Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Sjukepleiestudentar på UiA er blant dei beste i landet

Færre studentar strauk på nasjonal deleksamen i sjukepleiestudiet i 2019, og resultata frå UiA er blant dei beste i Noreg. – Dette gjer meg stolt og glad, seier dekan Anders Johan Wickstrøm Andersen.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Illustrasjonsfoto av sjukepleiarar
Resultata ved sjukepleieutdanningane til UiA har lenge hatt ei positiv utvikling. No er universitetet blant dei fremste i landet. (Foto: Jon-Petter Thorsen)

Resultata frå nasjonal deleksamen i sjukepleiarstudiet blei klart i januar. Dei viser at det på nasjonalt nivå var 19,7 prosent av studentane som strauk i 2019. På sjukepleiestudiet til Universitetet i Agder (UiA) i Kristiansand var talet 8,4. Dette er nest best i landet.

Eksamen var i anatomi, fysiologi og biokjemi, grunnleggande fag for sjukepleiefaget.

– Studentane har gjort ein førebiletleg innsats, og har nok ei gong levert resultat som ligg fremst i landet. Det gjeld studentar både ved Campus Grimstad og Campus Kristiansand, seier dekan Anders Johan Wickstrøm Andersen ved Fakultet for helse- og idrettsvitskap ved UiA.

Photo of Anders Johan Wickstrøm Andersen

– Gode resultat stimulerer oss til å halde engasjementet oppe og skape eit inspirerande læringsmiljø. Slik legg vi til rette for at studentane gjer det godt på eksamen, seier dekan Anders Johan Wickstrøm Andersen på Fakultet for helse- og idrettsvitskap.

Talet på studentar som strauk ved Campus Grimstad var 16,9 prosent, framleis under snittet i landet. 50 prosent av studentane i Kristiansand og 30 prosent av studentane i Grimstad fikk karakterane A eller B, med eksterne sensorar oppnevnde av NOKUT. UiA har òg dei mest fornøgde sjukepleiestudentane i landet.

Grunnleggande kunnskap

Andersen seier at studentane ved sjukepleieutdanninga ved UiA i fleire år har levert resultat som er heilt i teten av sjukepleieutdanningane i Noreg.

– Dette gjer meg stolt og glad fordi dette er kunnskapsområde som er grunnleggande for å bli gode sjukepleiarar. Det betyr at studentane har eit godt utgangspunkt for vidare studiar og ei forståing av korleis helse og sjukdom utviklar seg, seier han.

Dekanen seier at dei gode resultata kjem av eit godt samarbeid mellom studentar og faglærarar, og at engasjerte tilsette over fleire år systematisk har arbeidt for å gjere undervisninga i anatomi, fysiologi og biokjemi betre.

Han trekker fram Jørn Hustad og Arne Leland, som i 2017 fekk UiAs utdanningspris for nettopp sjukepleieutdanninga.

– Det sentrale har vore studentaktive læringsformer, utprøving av kreative undervisningsformer, utstrekt bruk av studentassistentar, og god tilgang på engasjerte og kunnskapsrike fagfolk. Mange av studentane har òg vore begeistra for digitale læremidlar, seier Andersen.

Motiverer studentane

Photo of Jørn Hustad

– Vi har laga eit opplegg vi trur på, og det har fungert veldig godt dei siste åra, seier Jørn Hustad, universitetslektor på Institutt for helse- og sjukepleievitskap.

Ved UiA blir det brukt fleire utradisjonelle metodar for å legge til rette for betre læring i sjukepleieutdanninga, fortel universitetslektor Jørn Hustad på Institutt for helse- og sjukepleievitskap.

– Det er studentane sjølve som har skapt dei gode resultata. Men vi er ein gjeng med undervisarar som brenn for å motivere dei. Når studentane kjem på førelesing har dei ei forventning om at dei får noko dei ikkje kan få nokon annan stad, seier han.

Mellom anna har Hustad og kollegaane blitt inspirerte av den amerikanske sosiologen Aaron Antonovsky, og har brukt hans teoriar om god helse inn i kvardagen til studentane.

Eitt av grepa er NatVit Kafé, der studentane i mindre grupper får møte undervisarane og sjølve kan spørje om ting dei lurar på. Dei ferske studentane får også hjelp av studentar som har kome lengre i utdanningsløpet, og som gir råd om korleis dei kan jobbe. Eit anna grep er at studentane får tydelege mål og klare rammer frå første dag.

– Utdanninga vår er under stadig utvikling, og UiA er kjent for sine gode sjukepleieutdanningar. Vi vil motivere studentane til å bruke eigne ressursar, det er den viktigaste jobben vi har, seier Hustad.

Krevjande men verdifullt

Terje Mørland er direktør i Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). I ei pressemelding peikar han på at det framleis er store variasjonar mellom institusjonane.

– Resultata tyder på at anatomi, fysiologi og biokjemi er krevjande for sjukepleiestudentane. Samstundes er desse emna grunnleggande for sjukepleiarar, og derfor er det viktig at institusjonane held fram med å betre resultata, seier han. 

Andersen seier seg einig med Mørland i at god kunnskap om korleis menneskekroppen er bygd opp og korleis han fungerer er heilt grunnleggande for sjukepleiarar.

– Fleire kan nok finne kunnskapsfeltet krevjande, men det er òg fagområde som mange studentar finn stor glede i å arbeide med. Det gir lærdom som har stor betyding også for andre delar av livet, seier han.

Dekanen legg til at dette er kunnskapsfelt som i enda større grad kan nytte digitale læremiddel og VR-teknologi. Det er òg eit område som er felles for fleire utdanningar, og Andersen ser høve for tverrfaglege satsingar i framtida.