Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Startar studium om mennesket og teknologi

Humanistar og samfunnsvitarar har kunnskapar, evner og verktøy som bør brukast for betre å handtere utfordringane i samfunnet, meiner UiA.  No startar universitetet eit nyskapande masterstudium om mennesket, for alle som arbeider med teknologi.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Einar Duenger Bøhn, Hanne Haaland og Michael John Prince, foto
NYSKAPARAR: Fire av forskarane bak det nye masterstudiet ved UiA: Professor Harald Rinde (t.v.) ved Institutt for religion, historie og filosofi, professor Einar Duenger Bøhn, førsteamanuensis og instituttleiar Hanne Haaland ved Institutt for global utvikling og samfunnsplanlegging og professor Michael John Prince ved Institutt for fremmedspråk og oversetting.

Målet med det nye toårige masterstudiet Teknologi, menneske og samfunn er å kople innsikt frå humanistiske fag på samfunnssatsingar og pengestraumar som i stor grad blir styrt av teknologi - som videoovervaking, kunstig intelligens, klimaendringar og genmodifisert mat for å nemne nokre. 

Kva styrer utviklinga?

Einar Duenger Bøhn, foto

Einar Duenger Bøhn

– Vi lever i eit samfunn og ei tid prega og forma av omfattande og raske teknologiske endringar. Vi er opptatt av om vi som menneske er i stand til å styre denne utviklinga, og i tilfelle korleis, seier professor Einar Duenger Bøhn ved Institutt for religion, filosofi og historie.

Saman med kollegaer frå andre humanistiske- og samfunnsvitskaplege fag ved Universitetet i Agder er filosofiprofessoren opptatt av at teknologi ikkje berre må forståast og vurderast på teknologiens eigne premissar. 

Sanninga blir beskriven teknologisk

Fiskeoppdrettstråler, foto

PREGAR ALT: Teknologi pregar så å seie alt i samfunnet, også fiskeoppdrett. (Ill.foto: Colourbox)

– Sanninga om det som møter oss som menneske blir i dag på mange område forklart i tekniske termar, og påverkar våre meir opphavlege, menneskeleg-kulturelle måtar å forstå verda på, seier filosofiprofessoren.

– Dette fører til ein samtid der samfunnstilhøve og politiske spørsmål i nokre tilfelle blir suspenderte til fordel for arbeidet med å setje i verk ei stadig eskalerande teknologisk utvikling, seier han.

Eit dagsaktuelt tema er vindkraftutbygginga i Noreg. Eit anna er lakseoppdrett.

– Det vi løftar fram no er korleis humanistisk kunnskap og kompetanse kan bidra til å svare best mogleg på spørsmål knytt til teknologiske sider av utviklinga på område som dette.

Tverrfagleg og kritisk tilnærming til teknologi

Hovudfokuset i det nye studiet rettar merksemda mot ei rekke spørsmål: Kva er teknologi? Korleis ter vi oss som enkeltmenneske, grupper og samfunn i møtet med teknologi? Kva gjer teknologien med oss? Og korleis bør vi handsama og hanskast med teknologi?

Emne som blir teken opp er teknologiens historie, filosofi og etikk, og dessutan teknologi og litteratur, kommunikasjon, kjønn og politikk. Studiet byr òg på eit eige emne i humanistiske og samfunnsvitskaplege forskingsmetodar. 

Nyskapande, nettbasert og erfaringsbasert

Barn med nettbrett, foto

MENNESKET OG TEKNOLOGI: Kva gjer teknologi med mennesket? Korleis påverkar teknologi våre meir opphavlege, menneskeleg-kulturelle måtar å forstå verda på? Det er nokre av spørsmåla ein tar opp i det nyskapande masterstudiet som no startar ved UiA. (Ill. foto: Colorbox)

Målgruppa for studiet er først og fremst teknologar, ingeniørar og samfunnsplanleggarar som arbeider med oppgåver der ei tverrfagleg og kritisk analytisk tilnærming til teknologi står sentralt.

Det gjeld mellom anna innan opplæring, utdanning, formidling, rådgjeving eller leiing av verksemder som utviklar eller nyttar teknologi. Både i private bedrifter, konsulentverksemder, eller innan offentleg administrasjon.

Studiet er òg nettbasert. Det vil seie at studentane kan bu kvar som helst i landet. Vidare er det erfaringsbasert. Det vil seie at studentane må ha to års arbeidserfaring i tillegg til bachelorgrad for å kvalifisere til opptak.

– I det heile er studiet nyskapande, interessant og tilrettelagt for folk som er i jobb med ting relatert til teknologi og implementering av teknologi, seier Einar Duenger Bøhn.

Norsk politikk

Også Regjeringa har vore opptatt av fokuset som UiA no styrkar. I 2017 presenterte dåverande kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) stortingsmeldinga Humaniora i Noreg. I denne blir det løfta fram korleis samfunnspotensialet i dei humanistiske faga har meir å by på dersom det kan utløysast i møtet med vår tids store spørsmål, i nærings- og kulturlivet, i skulen og til dømes òg i ein sentral samfunnsinstitusjon som Forsvaret, meir enn det gjer i dag.

Politiske endringar og justeringar er nødvendig, meiner regjeringa. Men også samfunns- og arbeidslivet må ta humanistisk kunnskap meir i bruk gjennom forskingsresultat og kandidatar. Eit mål med meldinga er å legge til rette for større gjensidig for vitskap, utforsking og tilnærming mellom humaniora og andre fagområde og samfunnssektorar.

– Det er nettopp dette vi gjer her, seier Einar Duenger Bøhn.