Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Religion i koronaens tid

Noreg står i den største krisa sidan 22. juli, men til forskjell frå 2011 er religiøse leiarar nærast fråverande i den nasjonale samtalen.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Kristiansand domkirke, foto
– Fellesskapen og dugnaden er klart til stades, men ikkje på det nasjonale, allmenne planet som etter terroråtaka, skriv kronikkforfattaren om kyrkja. Foto: Knut Arne Gjertsen

Denne kronikken ble først publisert i Fædrelandsvennen 23. mars.

Religionsvitarar har lenge vore samde om at religion og religiøsitet ser annleis ut no enn for femti år sidan. Det spelar ei minkande rolle i styre og stell, presten er ikkje den han ein gong var, stadig færre deltek i møte og gudstenester, og for mange er religion og tru irrelevant, for ikkje å seie irriterande.

Likevel tydar det ikkje at religion og tru er borte. Religionssosiolog Peter Berger si forventing frå syttitalet om at religion vil forsvinne har blitt grundig gjort til skamme, han har til og med gått tilbake på utsegna sjølv, men religiøsiteten har skifta form.

Grace Davie og Nancy Ammerman er blant religionsvitarane som dei siste tjue åra har løfta fram såkalla kvardagsreligion. I staden for å forstå religion som det som går føre seg i gudshus og blir forkynt av religiøst leiarskap, studerer ein heller korleis religion er relevant i, nettopp, folk sin kvardag.

I Noreg har mellom anna Pål Repstad sett på korleis kyrkjerom vert nytta til konsertar og kunstutstilling, Liv Ingeborg Lied og Dag Øistein Endsjø utforska religion i populærkultur og Arild Romarheim undersøkt religiøsitet i norske vekeblad.

Kanskje litt sjølvmotseiande er òg religion i krisetider eit tema innanfor kvardagsreligionsforsking, sidan det er mange døme på at religion vert viktig for folk nettopp i kriser. Rosehavet utanfor domkyrkja i Oslo og Den norske kyrkje si sentrale rolle i beredskaps- og sorgarbeidet etter 22. juli er eit velkjend døme, analysert av mellom andre religionssosiolog Ida Marie Høeg og teolog Birte Nordahl. Statskyrkja, då, vart ein samlande institusjon i den situasjonen, men kva rolle tar religion no i krisa rundt Covid-19?

Nokre aktørar har vore like skuffande som dei har vore føreseielege. Dei fleste fekk med seg at den kristne fjernsynskanalen Visjon Norge i slutten av februar sa ein kunne verne borna sine mot koronasmitte mot ei gåve på 2020 kroner. Dette fekk heldigvis eit etterspel. Andre utspel går derimot meir under radaren, som tilbodet massasjestudioet Din Harmoni sende ut sist veke om ein aromamassasje som nøytraliserer virus. Til 780 kroner for 60 minutt.

Der er mange tiltak også globalt, som heldigvis ikkje er så spekulative. Facebook-sida til religionsvitskap ved Universitetet i Oslo har vore eit interessant avbrekk i kvardagen dei siste vekene, med regelmessige oppdateringar om ulikt korona-nytt frå heile verda.

Det er riktig nok uheldig at den gresk-ortodokse kyrkja først slo fast at korona ikkje kunne smitte gjennom nattverden og difor haldt fram med gudstenester som vanleg. Samstundes oppmoda den russisk-ortodokse kyrkja til å ikkje kysse ikon no framover.

Mange ønskjer å hjelpe, men møter på utfordringar. Den russisk-ortodokse kyrkja, igjen, såg seg nøydt til å avlyse ei rekke prosesjonar mot korona, nettopp på grunn av frykt for koronasmitte. Min personlege favoritt, derimot, eit intervju frå den 15. mars der den katolske nonna Maria Katharina Perry i New Jersey gjev råd om korleis ein kan takle det å leve avstengd frå andre. Slik vert religiøse erfaringar til bruk for ålmenta!

Her i Noreg verkar dei religiøse hovudretningane derimot å ha teke ei meir avmålt rolle, også til samanlikning med 2011. Religiøse møte er sjølvsagt utsett, med unnatak av vigsler og gravferd. Sosiale tiltak er forsøkt oppretthaldne, og mange gjer mykje lokalt arbeid. Men nasjonale samlingspunkt eller fellesskap uteblir.

Eit fysisk samlingspunkt som Oslo domkyrkje og rosene utanfor er sjølvsagt uaktuelt på grunn av smittefare, men der er likevel fleire andre fellesskap no som omgår avstand og separasjon. Til dømes applausen for helsearbeidarar og anna beredskapspersonell som har gått frå balkongar og terrassar kl. 18 denne veka, eller kong Harald sin tale til folket 15. mars. Kor er religionen og dei religiøse leiarane?

Det einaste nasjonale utspelet eg har fått med meg er oslobiskop Kari Veiteberg sitt intervju i nyhendemorgon på NRK førre veke, der ho gjekk inn for å trygge og trøyste i ei usikker tid. Ho snakka så lågt, mjukt og nesten påtvingande roande at sambuaren min måtte slå av radioen.

Men elles har det vore stille. Eit raskt søk på nettsidene til ulike trussamfunn syner at dei hovudsakleg vektlegg å oppretthalde aktivitetane sine på mest mogleg vanleg måte samstundes som dei overheld smittevernreglane, samt sosiale tiltak i nærmiljø og globalt. Fellesskapen og dugnaden er klart til stades, men ikkje på det nasjonale, allmenne planet som etter terroråtaka.

Det ser ut til at trussamfunna no har nok med å sjå til seg sjølve før dei prøver å samle nasjonen. Eller kanskje har religion rett og slett blitt mindre relevant i 2020? Dei religiøse leiarane ser uansett ut til å ta ein mindre profilert plass i den nasjonale krisehandteringa denne gongen.