Gå til hovedinnhold
0
Jump to main content

Sterkt til stades i ein by for alle

Universitetet i Agder deltar med heile ti spennande arrangement i likestillings-, inkluderings- og mangfaldsveka Ein by for alle i Kristiansand frå 3. – 9. februar.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Helene Spigseth Iglebæk, foto
GLER SEG: Trainee Helene Spigseth Iglebæk i staben til leiinga ser fram til Ein by for alle-uka i Kristiansand, som opnar måndag 3. februar. UiA deltar med heile 10 enkeltarrangement.

Universitetet i Agder deltar med heile ti spennande arrangement i likestillings-, inkluderings- og mangfaldsveka Ein by for alle i Kristiansand frå 3. – 9. februar.

– Dette er veldig spennande. Det er eit flott program som no er laget. Det er òg ei stor oppslutning rundt desse dagane, med omlag 80 ulike arrangement totalt, der UiA stiller med heile ti stykke, seier trainee Helene Spigseth Iglebæk i staben til leiinga, som koordinerer deltakinga til universitetet i Ein by for alle i år. 

Ein god stad å bu for alle

En by for alle, plakat

Det er tredje året Kristiansand kommune set likestilling, inkludering og mangfald på dagsorden ei heil veke til ende i byrjinga av februar. Dei ulike arrangementa engasjerer fleire titals av dei ulike organisasjonane til kommunen og institusjonar som arbeider med nettopp likestilling, inkludering og mangfald.

Målet med veka er å understreke viktigheita av at Kristiansand skal vere ein stad der det er godt å bu og leve for alle. Aktivitetstilbod under veka spenner frå dans, debatt og foredrag til gudstenester, kurs,  teaterframsyningar og meir.

– UiA er med fordi vi støttar grunntanken bak veka – likestilling, inkludering og mangfald. Vi har jo òg hatt vår eiga mangfaldsveke i år, i samband med studiestart no i januar. Denne var retta mot UiAs studentar og tilsette. Det er derfor heilt naturleg at vi òg bidrar når kommunen arrangerer dette, som femnar breiare i samfunnet, seier Helene Spigseth Iglebæk.

Likestilling og mangfald

Selv ser UiAs koordinator særleg fram til arrangementa til Senter for likestilling. Måndag 3. februar set senteret søkelys på diskriminering i arbeidslivet. Ho ser òg fram til arrangementet på Global Lounge, der det blir stilt spørsmål om kor stort rom det er for mangfald i akademia.

– Begge arrangementa tar opp tema som eg er oppteken av. Samtidig er alle arrangementa til UiA spennande og viktige. Eg vil derfor oppmode alle som har lyst og høve til å komme på dei arrangementa som freistar, seier ho.

UiA deltar med desse arrangementa:

Måndag 3. februar:

Tysdag 4. februar:

Torsdag 6. februar:

Fredag 7 februar:

Laurdag 8. februar: