Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Samskaping mellom nord og sør

Korleis kan me bruka lokalkunnskap til å bygga sterkare lokalsamfunn? Dette er kjernen i RESILIENT-prosjektet.

Biletet viser utvekslingsstudentane og tilsette frå UiA framfor hovudbygget på Campus Kristiansand.
Åtte doktorgradsstudentar frå Aust-Afrika er for tida ved UiA, som ein del av RESILIENT-prosjektet. På biletet sest studentane og medverkande frå UiA.

Som ein del av prosjektet er åtte doktorgradsstudentar frå Uganda, Rwanda og Tanzania for tida ved Universitetet i Agder (UiA) for å styrkja nord-sør-samarbeidet.

– Mange program for sosialt arbeid har prøvd å bruka vestlege modellar for problemløysing på utfordringar i det globale sør. Men desse modellane mislykkast ofte fordi dei ikkje bruker lokalkunnskap godt nok. Prosjektet vårt har som mål å endra dette, seier professor Ann Christin Eklund Nilsen.

RESILIENT-prosjektet starta i 2021, som eit samarbeid mellom University of Rwanda, Makerere University i Uganda, Institute of Social Work i Tanzania og UiA.

UiA bidreg til prosjektet med kapasitetsbygging, fagleg samarbeid og felles rettleiing av åtte doktorgradsstudentar på utveksling til Noreg.

– Lokalkunnskap er avgjerande for å identifisera utfordringar og korleis dei skal løysast. Doktorgradsstudentane jobbar med lokalsamfunn i dei respektive landa sine for å utvikla kunnskap. Saman med kollegaene våre i det globale sør hjelper me studentane med å setja kunnskapen inn i ein akademisk kontekst og rettleia dei i å gjera kunnskapen sin tilgjengeleg for andre, seier professor Nilsen.

Les meir om RESILIENT-prosjektet på nettsidene deira.

– Ei flott oppleving

Ein av doktorgradsstudentane er Pierre Celestin Bimenyimana frå Rwanda. Han forskar på korleis rwandiske ungdommar melde seg frivillig til å spreia informasjon for å forhindra spreiing av Covid-19, og korleis denne heimelaga løysinga kan brukast til å få bukt med framtidige pandemiar. 

Biletet visar Pierre Celestin Bimenyimana.

Pierre Celestin Bimenyimana frå Rwanda er på utveksling til UiA.

– Å vera på utveksling her i Noreg er ei flott oppleving. Me får høvet til å møta kollegaer frå nabolanda, samarbeida med dei og oppleva ein ny kultur saman. Teknologinivået her er veldig ulikt frå heime, noko som gjer det lettare for meg å forska, seier Bimenyimana.

Doktorgradsstudentane kom til Noreg i august og blir til midten av desember. RESILIENT-prosjektet er finansiert av Direktoratet for utviklingssamarbeid (NORAD) og har fått 18,5 millionar kroner i støtte.

Umuganda

Sosialt arbeid i Rwanda, Tanzania og Uganda er avhengig av lokalkunnskap for å identifisera og ta i bruk effektive tiltak. Det finst ingen "one-size-fits-all"-løysing på utfordringar i Aust-Afrika.
– I Rwanda har me ein veldig sterk frivilligkultur, kalla umuganda, omsett som «samfunnsarbeid». Det starta som ei lokal greie, men har utvikla seg til ein nasjonal praksis den siste laurdagen i kvar månad. Under umuganda bygger me veg, skular og ryddar opp i lokalsamfunnet. Kva som blir gjort avheng av behovet. Det er eit kraftig verktøy som kan brukast til å møta mange utfordringar, seier Bimenyimana.

– Doktorgradsstudentane er ei framifrå gruppe, og me trivst med å ha dei her ved fakultetet vårt. Dei utfordrar oss med perspektiva sine, og dei gir oss mykje erfaring i internasjonalt samarbeid. Universitetet i Agder er eit samskapingsuniversitet, og dette er eit godt døme, seier professor Nilsen.

RESILIENT-prosjektet vil halda fram fram til 2026, og samarbeidet mellom universiteta har allereie ført til nye felles forskingsprosjekt.