Gå til hovedinnhold
0
Jump to main content

Sikre deg juletorsken i god tid før julaftan

Skal du fiske eigen torsk til julemiddagen? Då bør du ro ut i god tid. 

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Photo of Ann-Elin Wårøy Synnes on a boat holdning a cod.
Doktorgradsstipendiat og torskeforskar Ann-Elin Wårøy Synnes frå senter for marin forsking på UiA anbefaler fiskeglade sørlendingar om å vere ut i god tid om ein vil ha torsk til jul. Foto: Ann-Elin Wårøy Synnes.

– Før var det heilt vanleg å ta ein svipptur ut med båten på morgonen på julaftan. Då var ein garantert å få ein torsk eller to som kunne bli servert til julemiddagen. Slik er det ikkje lenger, sjølv om ein kan ha flaks, seier doktorgradsstipendiat Ann-Elin Wårøy Synnes ved Institutt for naturvitskap og senter for marin forsking på UiA.  

Wårøy Synnes forskar på torskebestanden i Oslofjorden og Skagerrak. Bestanden i desse områda har gått drastisk ned dei siste ti åra, og det er ikkje like enkelt som før å få torsk på kroken. 

Fisk i frysedisken

– I Oslofjorden får fritidsfiskarar nesten ikkje torsk lenger. Det må dei kjøpe i butikken. Torsken som er igjen i Oslofjorden er liten. Det er flaks om ein får torsk over minstemålet på 40 cm. Tilstanden er litt betre på Sørlandet, men det er likevel ikkje flust med torsk her heller, dessverre, seier Wårøy Synnes. 

I daglegvarebutikkar vil det likevel vere mogleg å få tak i torsk. 

Bilde av liten torsk fisket i Oslofjorden

Dei siste åra har fritidsfiskarar fått mye små torsk. Foto: Ann-Elin Wårøy Synnes

– Det blir nok ikkje noko problem å få kjøpt torsk i butikken. Butikkane har mykje i frysedisken, seier Wårøy Synnes. 

Ho oppfordrar likevel å vere tidleg ute i tilfelle etterspørslen blir stor. 

Torsk på Fiskebrygga

Dei siste vekene har det vore mykje dårleg vêr på Sør- og Vestlandet. Dette har gitt utslag for torskefisket. 

Fiskeutsalget Reinhartsen på Fiskebrygga i Kristiansand er likevel optimistiske på at dei kan levere fersk torsk til jul. 

– Trass dårleg fiske dei siste vekene er vi sikre på at vi kan levere fersk torsk til folk til jul. Dei må berre hugse å vere ute i god tid med å bestille, seier Torkil Kløvning hos Reinhartsen.