Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Sjukepleiarstudentar øver på virtuelle pasientar

VR-briller og eit virtuelt undersøkingsrom skal no gjere sjukepleiarstudentane på UiA betre på kliniske undersøkingar av pasientar. 

I det virtuelle undersøkingsrommet kan sjukepleiarstudentane på UiA øve på pasientar i eige tempo og så mange gonger dei vil. Denne veka lanserte og demonstrerte førstelektor Jørn Hustad (t.h) og den tidlegare studenten Tor Halvard Svendsen (t.v) VR-verktøyet for rektoratet på UiA.

Verktøyet framstiller ein virtuell røyndom (VR) der sjukepleiarstudentane kan øve på kliniske undersøkingar av pasientar i eit virtuelt undersøkingsrom. 

Det virtuelle rommet og pasienten blir synleg når studentane tek på seg VR-briller.  

Jørn Hustad er førstelektor på Institutt for helse- og sjukepleievitskap ved UiA.

Jørn Hustad er førstelektor på Institutt for helse- og sjukepleievitskap ved UiA.

– Dette kan bidra til mykje læring. Studentane treng å øve meir for å bli tryggare i situasjonar med pasientar. Mange fortel at dei er usikre om korleis dei skal gå fram når dei skal undersøke pasientar klinisk. 

Det seier Jørn Hustad. Han er førstelektor ved Institutt for helse- og sjukepleievitskap på UiA og ansvarleg for utviklinga av verktøyet. Arbeidet er utvikla i tett samarbeid med Tor Halvard Svendsen og Sindre Bakken. Dei utvikla programvara i VR-verktøyet medan dei gjennomførte bachelor- og masterutdanninga i multimedieteknologi på UiA.

Virtuelt undersøkingsrom

Ved å ta på VR-brillene får brukaren først visualisert eit rom med fleire skjermar. Her kan brukaren velgje mellom åtte pasient-scenario som dei vil øve seg på. Pasient med utslett, allergireaksjon, urinvegsinfeksjon eller ein heilt frisk pasient er døme på situasjonar studentane kan øve på.   

Tor Halvard Svendsen og Sindre Bakken har utvikla programvara til VR-verktøyet som ein del av bachelor- og masterutdanninga si i multimedieteknologi ved UiAs Institutt for IKT.

Tor Halvard Svendsen og Sindre Bakken har utvikla programvara til VR-verktøyet som ein del av bachelor- og masterutdanninga si i multimedieteknologi ved UiAs Institutt for IKT.

Studenten kjem deretter inn i eit undersøkingsrom der pasienten ligg på senga. Ei sjekkliste på ein dataskjerm hjelper studenten med kva han skal undersøke. 

– Instruksane skal vere tilnærma lik det sjukepleiarstudentane vil møte i heimetenestene, sjukeheim og sjukehus. Det flotte er at studentane kan gjennomføre i eige tempo og så mange gonger dei vil, seier Hustad. 

Det blir brukt handkonsollar for å simulere brukarens hender. 

– I verktøyet får studentane både lyd og bilde for at situasjonen skal vere så realistisk som mogleg, seier Hustad. 

UiA har investert i 12 VR-briller – 6 til sjukepleiarutdanninga i Grimstad og 6 til dei i Kristiansand.

Eit supplement

Det nye verktøyet blir eit supplement til fysisk undervising og simuleringsdokker.

Øvingar med sim-dokkene gir eit godt læringsutbytte for studentane, men er ressurskrevjande ifølge Hustad. 

– VR-utstyret er enkelt for studentane å bruke på eigenhand og dei kan køyre øvingar så mange gonger dei vil, seier Hustad. 

Morgan Konnestad er førstelektor ved Fakultet for teknologi og realfag. Han har vore rettleiar for studentane og arbeida med framdrift i prosjektet.

Morgan Konnestad er førstelektor ved Fakultet for teknologi og realfag. Han har vore rettleiar for studentane og arbeida med framdrift i prosjektet.

Tverrfagleg samarbeid

Prosjektet har namnet Medex VR – Klinisk undersøking av pasient. Arbeidet er eit tverrfagleg samarbeid mellom studentar og rettleiarar. Frå Fakultet for teknologi og realfag har Morgan Konnestad, Jostein Nordengen, Maurice Isabwe vore sentrale. Frå Fakultet for helse- og idrettsvitskap har Dag Tomas Sagen Johannessen og Hustad vore nøkkelpersonar. 

Prosjektet blei starta av Hustad med midla han og Arne Leland fekk då dei blei tildelt Utdanningsprisen ved UiA i 2017. Leland gjekk bort rett før prisen blei delt ut. Hustad ønskte å bruke pengane på å utvikle eit rimeleg, brukarvennleg og berbart verktøy til bruk i sjukepleiarutdanninga. 

I 2021 fekk Hustad midlar frå UiAs Program for utdanningskvalitet (PRUK) for å ferdigstille prosjektet.