Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Sommarskole i seksuell folkehelse

– Det manglar kunnskap om seksuell folkehelse i mange internasjonale organisasjonar, seier professor Elsa Mari Almås.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Bilde av hånd som holder et utskåret hjerte i tre i regnbuefarger.
Sommarskulen vil blant anna ha fokus på utviklinga av sexologi som fag, og forståing av seksuell helse. Illustrasjonsbilete: Pexels.com

Det sexologiske fagmiljøet på Universitetet i Agder har i fleire år jobba for å auka kunnskapen om faget, både i Noreg og i utlandet. Nå vert dette arbeidet styrka med ein fire dagars sommarskole i seksuell folkehelse.

– Omgrepet fantes ikkje, så vi laga det sjølv. Vi meiner at seksuell folkehelse er viktig, og noko alle burde lære om. Sommarskolen er meint for politikarar, folk som jobbar i helsevesenet, byråkratar, journalistar og andre som arbeidar med seksuell helse, men som ikkje sit i terapirom, seier Elsa Almås.

Her kan du lese mer om studiet, og melde deg på.

23.26. august

Sommarskolen skal gå frå 23. – 26. august på Campus Grimstad, med fokus på fire forskjellige tema. Desse er utviklinga av sexologi som fag, forståing av seksuell helse, seksuelt mangfald og kjønnsmangfald, og politisk arbeid og forsking.

– Dette blir omfattande og intensivt, men vi har gode erfaringar med liknande kursstruktur for helsearbeidarar. Vi ønskjer å samle studentane fysisk, men vi må sjå på kva reglar som gjelder i sommar. Å samle studentar fysisk gir høve til å bli betre kjent, og gjer folk meir komfortable. Dette er viktig når vi skal snakke om tabubelagde tema, seier Almås.

Det er lagt opp til eit alternativt opplegg med nettforelesningar om smittevernhensyn hindrar fysisk oppmøte.

Internasjonal sommarskole

Ein del av sommarskolen er å lære seg omgrep for å diskutere seksualitet utan å måtte bruke seg sjølv som referanseramme. Dette er viktig for å kunne behandle og snakke om seksualitet på ein profesjonell måte. Sommarskolen er retta mot ei internasjonal målgruppe, for fagmiljøet ønsker å nå ut lengre enn berre Noreg med kunnskapen.

– Vi ser at mange land har kome langt i haldningar til seksualitet. Men generelt er det mykje mangel på kunnskap i store organisasjonar som FN og WHO. Desse har mykje makt, og det er viktig at dei som tar helsemessige avgjersler på eit så høgt nivå veit kva seksuell folkehelse dreier seg om. Det fins framleis undertrykkande politikk, og fleire land har framleis dødsstraff og fengselsstraff for seksuelle legningar og samlivsformer, seier professor Elsa Almås.