Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Rektor opna rom for tru og tanke

Det er meir enn eit bønnerom og meir enn eit stillerom. Rom for tru og tanke på UiAs Campus Kristiansand skal vere eit rom der truande og ikkje-truande kan finne fellesskap.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Rektor opnar Rom for tru og tanke
Rektor Sunniva Whittaker (i midten) gjer ei omvendt snorklipping og knyter to snøre saman for å markere opninga av Rom for tru og tanke ved UiA. Frå venstre: Liv Mørland (Forum for tru og livssyn), Rinmei Esperanza Skjefstad (student og sotozen-buddhist), Thoi Lam (buddhistlærar), rektor Sunniva Whittaker, Benedicte Nordlie (leiar for studentsamskipnaden i Agder) Rebekka Haukelid (nestleiar i Kristiansand kristne studentlag), og Erland grøtberg (studentprest på UiA).

– Rom for tru og tanke legg ikkje føringar for kva du skal tru – eller om du skal tru. Hit kan du kome for å tenke, og for å vere i fellesskap. Her kan du løfte blikket frå det kvardagslege.

Det sa rektor Sunniva Whittaker da ho opna Rom for tru og tanke på Universitetet i Agder (UiA) den 3. mars.

Saman med ho på markeringa var representantar frå ulike grupper som vil ta rommet i bruk – frå Studentsamskipnaden i Agder til Forum for tro og livssyn og buddhistlærar Thoi Lam som regelmessig leiar meditasjonar på rommet.

– Uansett om vi er studentar eller tilsette treng vi å finne ro, stabilitet og harmoni i kvardagen. Vi er veldig takknemlege for at vi kan bruke dette rommet og kultivere merksemdsenergi som gir oss konsentrasjon og innsikt i kvardagens problem, sa Lam under opninga

Mangfald på UiA

Forum for tru og livssyn samlar trussamfunn og foreiningar innan kristendom, islam, hinduisme, buddhisme og humanisme. Liv Mørland representerte organisasjonen på opninga, og sa ho håpa at rommet blir mykje brukt.

– Kanskje jagar vi gjennom livet utan nok stoppestadar som kan gje oss ro til å tenke nye tankar. Alle inntrykka rundt oss kan ta merksemda bort frå dei djupare laga i oss. Eit stille rom for tru og tanke er eit godt tiltak for universitetet, sa ho.

Også leiar for Studentsamskipnaden i Agder, Benedicte Nordlie, snakka om at UiA treng eit slikt rom. Ho framheva korleis rommet viser mangfaldet på universitetet.

– Ein av dei spennande tinga ved eit universitet er at vi alle er forskjellege. Dette er ei måte å vise at vi er eit universitet som legg til rette for mangfald, sa Nordlie.

Opna med ei knute

Tru mot intensjonane om mangfald markerte rektor opninga av rommet ikkje ved å klippe ei snor, men ved å knyte to snører saman.

– Kvardagen kan vere stressande, og for den mentale helsa til den einskilde er det viktig å ta ein pust i bakken og tenke andre tankar. Eg er glad for at dette rommet blir tatt i bruk, sa Whittaker.

Rom for tru og tanke ligg i andre etasje i F-bygget på Campus Kristiansand (F2 033). Like ved finn du også eit stillerom og ein lounge.