Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Startar norskkurs for minoritetsspråklege

No arrangerer UiA norskkurs for minoritetsspråklege sjukepleiarstudentar for å hjelpe dei til å kome gjennom studiane.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Roy G. Tvedt, foto
– Kan eg få inn tekstene, seier universitetslektor Roy G. Tvedt frå Fakultet for humaniora og pedagogikk er lærar på norskkurset for minoritetsspråklege. Studentane får øve seg på akademisk skriving.

Zahara Hussaini er sjukepleiarstudent på første år og saman med 15-20 studentkollegaer tek ho språkkurset som er satt i gang av Institutt for helse- og sjukepleievitskap i samarbeid med Studieavdelinga ved UiA. 

– Det er kjempeflott med kurset som hjelper meg til å forstå norsken betre, seier Hussain og fortel at forelesarar elles kan være krevjande å forstå både på grunn av tempo og dialektbruk.

– Me ser at det er spesielle språkutfordringar på sjukepleiarutdanninga og har nå satt i gang et 16 timars kurs for å hjelpe studentar som ikkje har norsk som morsmål, seier dosent Anne Skisland.

Saddam Salissa og Zahara Hussaini, foto

– Me er glade for at UiA arrangerer norskkurs for oss, seier førsteårsstudentane Saddam Salissa og Zahara Hussaini. Bak dei sit Marlene Romme Mørch frå studieavdelinga som er med å arrangerer kurset.

Kurset er både munnleg og skrifteleg norsk og har tema som helse-Noreg, velferdsstaten, jamstilling og samlivsformar, norsk språk og det fleirkulturelle Noreg. I byrjinga av denne kursdagen samlar lærar Roy G. Tvedt inn ei oppgåve studentane har skrive.

– Studentane fer trening i akademisk skriving, seier Skisland.

Også førsteårsstudent og kursdeltakar Saddam Salissa er glad for at dei lærar meir om akademisk norsk som er krav i utdanninga, men ynskjer endå meir fagspråk inn i kurset.

– Det vil me sjå nærare på, og me tenkjer også å få inn meir av omsorgsomgrepa som me bruker i sjukepleiefaget, seier Skisland.

Ho fortel at kurset er eit pilotprosjekt og at dei arbeidar med å tilpasse det endå betre til studentanes behov.

–Me ønskjer å lage eit opplegg som skal liggje som fast program for minoritetsspråklege på alle dei tre åra i bachelorutdanninga i sjukepleie, seier Skisland.  

Samling og mentor

Kurset er eit av fleire tiltak som Fakultet for helse- og idrettsvitskap har satt i gang etter at dei i haust såg problema som manglande språkkunnskap fører til

– Me har samlingar og turar for studentane og me set også i gang ei mentor ordning, der studentar med norsk som morsmål skal vera mentorar for dei som ikkje kan norsk like godt, seiar Skisland som driv eit forskingsprosjekt der dei ser på minoritetsspråklege studentar, lærarar og praksisrettleiarars erfaringar med det å være sjukepleiestudent.

Språkkurset vert halden i Kristiansand og seinare i vår kjem det tilsvarande kurs i Grimstad. Der er det førstelektor Sylvi Flateland som er ansvarlig for opplegget i Grimstad.