0
Hopp til hovedinnhold

Smart vegbygging for betre klima

Statens vegvesen skal redusere CO2-utslippa når dei bygger veg og får hjelp av ny database utvikla gjennom eit doktorgradsprosjekt ved Universitetet i Agder. 

Foto av vegprosjekt
Førsteamanuensis Reyn O’Born har samarbeidd med Statens vegvesen om tiltak for å redusere utslepp ved bygging og vedlikehald av veger i Noreg (foto: Colourbox).

– Reduksjon av utslepp og miljøvennlege tiltak for vegbygging kan starte allereie når entreprenørar sender inn anbod på vegprosjekt, seier førsteamanuensis Reyn O´Born på institutt for ingeniørvitskap ved Universitetet i Agder (UiA). 

Nyleg disputerte han med ei doktorgradsavhandlinga om nye strategiar for å bygge vegar meir miljøvennleg. Avhandlinga har tittelen Strategies and solutions for including life cycle emissions in planning Norwegian road infrastructure.

O’Born har følgt doktorgradsløpet ved Fakultet for teknologi og realfag med spesialisering i fornybar energi. Statens vegvesen har finansiert doktorgradsarbeidet. 

Reyn O’Born er førsteamanuensis ved Institutt for ingeniørvitskap ved UiA.

Reyn O’Born er førsteamanuensis ved Institutt for ingeniørvitskap ved UiA.

I samarbeid med Vegvesenet har han utvikla ein database som skal hjelpe dei i anbodsfasen. Databasen gir ei oversikt over livsløpssyklusen til materialar og prosessar som skal til for å planlegge og gjennomføre eit vegprosjekt.  

– 10-12 prosent av Noregs statsbudsjett går til vegbygging, infrastruktur og vedlikehald. Då er det viktig at dette blir gjort med minst mogleg utslepp og avfall. Derfor trengs eit system der det kjem fram kva for arbeidsprosessar og materialval som gir mest miljøvinst over tid, seier O’Born. 

Miljødatabase for klimaplanlegging 

I Statens vegvesen har dei bøker med kodar for kvart einaste produkt og kvar einaste prosess i eit vegprosjekt. Kodane seier noko om krava til korleis ein bruker dei og korleis ein gjer dei enkelte handlingane i ein prosess. 

Det nye med systemet O’Born har utvikla, er ein database med oversikt over alle material og prosessar som skal gjere det lettare for entreprenørane å velje miljøvennleg. Samtidig blir det enklare for Vegvesenet å sjå kven av entreprenørane som er best på miljøvennleg vegutbygging. 

Oversikten om livsløpssyklusen til materiala gir eit heilskapleg bilde av den totale miljøpåverknaden heilt frå råvareutvinning, via produksjonsprosessar og bruk til avfallshandtering, transport og energibruk. 

– Informasjonen i databasen gjer at Vegvesenet får eit betre grunnlag for å vurdere og samanlikne kor klimavennlege tilboda frå entreprenørane er , seier O’Born.  

Redusere utslepp med 40 prosent

Samarbeidet med O’Born er ein del av innsatsen Vegvesenet gjennomfører for å ta i bruk og utvikle reinare teknologi, drivstoff, material og metodar. 

20 prosent av dei årlege globale karbonutsleppa kjem frå byggeverksemd. Innan år 2030 skal Statens vegvesen redusere klimagassutsleppa med 40 prosent. Dei største utsleppa er knytt til store vegprosjekt.  

– På eit typisk prosjekt vil omkring ein tredjedel av klimagassutsleppa komme frå bruk av diesel i anleggsmaskinar og transport av material og massar. To tredjedelar av utsleppa kjem frå produksjon av material, til dømes betong, stål og asfalt, seier forskaren. 

Ved å velje entreprenørar som bruker riktige material og arbeidsprosessar kan Statens vegvesen bidra til at Noreg klarer å nå klimamåla. 

Legge til rette for innovasjon

Livssyklusanalysane brukt i forskinga til O’Born har vist at det kan vere nyttig å bruke for å kalkulere miljøavtrykket til vegprosjekt. Foreløpig er dei derimot ikkje robuste nok eller særleg brukarvennlege til å bli brukt i dagens vegplanlegging. 

– Vi kan nå Norges klimamål med enkle tiltak. Om vi er smartare med planlegging av infrastruktur og har ein betre oversikt tidlegare i prosessen. Styresmaktene må bli meir ambisiøse og legge til rette for innovasjon i entreprenørbedriftene, seier O’Born.

Mellom anna kan styresmaktene gi intensiv til bedriftene. Dette vil føre til at entreprenørar kan velje material og gjennomføre prosessar med mindre utslepp.