Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Studentar hjelper studentar til å bli betre i matematikk

Det første forkurset i matematikk for økonomistudentar har vært gjevande for studentassistentane. Til hausten fortset arbeidet.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Bilde av studentassistentene sammen med Ida Maria Landgärds.
Fra venstre: Birgitte Helle, Ida Maria Landgärds, Henriette Tengs Gjertsen, Thea Utheim, Arne Bastian Wiik, Anton Nordström, Farnoosh Farhangian og Tejeshwar Prakash.

– Det har vore fantastisk gøy å hjelpe andre på denne måten. Eg har kost meg, og sjølv fått mange nye vener, seier Thea Utheim.

Ho er ein av åtte studentassistentar som har bidratt i arbeidet til doktorgradsstipendiat Ida Maria Landgärds. Ho har utvikla forkurs som skal heve matematikkforståinga til økonomistudentar. Det frivillige forkurset startar det første semesteret til økonomiutdanninga, og hjelper studentane til å kunne fullføre mattefaget i andre semester. I år deltok 130 studentar på forkurset.

Lenke: Her kan du se hvordan studentene på forkurset får tilbakemelding gjennom Canvas.

Sosiale ferdigheiter viktigast

Forkurset er bygga opp som et sjølvstudiumkurs, der studentane jobba på nettet med oppgåver og deltok i felles workshops ei gang i veka om dei sjølv ønskte. På workshopane hadde studentassistentane ei viktig rolle.  På vårsemesteret har studentane hatt kurset MA-138, økonomimatte. Studentassistentane har bidratt i gruppetimane, og tilbydt en form for «drop-in» timer. Der har studentar kunne tatt kontakt for å få hjelp til oppgåver. 

– Då me skulle tilsette studentassistentar såg me mest på dei sosiale ferdigheitene deira, i tillegg til matematikkferdigheitene. Det er veldig mange økonomistudentar, og derfor er det viktig med gode kommunikasjonsevner. Dei måtte kunne forstå kva studentane spør om, og kva dei trenger hjelp til. I tillegg måtte dei ha lyst til å stå på, for det er mykje arbeid, seier Landgärds.

Løyser oppgåver saman

Studentassistentane har vore tilgjengelege to dagar i veka, og seier dei sjølv også har fått mykje fagleg ut av ordninga.

– Det stoffet vi har i starten er ganske lett, men oppgåvene blir vanskelegare etter kvart. Det er jo heile meininga dette matematikkopplegget, å byggje opp ei betre forståing av mattefaget. Vi løyser oppgåvene saman med studentane, så vi får både repetert og satt oss inn i nye oppgåver, seier Henriette Tengs Gjertsen.

Tejeshwar Prakash kan varmt anbefala jobben som studentassistent til andre.

– Fleire av studentane har hatt ei god utvikling i mattekunnskap. Dei blir betre enn assistentane, det er veldig gøy, seier han.

Mindre strykprosent

Studentassistenenes jobb og det nye matematikkopplegget ser ut til å ha gitt resultat. Strykprosenten i MA-138 har blitt mindre og mange studentar presterte høye karakterar på eksamen i år.

– Nå blir det interessant å jobbe videre med dette, sier Landgärds.