Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Søkjer deltakarar til forsking på trening og språk

Er du mellom 60 og 85 år, tospråkleg og lite fysisk aktiv? Då vil UiA ha deg med i eit nytt forskingsprosjekt.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Bilde av doktorgradsstipendiat Sindre Herskedal Fosstveit og Solveig Lohne. Sindre ser på en skjerm, Solveig går på en tredemølle.
Doktorgradsstipendiat Sindre Herskedal Fosstveit og Solveig Lohne testar maksimalt oksygenopptak. Ein del av dette er å gå på tredemølle.

– Forsking viser at når me vert eldre blir språkfunksjonen vår påverka. Vi bruker meir tid på å finna dei rette orda. Nokre av dei kognitive funksjonane som ikkje er språk-relaterte, slik som fokus og hukommelse, blir betre oppretthaldt viss du snakkar to språk. Men vi veit mindre om effekten på språkfunksjonen av å snakka to språk og i tillegg vere i god fysisk form når du blir eldre, seier førsteamanuensis Hilde Lohne-Seiler ved Institutt for idrettsvitskap og kroppsøving ved Universitetet i Agder.

Saman med prosjektleiar professor Linda Ruth Wheeldon frå Institutt for framandspråk og omsetjing skal dei nå derfor sjå på effekten av å kombinere tospråklegheit og regelmessig kondisjonstrening hos eldre. Prosjektgruppa er samansett av forskarar frå UiA og frå University of Birmingham. Planen er å først testa fysisk-, kognitiv- og språkfunksjon hos 160 inaktive eldre menn og kvinner fordelt på kontroll- og treningsgruppe. Deretter skal treningsgruppa gjennom seks månader med regelmessig, heimebasert kondisjonstrening. Til slutt skal fysisk-, kognitiv- og språkfunksjon testast på nytt hos begge gruppene.

Ønsker du å delta? Kontakt doktorgradsstipendiat Sindre Herskedal Fosstveit på sindre.fosstveit@uia.no eller på telefonnummer 948 22 211.

– Kan få stor betydning

– Det blir interessant å sjå om me klarar å bremse effekten på språkfunksjonen med å introdusere kondisjonstrening. Dette kan på sikt få stor betydning for korleis me tenker om og planlegg eldreomsorg, seier Lohne-Seiler.

Doktorgradsstipendiat Sindre Herskedal Fosstveit har erfaring med å forske på trening blant eldre, og skal blant annet hjelpe deltakarane med å gjennomføre treninga. 

Bilde av Sindre Herskedal Fosstveit som testar oksygennivået til Knut Liland.

Doktorgradsstipendiat Sindre Herskedal Fosstveit måler lungefunksjonen til Knut Liland.

– Alle deltakarar får kvar si pulsklokke og treningsskjorte. Vi skal produsere treningsvideoar, slik at alle kan få god instruksjon heime. I tillegg skal eg følgje kvar enkelt deltakar opp en gang per månad fysisk på UiA. Undervegs samlar eg inn data, som pulsmålingar og grad av utmatting, seier Herskedal Fosstveit.

Skal rekruttera 160 personar

For å verkeleg sjå effektane av treninga er det viktig at dei som blir rekruttert ikkje oppfyller aktivitetsråda til Helsedirektoratet. Det vil seie fysisk aktivitet i minimum 150 minutt med moderat intensitet per veke, eller 75 minutt med høg intensitet per veke. 80 personar skal gjennomføre treninga, og 80 personar skal vere kontrollgruppe. Kontrollgruppa må helde seg like inaktive som før gjennom dei seks månadene for å kunne samanlikne resultata, men dei vil få tilgang til dei same ressursane etter at det halve året er omme.

Nytt forskingsområde

Prosjektet skal sjå på dei som har norsk som morsmål, men som òg kan litt engelsk.

– Språkkravet er at du kan lese og forstå engelske tekstar og føre ein samtale på engelsk. Er du og mellom 60 og 85 år og lite fysisk aktiv, vil me gjerne ha deg med. Me har frå før sett resultat som kan tyde på at dei som snakkar to språk har betre kontrollfunksjon i hjernen, men kan ha problemer med å finne dei rette orda. Men det finnes ikkje studiar som har sett på korleis fysisk form kan påverke dette, seier professor Linda Ruth Wheeldon.

Du kan lese meir om prosjektet på nettsida: https://www.fab-study.com/