Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

RFID – Raskt Fritt Individuelt og Direkte på biblioteket

Boklån vert raskare, enklare og sikrare for UiA-tilsette og studentar. Universitetsbiblioteket på Campus Kristiansand tek i bruk ein ny måte å låne og levere bøker på – og det innebærer meir sjølvbetening.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Kim Hansen frå leverandøren (foran med øyre-mobil) viser UB-ansatte korleis RFID-systemet virker: Frå venstre Reidar Bjorvatn, Odd Ottesen, Åse Vikse, Lone Bak, Anne-Åse Kallhovd og Roger Fromreide - som stiller eit spørsmål som krevjer full konsentrasjon av alle.

Dei UB-tilsette har gått hyllelangs og klistra inn RFID-brikker i bøker og filmar i heile sommar. Her er det Kirsti Larsen og Reidar Bjorvatn som tar ei brikke-økt.

Dei UB-tilsette har gått hyllelangs og klistra inn RFID-brikker i bøker og filmar i heile sommar. Her er det Kirsti Larsen og Reidar Bjorvatn som tar ei brikke-økt.

RFID-brikka som vert limt inn i boka gjer ikkje mykje av seg.

RFID-brikka som vert limt inn i boka gjer ikkje mykje av seg.

Bibliotekavdelinga på Campus Grimstad har hatt RFID sidan åpninga i 2010. Der har dei førebels berre ein automat til å låne. I Kristiansand vil ein òg kunne nytte automatane til å levere.

RFID står for Radio Frequency IDentification - meir om det på snl.no:  

Raskare og betre

– Det går mykje raskare for lånarane, og vi får betre kontroll med utlåna, seier prosjektleiar Roger Fromreide.

Tidlegare har ein registrert utlån og retur med strekkodane bak på bøker og filmar. Men no vil dei aller fleste innehalde ei RFID-brikke.

Dei gamle strek-kodane er nettopp det - gamle. Forelda...

Dei gamle strek-kodane er nettopp det - gamle. Forelda...

Teknologien er vel utprøvd. Vi kjenner han mellom anna frå busskort og autopass-brikker i bilar. Fleire høgskule- og universitetsbibliotek har gått over til RFID, og til dømes Kristiansand folkebibliotek.

Hugs kortet

- Den store fordelen, både for lånarane og dei bibliotektilsette, er at ein slepp å skanne ei og ei bok, men kan registrere fleire på ein gong. Ein må berre hugse å ta med lånekortet, det vil seie student- eller tilsettkortet, seier Fromreide.

Dei bibliotektilsette har i heile sommar «brikka» bøker og tidsskrift i hyllene. Kvar bok er henta frå hylla, har fått RFID-brikke og blitt skanna inn i registeret – og satt tilbake i hylla. To tilsette har jobba på lag i totimers økter. Det er hardt arbeid, om ei ser for seg alle hyllemetrane med bøker og tidsskrift i UB-samlinga.

Rask til å finne fram gøymde skattar

RFID gjer det òg lettare å spore dokument som er feilplassert.

 - Tidlegare har vi brukt auga for å skanne hyllene, men no har vi fått eit apparat som gjer jobben for oss. Det gir større uttelling og går raskare, seier prosjektleiar Roger Fromreide.

Ein låne- og returdemo med Reidar Bjorvatn:

Første valg på touch-screenen er om ein vil låne eller levere. Reidar vil låne.

Første valg på touch-screenen er om ein vil låne eller levere. Reidar vil låne.

Student- eller ansatt-kortet settast i lesaren, som lyser raudt.

Student- eller ansatt-kortet settast i lesaren, som lyser raudt.

Scannaren lyser opp i grønt. Kontakten er oppretta.

Scannaren lyser opp i grønt. Kontakten er oppretta.

Legg boka på scannaren, som registrerar RFID-dataene.

Legg boka på scannaren, som registrerar RFID-dataene.

Jobben er gjort - kvitteringa kjem. Ta vare på ho - kvitteringa er eit fint bokmerke, til dømes. Ikkje minst fordi dato for forfall og innlevering står der...

Jobben er gjort - kvitteringa kjem. Ta vare på ho - kvitteringa er eit fint bokmerke, til dømes. Ikkje minst fordi dato for forfall og innlevering står der...

Boka er lest - nå skal ho leverast tilbake.

Boka er lest - nå skal ho leverast tilbake.

Reidar veljer retur-knappen på touch-screenen.

Reidar veljer retur-knappen på touch-screenen.

Bøkene plasserast på scannaren. Ved innlevering kan scannaren lese fleire bøker på ein gong.

Bøkene plasserast på scannaren. Ved innlevering kan scannaren lese fleire bøker på ein gong.

Scannaren lyser raudt når han identifiserar bøkene frå RFID-brikka.

Scannaren lyser raudt når han identifiserar bøkene frå RFID-brikka.

Skjermen viser kvar bøkene skal plasserast - her går to i direkteretur i vogna, mens to skal innom tralla og ei sjekk av bibliotekarane. Kanskje står ein ny lånar og tripper etter meldinga frå UB om at boka er klar til henting.

Her går bøkene rett i vogna - før dei blir sett tilbake på hylla.

Her går bøkene rett i vogna - før dei blir sett tilbake på hylla.