Gå til hovedinnhold
0
Jump to main content

Skulen tek ikkje opp seksuelle overgrep mot unge

– Lærarane bryr seg om elevane sine, men å la vere å snakke om krenkingar og overgrep blir ein misforstått måte å vise omsorg på, seier forskar Beate Goldschmidt-Gjerløw.

Foto av skoleungdom sett bakfra
Då forskaren sette opp eit rollespel med elevar på vidaregåande skule, gav elevane uttrykk for at dei var makteslause til å stå imot trakassering i kvardagen. Dei kjende heller ikkje til at dei hadde rettar som skulle verne dei mot det, eller at læraren hadde ansvar for å hindre det. (Illustrasjonsfoto: iStockphoto)

Det byrja med ein episode av Skam.

Andre sesong av NRKs populære ungdomsserie følgde karakteren Noora Amalie Sætre. I niande episode vaknar ho opp etter ein fest og mistenkjer at ho har vorte valdteken av broren til kjærasten sin.

Beate Goldschmidt-Gjerløw var lærar på vidaregåande skule då serien vart send i 2016.

– Då eg såg den episoden, tenkte eg at eg var nøydd til å snakke med klassen min om dette. Ungdommar opplever ofte å bli krenkt av andre ungdommar, og eg ville ta opp tema som grensesetjing og rettar, seier Goldschmidt-Gjerløw.

Då ho tok opp Skam-episoden i klassen, viste det seg at elevane hadde snakka svært lite om slike tema tidlegare. Det vart ikkje teke opp av lærarane, og dei snakka heller ikkje mykje med foreldra sine om det.

Lærarkollegaer Goldschmidt-Gjerløw snakka med, var usikre på om dette var det tema som høyrde heime i klasserommet i det heile. Og om dei skulle undervise i det – kor skulle dei starte?

Foto av Beate Goldschmidt Gjerløw

Beate Goldschmidt-Gjerløw har følgt ph.d.-programmet i samfunnsvitskap med spesialisering i sosiologi og sosialt arbeid ved Universitetet i Agder. (Foto: UiA)

Nedst på lista over tema

Spol fram til våren 2023, og Beate Goldschmidt-Gjerløw har nyleg teke ei doktorgrad ved Universitetet i Agder (UiA). I arbeidet har ho blant anna intervjua 64 samfunnsfaglærarar.

Ho spurde lærarane om i kva grad dei underviser i tema som valdtekt blant unge, seksuelle overgrep mot barn, og metoo.

– Krenkingar mot barn og unge kom heilt nedst på lista over kva tema lærarane snakka om med klassen, seier Goldschmidt-Gjerløw.

Årsakene er komplekse. Lærarane opplevde at dei ikkje hadde nok kompetanse på området. Dei såg for seg at dei kunne retraumatisere eller stigmatisere elevar som kan ha opplevd krenkingar, og var redde for at nokon skulle bryte ut i gråt eller springe ut av klasserommet.

– Lærarane var engstelege for å komme for nært på elevane. Slike bekymringar gjer at verken lærarar eller elevar tek opp krenkingar eller overgrep, seier Goldschmidt-Gjerløw.

Ho meiner det meste av forklaringa ligg i manglar ved lærarutdanninga og læreplanen, men også i det kulturelle tabuet ved snakke om slike tema.

– Lærarane bryr seg veldig om elevane sine, men å la vere å snakke om krenkingar og overgrep blir ein misforstått måte å vise omsorg på. Tema som skeive maktforhold, og at offer aldri har skuld i det som har skjedd, er viktig å ta med inn i undervisninga.

Historisk tabu for kvinner

Forskaren fann ein tydeleg samanheng mellom kjønnet og alderen til lærarane, og kor villige dei var til å snakke om krenkingar og overgrep med klassen.

– Særleg unge kvinnelege lærarar tek opp tematikken, så der møtte eg meg sjølv i døra, seier Goldschmidt-Gjerløw med eit smil.

Dei yngre lærarane underviser meir om dette enn dei eldre. Og eldre, kvinnelege lærarar underviser minst om det.

– Historisk sett har det vore veldig vanskeleg for kvinner å snakke om slike erfaringar. Det er mogleg at dette kulturelle tabuet kan vere forklaringa, seier forskaren.

Ingen grip inn i røyndommen

Inspirert av funna sine har Goldschmidt-Gjerløw laga eit undervisningsopplegg om trakassering og overgrep. Her samarbeidde ho med to av lærarane ho intervjua og elevane deira.

Ho gav elevane ei liste med ti tema som dei kunne velje å jobbe med. Dei valde trakassering og overgrep blant unge.

– Det er på ein måte eit paradoks, og kanskje ei forklaring også: At når lærarane underviser så lite i det, så vil elevane lære meir om det, seier Goldschmidt-Gjerløw.

Saman utvikla dei eit rollespel. Elevane skreiv manus lagt til stader som trening, fest, eller på bussen. Elevane fylte sjølv rollene som trakassert, den trakasserande parten, tilskodarar, og den som grip inn.

– Vi ville gjere elevane medvitne om at dei kan påverke situasjonar der dei ser at nokon blir trakasserte. Men dei følte at det gjorde rollespelet fake, for i det verkelege livet opplever dei at ingen grip inn, seier Goldschmidt-Gjerløw.

Elevane gav uttrykk for at dei var makteslause til å stå imot trakassering i kvardagen. Dei kjende heller ikkje til at dei hadde rettar som skulle verne dei mot det, eller at læraren hadde ansvar for å hindre det.

– Dei hadde tatt på seg alt ansvar, og følte at dei berre måtte handtere det på eiga hand. Det er eit stort potensial for forbetring om elevane blir klar over at dei har rett til å bli verna mot slike hendingar, seier forskaren.

Særleg gutane i klassen fortalde at dei ikkje ville sagt frå om dei vart utsette for noko, mens jentene var meir i tvil. Dette har med tradisjonelle kjønnsroller å gjere, seier Goldschmidt-Gjerløw.