Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Samarbeid med UiA for å kapra dei skarpaste hovuda

No tilbyr 60 bedrifter internships for UiA-studentar. Bedrifta Egde Consulting meiner samarbeidet er ein gyllen sjanse for næringslivet til å behalda aktuell kompetanse i regionen.

Jørn Bøch og Renate Ommundsen frå bedrifta Egde Consulting
Jørn Bøch og Renate Ommundsen i Egde Consulting meiner eit internship er den beste rekrutteringsmåten for å kapra dei beste teknologihovuda på Agder. Alle foto: Damares Stenbakk

– Det er ein tøff marknad å rekruttera i no, samtidig som det er mykje spennande som skjer på Agder innan teknologi. Då er internship inngangen.

Det seier Renate Ommundsen, leiar for menneske og kultur i Egde Consulting i Grimstad.

Nyleg møtte fleire regionale bedrifter opp på Universitetet i Agder (UiA) for å få meir informasjon om internship og fordelar det har for både bedrifter og studentar.

Desse var påmelde under samlinga

Encryptia, Swiftner, Forsta, Bravida Noreg, SinPro, Norkart, Norce, Egde Consulting, National Oilwell, Fair Deal, Elkem, HMH, Apidari, Fibo, SLB, Davidhorn, Paral Dynamics, Future Green Group, Veidekke Entreprenør, Kitron, Dagfin Skaar, UiA ColaB og Solkraft Sør.

Byggja opp Agder

– Vi vil byggja regionen, vera oppdatert innanfor det nyaste i teknologi og visa studentane kva næringslivet held på med, seier Ommundsen om internship-samarbeidet med UiA.

Ein internship eller praksisplass varer over fleire månader. Der får studentane jobba i ei bedrift med relevante oppgåver ut frå utdanninga dei tek, anten på bachelor- eller masternivå. Du får 10 eller 15 studiepoeng samtidig som du byggjer erfaring og får ein fot innanfor arbeidslivet.

I denne omgangen rettar internship-samarbeidet seg mot UiA-studentar i ingeniør- og IKT-utdanninga (informasjons- og kommunikasjonsteknologi).

 Utfordrar oss

Renate Ommundsen, leiar for menneske og kultur i Egde Consulting. 

Etter fem år i bransjen ser Ommundsen at dette er ein smart måte å kapra gode kandidatar på. Bedrifta blir godt kjend med studenten, mens studenten får utfordra bedrifta til å tenke kreativt.

– Vi får høyra kva dei gjer under studia ved UiA, som vi kan dra nytte av. Og dei tilfører kontorlandskapet positiv energi og utfordrar oss på korleis vi løyser ulike arbeidsoppgåver. Det gjer at vi må tenke nytt, seier ho.

Jørn Bøch er dagleg leiar i Egde Consulting. Han understrekar:

– Dei er med på å utvikla løysingar for kundane våre, og blir aldri sette til side for å gjera forefallande arbeid eller liksom-oppgåver.

Studentsuksess

Bedrifta Egde Consulting har fleire suksesshistorier der studentar har kapra fast jobb. Ifølgje Ommundsen startar det ofte med at studentar sjølv tek kontakt med dei for eit samarbeid med bacheloroppgåva.

– Deretter får dei sommarjobb. Ofte går dei vidare til ei mastergrad og får eit internship undervegs. Ved sida av studiane får dei også ei deltidsstilling. Det endar i fleire tilfelle med fast jobb hos oss, seier ho.

140 internships

I fjor fekk over 70 studentar på UiA høve til praksis i ulike bedrifter. Fleire vart tilbodne fast jobb i etterkant. I år er målet å få til 140 studentar til 60 ulike bedrifter.

Vikas Thakur er dekan ved UiAs Fakultet for teknologi og realfag. Han er oppteken av at denne ordninga skal vera eit kvalitetsstempel på kompetansen til studentane når dei trer inn i arbeidslivet.

Dekan Vikas Thakur meiner at eit internship er ei viktig bru mellom UiA og næringslivet.

Framover skal næringslivet involverast endå tettare i både studiar og forsking på UiA, ifølgje Thakur:

– Involverer vi dei i det vi gjer, har dei høve til å påverka oss. Samtidig får vi ein sjanse til å påverka dei. Når vi gjer det, ser vi at studentane får jobb, og studiane våre blir populære når vi tilpassar oss arbeidslivet, seier han.