennande oppdrag. Det har vore ei bratt læringskurve, seier Wiik.

Bedrifta er oppretta som eit aksjeselskap og tar konsulentoppdrag for bedrifter på Sørlandet innan teknologi, innovasjon og strategi. Det er ingen andre studentbedrifter på dette fagområdet i Noreg.  

Oppdragsgjevarar er mellom anna Elkem, Smart Inspection, CG Glass, Optilift og I4 Helse. 

Tverrfagleg kompetanse

Dei 12 tilsette er konsulentar i bedrifta. Alle studerer på UiA, men kjem frå ulike studiar.  

– Kompetansen til dei tilsette er tverrfagleg slik at vi kan ta oppdrag innan fleire fagområde. Eg studerer økonomi, mens dei andre studerer mekatronikk, fornybar energi, elektronikk, data, IKT, innovasjon, industriell økonomi og teknologileiing, HR eller marknadsføring, seier Wiik.

Studentkonsulentane har dette som ein deltidsjobb og arbeider omkring 20 prosent kvar. 

Oppdragsgjevar fornøgd

Bilde av Oddvar Solemsli er daglig leiar i CG Glass.

Oddvar Solemsli er daglig leiar i CG Glass.

I haust har fire tilsette vore på oppdrag hos glassbedrifta CG Glass i Vennesla. Bedrifta skal gjere forbetringar i produksjonskjeda (Supply Chain Management) og ønskte å få inn fersk teoretisk kompetanse på fagområdet. 

– Studentkonsulentane har hjelpt oss med nye perspektiv og nytenking. Dei er vande med oppgåve- og problemløysing, og har klart å sjå på vår produksjonskjede med nye auge, seier Oddvar Solemsli, daglig leiar i CG Glass.

Solemsli fortel at CG Glass har høg kompetanse innan sitt felt, men at det kan vere lurt å få innspel frå studentar som studerer dette. 

– Utdanning er ferskvare, og vi må følgje med for å halde fram med den teknologiske utviklinga, seier Solemsli. 

Relevant arbeidserfaring

Konsulentoppdraga gir studentane relevant arbeidserfaring. 

– Vi får gjere reelle oppgåver i reelle bedrifter. Vi lærer om arbeidslivet og kva som ventar oss der. Vi får sett korleis teorien kan bli brukt i praksis, seier studentkonsulent Ola Brenn Frivik, som går fjerde året på industriell økonomi og teknologileiing. 

Til gjengjeld får bedriftene tilgang på fersk kompetanse og nye perspektiv på utfordringar og prosessar dei står overfor.

Nyleg blei studentbedrifta medlem av GCE NODE, bransjeorganisasjonen for olje- og gassnæringa på Sørlandet.

– I GCE NODE kan vi skape nettverk blant bedriftene. I tillegg blir vi kjent med dei utfordringane industrien står overfor, seier Brenn Frivik. 

Tett samarbeid med MIL

Mechatronics Innovation Lab (MIL) ved UiA Campus Grimstad er eit laboratorium for framtidsretta industri. Der kjem industri og næringsliv for å prøve ut nye ting og eksperimentere til produkta er klare for produksjon. 

Fredrik Bringager er partnar og dagleg leiar av YI2. Her er han hos Mechatronics Innovation Lab (MIL) ved UiA Campus Grimstad. Der er studentane med på MIL sine workshops saman med industribedrifter på Sørlandet.

Bilde av Fredrik Bringager er partnar og dagleg leiar av YI2. Her er han hos Mechatronics Innovation Lab (MIL) ved UiA Campus Grimstad. Der er studentane med på MIL sine workshops saman med industribedrifter på Sørlandet.

Bernt Inge Øhrn er daglig leiar for MIL. Dei har eit tett samarbeid med studentane i YI2. Øhrn har vore ein god sparringspartnar for studentbedrifta. 

– Hos MIL får studentane komme inn for ein prat, låne utstyr og spørje om råd om oppdrag. 

Vi har mange kundar til felles, seier Øhrn. 

MIL bidrog med kundekontakt til dei første kundane til studentbedrifta. Ifølgje Øhrn har studentbedrifta hatt god timing. 

– Vi så tidleg at kundane våre hadde eit behov for ei tverrfagleg gruppe som kunne utføre større og mindre oppdrag. I industrien er det stor teknologiendring og ein usikkerheit med at vi beveger oss bort ifrå tradisjonell industri, seier Øhrn.