Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Sender personleg videohelsing til 2400 studentar

Alle UiA-studentar som fullfører master- eller bachelorgraden i vår, får ei videohelsing frå rektor Sunniva Whittaker. Bak videoen ligg moderne teknologi og ein heil del dugnadsånd.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Foto av Sunniva Whittaker fra filmen
– Det er viktig å gi studietida ei verdig avslutning, seier rektor Sunniva Whittaker. Foto er henta frå filmen.

Ei mengde folk går nedover Universitetsveien med flagg og banner høgt heva. Frå kontoret ser rektor Sunniva Whittaker folkemengda, før ho snakkar til kameraet og gratulerer ein av vårens bachelor- eller masterstudentar ved namn.

Det er bare starten av videoen som kvar enkelt avgangsstudent får frå Universitetet i Agder (UiA) i desse dager. Godt hjelpt av moderne løysingar som datafletting, får kvar student ein personleg video.

– Studentane har stort sett hatt kontakt med forelesarane sine over skjerm det siste året, og har berre i liten grad blitt sett som individ. Vi hadde planar om ein fest i botanisk hage, men når det ikkje vart mogleg ville gi ei helsing til studentane som enkeltpersonar, seier Whittaker.

Alle avgangsstudentar mottar videoen nå for å kunne ta helsinga med seg inn i sommarferien. Då ulike program har ulike datoar for innleveringar, eksamen og sensur, vil fleire få helsinga før dei formelt er tildelt grad.

Ny teknologi

På universitetet er det tradisjon for å markere avgangsstudentane i slutten av vårsemesteret. I år var det lenge usikkert om det ville bli mogleg å ha ei fysisk markering, så universitetet trong ein alternativ plan.

– Vi har hatt lyst til å bruke denne teknologien ei stund, og dette var ei gyllen anledning. For budsjettet til det avlyste arrangementet for masterstudentane, kunne vi produsere videohelsingar til alle avgangsstudentane, seier rådgjevar Thomas Eikeland Fiskå ved UiAs Kommunikasjonsaveling.

Han har leia produksjonen av videohelsingane, eit arbeid som blei vanskeleg både på grunn av vêret og koronatiltaka i Kristiansand.

– Dette er noko vi har gjort innimellom alt det andre som skjer. Mest arbeid fekk Sunniva, ho måtte lese opp over tusen namn for at alle skulle få ei personleg helsing, seier Fiskå.

Foto fra videoproduksjonen

Manusforfattar Andreas van der Eynden frå UiAs Kommunikasjonsavdeling (t.v.) med rektor Sunniva Whittaker, fotograf Morten Torjussen frå UiAs Mediesenter, og ansvarleg for masteravslutninga Maiken Græsli McNeill frå Kommunikasjonsavdelinga.

Las opp tusen namn

Whittaker var ikkje i tvil om at det var riktig å gjere dette.

– Det er ei viktig hending i livet når du er ferdig med studia. Då ventar nye og spennande oppgåver. Det er viktig å gi studietida ei verdig avslutning, seier Whittaker.

Ho seier det var ei fin oppleving å lese alle dei tusen namna.

– For kvart namn ser ein for seg personen bak. Noen navn går igjen, mens andre er unike. Men når vi først skulle gjere dette, var det viktig at alle skulle få ei personleg helsing, seier Whittaker.

Ting tydar på at ei videohelsing kan bli ein ny del av tradisjonen for avgangsstudentane ved UiA, også etter at pandemien er over.

Videoen er produsert i eit samarbeid mellom Kommunikasjonsavelingen og It-avdelingens mediesenter på UiA.