Gå til hovedinnhold
0
Jump to main content

Snart spadetak for etterlengta veksthus

Veka etter påske blir spaden sett i jorda for det nye veksthuset på Naturmuseum og botanisk hage ved UiA. Det opnar for auka bruk av hagen, auka formidling av aktivitetane til museet, og meir undervisninga av studentar ved UiA.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Illustrasjon av nytt veksthus
FORMIDLINGSARENA: Med nytt veksthus (t.h.) blir Naturmuseet og botanisk hage styrkt som formidlingsanlegg for både publikum og studentar. Det karakteristiske sekstenkanta ridehuset sjåast så vidt til venstre i skissa. (Ill.: Trollvegg arkitektstudio)

– Det er veldig bra å komme i gang no. Det blir eit godt løft både for dei tilsetje, studentar, publikum og andre delar av UiA. Då universitetet overtok museet og hagen for i underkant av fire år sidan, visste vi at delar av bygningsmassen var i dårleg forfatning, og vi forplikta oss gjennom ein avtale med Statsbygg å betre bygningsmassen, siger Paal Kulien, UiA sin prosjektleiar for ut- og ombyggingane.

Sjå kva Naturmuseum og botanisk hage byr på HER!

Ny bruk av veksthuset

Raul Ramirez og Paal Kulien utenfor naturmuseet, foto

GLER SEG: Museumsdirektør Raul Ramirez og prosjektleiar Paal Kulien gler seg over at det snart kjem eit nytt og større veksthus (bak, der de gamle vert riven), og eit meir opent og meir publikumsvenleg uteområde på Naturmuseum og botanisk hage ved UiA. (Arkivfoto)

I utbygginga som no startar, er det tenkt at det nye veksthuset fyrst og fremst skal brukast til å lagre plantar over vinteren. Og når det ikkje er i bruk, blir det lagt opp til at bygget kan nyttast til andre formål - som ulike arrangement fór opptil 150-200 personar, utstillingar, forelesingar, aktivitetar/kurs og annan formidling. Det vil òg kunne vere ein arena der studentar kan vise fram arbeidet sitt til alle som vil sjå.

Det har i tillegg vore eit sterkt ønske frå dei tilsetje på NBH at det blir lagt opp til eit større skilje mellom publikums- og driftsområda. Dette fordi det har vore ein del nestenulykker som følgje av dagens litt uklare skilje mellom områda.

Saman med Statsbygg og arkitekt har UiA fokus på å bygge miljøvennleg, og ser òg på moglegheita for gjenbruk der det lèt seg gjere. I tillegg legg ein opp til ei effektiv drift med låg energibruk og redusert behov for vedlikehald ved å nytte velvalde materiale i mellom anna berande konstruksjonar. Når det gjeld materialbruk ser ein for seg ein utstrekt bruk av naturlege materiale. I tillegg vurderer ein ulike former for lågenergi-løysingar, mellom anna bruk av naturleg golvvarme.

Meir formidling til publikum

Utbygginga som no startar er og eit ledd i å legge til rette for auka publikumsbesøk. UiA og Naturmuseet har eit mål om at museets og hagens område skal vidareutviklast for formidlingsaktiviteter. Eit nytt veksthus vil vere eit positivt tilskot i dette arbeidet, og vil i store delar av året opne for publikumsomsyningar med formidling av mellom anna teoretisk og praktisk plantekunnskap.

Meir for studentane

Studentane er og ei viktig målgruppe for auka aktivitet i området, og naturmuseet og botanisk hage har allereie no god kontakt med mellom anna barnehagelærarutdanning og grunnskulelærarutdanning Vidare er det tenkt at området skal kunne nyttast aktivt i utdanninga.

Arkitekttegning av området ovenfra

OPNAR SEG: Områdd ringa i raudt er areal som opnar seg for publikum i større grad enn i dag. (Ill: Trollvegg arkitektstudio)