0
Hopp til hovedinnhold

– Skriv gjerne passivt, seier språkforskaren

Dei fleste innføringsbøker og språklærarar seier vi må vakte oss for passive setningar. Språkforskaren meiner derimot at passiv er ein fullverdig tale- og skrivemåte.

Illustrasjon av barn i klasserom
Ifølgje Noam Chomsky har vi alle ei medfødd språkevna. Derfor kan barn allereie i fireårsalderen uttale stadig nye setningar (foto: Unsplash).

– Det er ein grunn til at vi har passive konstruksjonar i språket, og da må vi bruke dei der dei passar, seier Arild Høie Henriksen, universitetslektor ved Universitetet i Agder (UiA).

Da Arild Høie Henriksen vart kjent med språkteoriane til Noam Chomsky, fekk han eit nytt syn på språket. No har han levert ei doktoravhandling der han bruker teoriane til den amerikanske språkforskaren.

Da Arild Høie Henriksen vart kjent med språkteoriane til Noam Chomsky, fekk han eit nytt syn på språket. No har han levert ei doktoravhandling der han bruker teoriane til den amerikanske språkforskaren.

Han disputerte nyleg for doktorgraden ved UiA med ei avhandling om passive setningar på engelsk og norsk.  

Han har sine grunnar for å gå inn for passivkonstruksjonar. Før vi går inn på dei, går vi tilbake til Newcastle University i 2001. Der fekk Henriksen høyre at språk ikkje er kommunikasjon. Den førelesinga var oppsiktsvekkande for språkstudenten.  

No vart han merksam på språktenkinga til Noam Chomsky. Amerikanaren revolusjonerte synet på språk og språkanalyse frå omkring 1950-åra og fram til i dag. Han tok eit oppgjer med behaviorismen og teorien om at språkkompetanse er resultat av stimuli og respons.

Språkevna er medfødd, sa Chomsky. Han lanserte teorien om at alle i heile verda har ein indre grammatikk. Han kalla den universell grammatikk. Etter kvart vart han opphavsmannen til det vi i dag kallar generativ grammatikk

Språk er medfødd

Vi snakkar engelsk, norsk og samisk. Koreansk, færøysk og spansk. Men ifølgje teorien til Chomsky, har vi det grunnleggjande felles. 

Det grunnleggjande er evna til språklæring. Allereie i fireårsalderen er prinsippa for språkleg produksjon utvikla hos barn. Frå da av kan barna formulere og forstå setningar dei verken har høyrt eller sagt før.

– Motstykket til den teorien er at vi lærer språk slik vi lærer å sykle eller spele sjakk, ved at nokon instruerer oss og får oss til å øve. Men fireåringen har allereie utan instruksjon tatt i bruk dei grunnleggjande strukturane eller prinsippa for språkbruk. Fireåringen kan produsere stadig nye setningar, seier Henriksen.  

I dag synest han dette er sjølvsagt, men går likevel med på at språk også er kommunikasjon. 

– Primært er språket ein måte å strukturere og produsere tankar på, men vi kan gi språket andre oppgåver også, som å kommunisere, seier Henriksen.

Passive og aktive setningar

Doktoravhandlinga hans følgjer teoriane til Chomsky. Han har analysert setningar frå ei samling med tekstar (korpus) på engelsk og norsk, mellom anna 100 romanar.  

– «Eg åt halve kaka» er ei aktiv setning. Vi kan gjere henne om til passiv slik: «Ei halv kake vart eten», seier Henriksen. 

Han gir eit lynkurs i forskjellen på aktive og passive setningar: I den aktive setninga var «Eg» den aktive som gjorde noko (subjekt). «Kaka» vart gjort noko med (objekt).

I den passive setninga vart «kaka» flytta fram til subjekt-plassen og vart subjekt. 

Det andre som skjer i denne passivsetninga, er at vi ikkje lenger veit kven som åt halve kaka. Den (subjektet) som åt opp halvparten av kaka er skjult, eller undertrykt.   

Derfor treng vi passive setningar

– Denne passivsetninga er eit godt døme på kvifor vi treng slike setningar. Den som snakkar, kan ha gode grunnar for å skjule kven som har ete opp kaka, seier Henriksen. 

Men han gjer samtidig merksam på at vi kunne ha sagt med ei passivsetning at halve kaka vart eten opp av meg, far eller mor. Vi bruker ikkje passiv berre fordi vi har noko å skjule. 

Språkforskaren kallar passivkonstruksjonar for ein fullverdig tale- og skrivemåte. Og da er  tida inne for å ramse opp tre av hans grunnar for å bruke passivsetningar. 

  1. Vi ønskjer å skjule eller gi mindre vekt til den (subjektet) som utfører handlinga
  2. Vi ønskjer å vektleggje handlinga og ikkje kven som har gjort det
  3. Vi veit ikkje kven som har gjort handlinga, men veit at handlinga er gjort

Passiv på engelsk og norsk 

– Men kvifor er passivsetningar på engelsk og norsk ulike, viss dei er bygde på dei same medfødde prinsippa? 

– Ifølgje Chomsky finst det grunnleggjande prinsipp som er like i alle språk. I tillegg har det utvikla seg lokale eller nasjonale prinsipp som gir skilnader i språkbruken, seier Henriksen. 

Ordstillinga på engelsk og norsk er ulik i såkalla upersonlege passivsetningar.

«Det vart skoten ein mann» kan det heite på norsk. Men «There was shot a man» er feil på engelsk. På engelsk heiter det «There was a man shot».  

Her er rekkefølgja av orda ulik på engelsk og norsk. På norsk kan vi også lage upersonleg passiv av setningar utan objekt. Det er ikkje mogleg på engelsk: «Det vart dansa» er heilt fint på norsk. Men «There» eller «It was danced» er ugrammatikalsk på engelsk.

Fornyar og forenklar Chomsky 

Generativ grammatikk var til å byrje med svært omstendeleg. Minimalismen er eit forsøk på å forenkle heile teorien. Den teorien har Henriksen brukt i sitt doktorarbeid.

Forklaringa på døma over er at verbet i passivsetningar i engelsk ikkje kan tildele kasus til eit objekt uavhengig av om objektet er realisert eller ikkje. Derfor kan vi verken seie "There was danced a dance" eller "There was danced" på engelsk. 

– Forklaringa med kasusteori i sentrum har ikkje vore brukt sidan før minimalismen. Men mi forklaring er enklare fordi eg bruker den same forklaringa på begge fenomena, både med og utan objekt, seier språkforskar Henriksen. 

Som no skal undervise studentar på UiA i språk og forske vidare på teoriane om det medfødde språket og dei passiva setningane.