0
Hopp til hovedinnhold

Søkjelys på ideologien bak bibelomsetjingar

Finn vi dagens verdiar eller antikkens verdssyn i moderne bibelomsetjingar? Det er eit av spørsmåla som står til debatt når forskarar frå inn- og utland møtest på UiA for å diskutere omsetjingsteori og -praksis torsdag 19. og fredag 20. september.

Åpnet bibel, illustrasjonsfoto
Foto: Colourbox

Forskarane kjem frå Lodz og Athen, dei kjem frå Oslo og Uppsala, dei kjem til Kristiansand for å diskutere bibelomsetjingar med sine kollegaer ved Universitet i Agder (UiA).

Professor Tor Vegge har leia ei forskingsgruppe ved UiA som i mange år har arbeidd med spørsmål rundt bibelomsetjingar. Ei av fruktene av dette arbeidet er doktorgradsavhandlinga til Morten Beckmann, Bibelselskapets kristologi, ideologi og oversettelse (2017).

Internasjonal forskarkonferanse

Morten Beckmann, profilbilde

Han skreiv sjølv doktorgradsavhandling om open og skjult ideologi i bibelomsetjingar, og denne veka er Morten Beckmann prosjektansvarleg for konferansen «Is it Written?»

Avhandlinga kjem ut som bok seinare i år, men før siste punktum vert sett og siste korrektur lesen, skal forskaren gjennomføre konferansen «Står det skrive?», som eigentleg heiter «Is it Written?», og vert halden både på norsk, svensk og engelsk.

– Vi har samla internasjonale forskarar som har ulike erfaringar med bibelomsetjingar mellom anna til engelsk, svensk og polsk, seier Beckmann, førsteamanuensis ved UiA og prosjektleiar for konferansen.

Kven er Bibelen meint for, kva for premiss ligg til grunn for omsetjinga og kor oppbyggeleg skal den omsette teksten vere er blant problemstillingane som vert lagt fram under konferansen.

– Ingen omsetjingar vert gjennomført i eit vakuum. Dei er prega av samtida og dei ideala som til ei kvar tid er dominerande. Men også den opphavlege bibelteksten er i si tid skriven innanfor si samtid og med dei ideala som da rådde, seier Beckmann.

Sjå programmet for konferansen

Kulturell vending

Utover 1990-åra vart bibelforskarar prega av det som seinare er kalla ei kulturell vending i bibeltolkinga. Kort fortalt går det ut på at ein vart meir medviten om å forstå den kulturelle samanhengen teksten opphavleg er skriven innanfor.

Beckmann viser mellom anna til at det greske ordet for «slave» («doulos») er omsett til «tenar» i Bibel 2011, og dermed  vert ein viktig dimensjon med samfunnet på Jesu tid borte.

– Dette kjem førsteamanuensis Anders Martinsen frå OsloMet til å snakke meir om på konferansen, seier Beckmann.

Han ventar godt besøk av forskarar og studentar under heile konferansen, men meiner det skal gå an å finne plass i førelesingssalen også for andre som er interesserte i å høyre meir om ideologien bak bibelomsetjingar.

Send studiet på mail