0
Hopp til hovedinnhold

Snusar på ein internasjonal karriere

UiA-studentane Andreas Gravdahl og Simen Myhre er i Brussel for å knyte arbeidslivet i Agder saman med moglegheiter i Europa.

Andreas Gravdahl og Simen Myhre, foto
TRIVST: UiA-studentene Andreas Gravdahl og Simen Myhre trivst i Brussel. – Veldig OK å gjera noko nytt og nyttig og sjå noko meir av verda som ein del av studiane, seier dei to.

– Det gjer oss betre rusta til å møta arbeidslivet. Og så er det veldig spennande og lærarrikt. Ikkje minst lærer vi mykje om det å jobba internasjonalt, seier Andreas Gravdahl og Simen Myhre.

Studentpraktikantar

Dei to går begge i tredje semester på høvesvis Masterstudiet i statsvitskap og leiing med spesialisering i europeisk integrasjon, og Masterstudiet i samfunnskommunikasjon. I haust er dei studentpraktikantar ved Sørlandets europakontor i Brussel.

Opphaldet på høvesvis åtte og ti veker inngår som ein del av studiane. Begge har finansiert opphaldet sitt gjennom det europeiske utvekslings- og praksisprogrammet Erasmus +.

Sjå òg: Tredoblar studentutvekslinga i Europa

Knyt saman Agder og Europa

På Sørlandets europakontor, som held til i Norway House rett over gata frå Europakommisjonen, arbeider dei to UiA-studentane med ei rekke oppgåver knytt til oppgåva til kontoret, som er å vera eit ankerfeste for nærings- og samfunnsliv i Agder i Brussel.

– Mellom anna arbeider vi med å gjera tydeleg dei mogelegheitar for internasjonalt samarbeid og kontaktar samfunns- og næringsliv i Agder kan ha i EU, enten det er ved å kopla dei saman med nøkkelspelarar i Europa eller ved å gå saman som regionale aktørar i forhold til europeiske prosjekt, fortel Andreas Gravdahl.

– Målet er å bidra til at samfunns- og næringsliv i Agder kan utnytta dei internasjonale moglegheitene som finst i EU og i landa som er med, seier han.

Sjå òg: Vil ha fleire EU-prosjekt til UiA

Internasjonal storby

Dei to studentane fortel at det kan bli lange dagar med fokus på tema som blå vekst, helse- og velferdsteknologi, miljøteknologi, smarte byar og skule og utdanning – alle område der samfunns- og næringslivet i Agder har moglegheiter for tettare samarbeid med Europa. Men at det òg er rom for fritid.

– Det er utruleg spennande på jobben. Og det er også Brussel. Byen er ein internasjonal storby i Europa, og slik sett ganske annleis enn Kristiansand.

– Brussel er i det heile ein vakker by, med mange spennande bydelar og aktivitetar. Vi blir også kjente med ei rekke andre unge menneske frå heile Europa, ja eigentleg heile verda vil eg seia, som er her av same eller liknande årsaker som oss. Så vi har det heilt topp, seier Andreas Gravdahl.

Sjå òg: Meir om studentutveksling ved UiA