Gå til hovedinnhold
0
Jump to main content

Studentar tar kurs i HMS

Over 1000 nye studentar ved Fakultet for teknologi og realfag skal denne veka gjennom eit kurs i helse, miljø og sikkerheit (HMS). 

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Bilde av Grimstad brann og redning lærte studentane korleis ein sløkk brann med både pulver- og skumapparat (foto: Sissel Eikeland).
Grimstad brann og redning lærte studentane korleis ein sløkk brann med både pulver- og skumapparat (foto: Sissel Eikeland).

– Vi må ta HMS på alvor og gi studentane grunnleggande kunnskap om dette i laboratoria våre og på campus. Slik kan vi bli tryggare på at studentane ikkje skader seg sjølv eller andre, seier Helge Wehus, HMS-rettleiar ved Fakultet for teknologi og realfag og ein av arrangørane for HMS-kurset på UiA.

Helge Wehus er rettleiar for HMS på Fakultet for teknologi og realfag.

Bilde av Helge Wehus er rettleiar for HMS på Fakultet for teknologi og realfag.

Teknologi- og realfagsstudentar er dei som har mest praktisk arbeid i laboratoria og ofte er borti farlege kjemikaliar. 

– Vi ønsker å sikre at studentane kjem trygt gjennom studia og at dei tek med seg gode rutinar ut i arbeidslivet. Gode haldningar til HMS er ein del av utdanninga på UiA. Mange vil få bruk for erfaringane når dei til dømes er ferdige ingeniørar. Då får dei kanskje prosjektansvar og skal leie andre på ein arbeidsplass, seier Wehus. 

Kurset er heildags og obligatorisk for alle nye bachelor- og masterstudentar ved Fakultet for teknologi og realfag. Kurset er naudsynt for å få tilgang til og for å gjennomføre praktiske oppgåver i dei ulike laboratoria. 

Det er andre året dette blir arrangert. Kurset blir gjennomført onsdag og torsdag for studentane på campus Grimstad og fredag for studentar på campus Kristiansand. 

Ønsker opne laboratorium

Eit langsiktig mål med kurset er at UiA skal kunne tilby meir opne laboratorium til studentane. Fleire studentar har etterlyst lenger opningstid på campus og i laboratoria – spesielt i eksamenstida. 

– Mange studentar ønsker å arbeide sjølvstendig med oppgåver og prosjekt i laboratoria utanom dei obligatoriske timane. Vi må difor forsøke å leggje til rette så godt og trygt vi kan, seier Wehus. 

Studentane fekk opplæring i hjerte- og lungeredning. Først skulle dei øve på kvarandre med å sjekke pusten, så legge i stabilt sideleie (foto: Sissel Eikeland).

Bilde av studentane fekk opplæring i hjerte- og lungeredning. Først skulle dei øve på kvarandre med å sjekke pusten, så legge i stabilt sideleie (foto: Sissel Eikeland).

Brannøving og avfallshandtering

Studentane får innføring i kva slags verneutstyr dei skal bruke og korleis dei skal oppføre seg i laboratoria. Deretter får dei ei innføring i kjemikalie- og avfallshandtering, og korleis dei kan få tilgang til å bruke ulike maskiner, utstyr eller kjemikaliar til sine studentoppgåver. 

Studentane blir delt opp etter studia sine og får omvising i den laben dei skal arbeide i. 

Mikhail Grouzdev, masterstudent i industriell økonomi og leiing, øver seg på hjerte- og lungeredning (foto: Sissel Eikeland).

Bilde av Mikhail Grouzdev, masterstudent i industriell økonomi og leiing, øver seg på hjerte- og lungeredning (foto: Sissel Eikeland).

Saman med Grimstad brannvesen skal kursdeltakarane gjennomgå ei fysisk brannøving og ei øving i bruk av hjertestartar og generell førstehjelp. 

– Dei ulike laboratoria på UiA har forskjellige forholdsreglar. Felles for alle er at det er viktig å kjenne til rutinar ved brann og førstehjelp. Vi er takknemlige for at brannvesenet i Grimstad og ambulansetenesta i Kristiansand stiller opp for demonstrasjon og opplæring, seier Wehus.

Trygg studiekvardag

Samanheng mellom trivsel, tryggleik og læring er viktig for læreprosessen og utbytte av studia. For å førebygge mobbing og trakassering er også dette eit tema under HMS-kurset.

Benedicte Nordlie, foto

Benedicte Nordlie

Benedicte Nordlie er leiar av Studentorganisasjonen i Agder (STA). Ho fortel dei nye studentane at alle har eit ansvar for å skape eit godt læringsmiljø, spesielt det psykososiale.  

– Det er viktig å snakke høgt om dette og vite at mobbing og trakassering også skjer i akademia. Det vi veit er at alt for få melder i frå når dei opplever det. Det som er så fint med dette kurset er at vi saman kan diskutere korleis vi ønsker å ha det i vårt studiemiljø, seier ho. 

UiA har nulltoleranse for mobbing og trakassering både for studentar og tilsette. Meld ifrå her om du opplever deg mobba eller trakassert.

 

Les også artiklar om HMS-kurset frå 2018:

Helse, miljø og sikkerhet (HMS)- UiA satser på åpne laboratorier

HMS-øvelse 2018 - fra ide til innovasjon