Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Språkrettleiar på plass

- Det vanskelegaste er innleveringane. Men no veit eg at det er hjelp å få, seier Najma Goraya, student på andre året ved barnehagelærarutdanninga ved UiA.  Ho er ei av mange studentar med norsk som andrespråk som får hjelp av to språkrettleiarar for å skrive eit meir feilfritt akademisk norsk. 

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Najma Goraya (Foto: Marianne Tønnessen)

Najma Goraya, student på andre året ved barnehagelærarutdanninga ved UiA, er glad for tilbodet om språkrettleiing ved UiA. (Foto: Marianne Tønnessen)

Språkrettleiinga  blei til i eit samarbeid mellom Utdanningsavdelinga og Skrivestua og er finansiert av Kunnskapsdepartementets tildeling av koronamidlar til studentrelaterte stillingar.  

- Eg sleit med den akademiske skrivinga, og særleg det å forstå instruksane i oppgåveteksta. Det er trygt å ha nokon som kan hjelpe med å tyde kva ein skal gjere før ein startar skrivinga, seier Goraya.

Morsmålet hennar er punjabi, og no sit ho i Skrivestua på biblioteket saman med ein språkrettleiar.   Det er ein medstudent, som les teksta saman med henne, som forklarar og gjer tips til korleis ein kan gjera teksta meir akademisk.

- Eg har fått tilbakemelding på at eg skriv for munnleg, at språket mitt er for svakt. Fleire av forelesarane mine har sagt at eg kan sende inn tekstane så dei kan sjå på språket, men det er noko heilt anna å møte nokon fysisk og snakke om feilane ein gjer, og få forklart korleis ein kan unngå dei, seier Goraya.

Sara Buffetti (f.v.) og Inger Sofie Klokkhammer Jørgensen er UiAs nye språkrettleiarar og sit klare til å hjelpa studentar med norsk som andrespråk.

Sara Buffetti (f.v.) og Inger Sofie Klokkhammer Jørgensen er UiAs nye språkrettleiarar og sit klare til å hjelpa studentar med norsk som andrespråk.

Kjenner utfordringane

Det er Sara Buffetti og Inger Sofie Klokkhammer Jørgensen som rettleier. Buffetti er italiensk og etter at ho først kom til Noreg som utvekslingsstudent i 2015 har ho lært seg norsk,  teke ein master i nordisk språk og litteratur ved UiA og held no på med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).

Språkrettleiar Sara Buffetti er italiensk, har lært seg norsk, og etter ein master i nordisk språk og litteratur ved UiA held ho no på med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).

Språkrettleiar Sara Buffetti er italiensk, har lært seg norsk, og etter ein master i nordisk språk og litteratur ved UiA held ho no på med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).

- Eg kjenner studentane sine språkutfordringar, sidan eg har gått stega sjølv. Det akademiske språket er ikkje enkelt for nokon, og spesielt utfordrande for dei som har norsk som andrespråk, seier Bufetti.

Klokkhammer Jørgensen er på femte året i grunnskulelærarutdanninga og ser at rettleiarjobben har stor relevans for læraryrket ho har tenkt seg inn i.

- Eg får god øving i å rettleie og korleis eg kan forklara noko på ein forståeleg måte. Det vere seg skilnaden mellom omgrep som ha og fekk, eller være og eksistere.    Det kan høyrast enkelt ut for oss som har vakse opp med norsk, men kvardagsorda er ikkje alltid like enkle, seier ho.

- Korleis kan eg forklara noko enkelt nok, spør Inger Sofie Klokkhammer Jørgensen i sitt arbeid som språkrettleiar.

- Korleis kan eg forklara noko enkelt nok, spør Inger Sofie Klokkhammer Jørgensen i sitt arbeid som språkrettleiar.

Annleis akademisk kultur

Korleis sitera rett, grammatikk, komma, punktum, leddsetningar og lengda på setningar er andre døme på kva dei diskuterer rundt bordet på drop-in-tilbodet i Skrivestua.

Mange av desse studentane kjem og frå ein annleis akademisk kultur der dei ikkje er vande med å spørje forelesaren om språk og fag.  

- Her skal me kunne drøfte saker og vise refleksjon.  Det er det ikkje alle som er vande med frå heimlandet sitt der mange er lært opp til berre å gje att fagstoff. Eg saknar ei plattform der me med norsk som andrespråk kan dele slike erfaringar og utfordringar, og føle oss som ein del av fellesskapet, seier Goraya.

Rådgjevar Marianne Tønnessen (f.v.) og førstekonsulent Hanne Andersen-Steinsland i Utdanningsavdelinga er ansvarleg for språkrettleiartilbodet.

Rådgjevar Marianne Tønnessen (f.v.) og førstekonsulent Hanne Andersen-Steinsland i Utdanningsavdelinga er ansvarleg for språkrettleiartilbodet.   

Kvar rettleiing varar maks 45 minutt. Det er ikkje språkvask eller retting av tekstar, men meir generell gjennomgang av grammatikk og avklaring av omgrep.

Tilbodet er eit drop-in tilbod som betyr at det er berre å møte opp og at det ikkje er mogeleg å reservere tid på førehand.

Språkrettleiarane er i Skrivestua på følgande tidspunkt:

Måndag 12-15

Tysdag 12-14

Onsdag 12-15

Fredag 11-13

Språkrettleiing i Grimstad skjer digitalt kvar onsdag frå klokka 15.00-17.00 og kan reserverast på nettsida til Skrivestua.